"Den nære fortida 4" er ferdig frå trykkeriet.

Tysdag kom dei nye bøkene i Uskedalsserien "Den nære fortida" frå trykkeriet. Trioen Ståle Eik, Bjørn Ove Sunde og Knut Steinsletten var mottakskomite saman med underteikna. Raskt og effektivt fekk dei tre kartongane med bøker inn på lager slik at det blei problemfritt denne regnfulle dagen. Eit raskt gjennomsyn...

Les meir

Produkter

Medlem Bedrift
3500 kr
Er di bedrift med og støttar arbeidet til uskedalen.no, vil ein og få mykje att.
Medlem Privat
200 kr
For å kunne drifte Uskedalen.no, er vi avhengig av medlemmar i Uskedal Utvikling. Det kan betalast til k. nr. 1503.39.82329 eller du kan vippse til 512870.

Porten til Hardanger

Bygdeutviklingsprosjektet lyste ut ei uformell tevling om det beste mottoet for bygda. Det skal nyttast i all PR- og profileringsverksemd heretter. Reaksjonen var heller liten. Det tolka vi som eit varsel om at det motto vi for vår del likte best også er det klårt beste – Porten til Hardanger.

Vi får med andre ord støtte i det syn at det er her i Uskedalen det historiske skillet går mellom Hardanger og Sunnhordland. Vi sit bokstaveleg tala midt i porten! Dessuten bur vi midt i Kvinnherad! Mottoet vart difor nytta i den første ”offisielle” publikasjon som Bygdeutviklingsprosjektet kom med, den nye brosjyra som vart spreidd i området. Her på heimesida er mottoet sjølvsagt og nytta. Mottoet har toppa ein etterkvart nokså omfattande PR-offensiv for Uskedalen.

Kvifor ynskjer vi så å profilera Uskedalen sterkare?

Fordi vi meiner vi bur i ei bygd med slike unike kvalitetar at vi bør bli fleire og at fleire bør vitja oss. Natur-ramma med heile spekteret frå fjord til fjell ligg der og ventar. Fritidstilbodet er også svært godt. Lagslivet har noko å frista med for alle. Førebels er det ikkje er så mange arbeidsplassar i sjølve Uskedalen, men det er praktisk å bu her og jobba ein annan stad. Fleire nye og spanande prosjekt peikar mot ein klår auke i folketalet. No er vi rundt rekna 1.000.

  • Kven er Uskedal Utvikling?
    Uskedal Utvikling vart skipa i 1989 med det føremål å fremja samarbeid og utvikling i bygda.
  • uskedalen.no
    Uskedal Utvikling er ansvarleg for drifta av den dugnadsbaserte nettsida uskedalen.no - DENNE NETTSIDA
  • Gamleskulen og Kafe 10'aren
    Uskedal Utvikling står for drifta av Gamleskulen og kafe 10'aren i Gamleskulen