Framsida
Uskedalen Utvikling
Tilbod i Uskedalen
Lag og organisasjonar
Bilete
Historisk stoff
e-post til oss
Annonsering
Tradisjonsstoff
Nyhende arkiv
Søk
 
Kontakt oss
Kontakt oss:
Ola Matti Mathisen
Tlf nr:99 37 13 25
Kontonr: 3460 07 52350
Redaksjonelt samarbeid
Husnesnett.no

Kva vil Uskedalen Utvikling?

Klikk på bilete for full storleik
Mai i Uskedalen (Foto: Ola Matti Mathisen)
 
Uskedalen Utvikling vart skipa i 1989 med det føremål å fremja samarbeid og utvikling i bygda.Laget skal arbeida for eit allsidig næringsliv og eit godt og aktivt bumiljø.UU skal søkja samarbeid med kommunale organ og andre lag i bygda. Det er høve for firma, lag/organisasjonar og einskildpersonar til å teikna partar.

 
 
 

UU har eit høgt aktivitetsnivå og har i seinare år lagt hovudvekt på Bygdeutviklingsprosjektet.

Prosjektet var organisert i fem komitear: Sentrumsutvikling, næringsutvikling, kultur/turisme/informasjon, friluftsliv/ turvegar og lokal matproduksjon.

 

Prosjektet hadde med desse sakene og heldt fram  med dei:

 
  • Heimesida uskedalen.no, som kom i ny utgåve frå juli 2006 og  i 2007  var heilt oppunder 1.300 unike besøk i døgnet.  Heimesida  er no skilt ut som  ein sjølvstendig einheit direkte underlagt styret i UU.
  • Ny skiltplan for bygda. Dei nye skilta kom på plass i april.
  • Opparbeiding av ny badestrand i Stølavikjo. 
  • Eldrekafe i gamleskulen, vart opna i september 2007
  • Dugnad på og merking av turstigar i nærområdet.
  • Arbeid med næringstiltak: Gardsturisme og småskalaverksemder,
  • Guida turar opp gjennom dalen og til Skorpo.
  • Arbeid med opparbeiding av rasteplassar på sentrale stader. Området ved gamleskulen har vore prioritert så langt og rasteplassen her vart fullført i 2007.
  • Samla profilering og marknadsføring av større arrangement.
  • Samarbeid med og høyringspart for Kvinnherad kommune om kloakkplan,  kommunedelplan og andre aktuelle planar.

Ved sida av partnarskap blir verksemda finansiert gjennom kontingent og annonsar på heimesida. Kontingentsatsane er 300 kroner for lag og firma og 150 kroner for einsklildpersonar.

 

Vi vonar at du vil vera med og yta til bygdefellesskapet!

 
 
 
 
 
Klikk på bilete for full storleik
Panorama over Uskedalen. (Foto: Knut A. Myklebust)
 
 
  Tilbake

 
Siste Nyhende
Hylla den norske rettsstaten
Les meir[17.05.2012]

Truleg 500 i ny togrute
Les meir[17.05.2012]

17. maiprogram tilpassa veret
Les meir[16.05.2012]

Nynorsk frå skulestart
Les meir[16.05.2012]


Teljar
Sponsorar
Utvikla av iDrift AS