 |

ENGLAFJELL frå Fet | Turkart
Folgefonna nasjonalpark.
| | | |
Start- og sluttpunkt
Frå parkeringsplassen følg Rv 48 ca 300 m over brua til vegkryss med skilt til Musland. Langs den flotte steingarden som høyrer til Kapteinsgården ca 100 m til krapp sving til venstre. Merkinga startar ved gardsløa i svingen.
| | | |
Parkering
Gamleskulen i sentrum. Stor parkeringsplass med informasjonstavle for Uskedalen.
| | | |
Merking
Informasjonstavle ved startpunktet ved løa.
T-merka med skilt og vardar.
| | | |
Gradering
Svart, 4 støvlar etter DNT-system.
| | | |
Høgdeforskjell
10 – 1200 moh
| | | |
Tidsbruk
7 timar
| | | |
Gode råd
Skogsvegen i starten av turen kan vera litt blaut.
Sjå også rutebeskrivelse for alternativ rute 'Englafjell frå Eik' som opnar for ein fin rundtur.
| | | |
Omtale
Frå starten ved gardsløa, gå vegen forbi gardstunet, og inn på grasbeite opp til skogsveg. Følg skogsvegen ca 300 m. Ta deretter av mot venstre og følg merkinga gjennom tett granskog og etter kvart noko bratt. Over tregrensa får vi ein praktfull utsikt som vert betre og betre etter høgare vi kjem. | | | | | | | |
| |
 |