 |

Kva vil Uskedalen Utvikling? |  | | Mai i Uskedalen (Foto: Ola Matti Mathisen) |
| | | Uskedalen Utvikling vart skipa i 1989 med det føremål å fremja samarbeid og utvikling i bygda.Laget skal arbeida for eit allsidig næringsliv og eit godt og aktivt bumiljø.UU skal søkja samarbeid med kommunale organ og andre lag i bygda. Det er høve for firma, lag/organisasjonar og einskildpersonar til å teikna partar.
| | |  | | Gunnar Myklebust er ny leiar i Uskedalen Utvikling |
I styret sit no Gunnar Myklebust (leiar), Jane Haaranes, Reidar Myklebust, Magne Huglen og Anita Ænes. Jan Erik Olsson er varamedlem. | | | UU har eit høgt aktivitetsnivå og la i 2007 hovudvekt på Bygdeutviklingsprosjektet. Prosjektet var organisert i fem komitear: Sentrumsutvikling, næringsutvikling, kultur/turisme/informasjon, friluftsliv/ turvegar og lokal matproduksjon. | | | Prosjektet arbeidde i 2006 mellom anna med desse sakene og heldt fram med dei og andre i 2007: | | | - Heimesida uskedalen.no, som kom i ny utgåve frå juli 2006 og i 2007 var heilt oppunder 1.300 unike besøk i døgnet. Heimesida er no skilt ut som ein sjølvstendig einheit direkte underlagt styret i UU..
- Ny skiltplan for bygda. Dei nye skilta kom på plass i april.
- Opparbeiding av ny badestrand i Stølavikjo.
- Eldrekafe i gamleskulen, vart opna i september 2007
- Dugnad på og merking av turstigar i nærområdet.
- Arbeid med næringstiltak: Gardsturisme og småskalaverksemder,
- Guida turar opp gjennom dalen og til Skorpo.
- Arbeid med opparbeiding av rasteplassar på sentrale stader. Området ved gamleskulen har vore prioritert så langt og rasteplassen her vart fullført i 2007.
- Samla profilering og marknadsføring av større arrangement.
- Samarbeid med og høyringspart for Kvinnherad kommune om kloakkplan, kommunedelplan og andre aktuelle planar.
Ved sida av partnarskap blir verksemda finansiert gjennom kontingent og annonsar på heimesida. Kontingentsatsane er 300 kroner for lag og firma og 150 kroner for einsklildpersonar. | | | Vi vonar at du vil vera med og yta til bygdefellesskapet! | | | Styret i Uskedalen Utvikling | | |  | | Panorama over Uskedalen. (Foto: Knut A. Myklebust) |
| | | | | |
| |
 |