 |

 | | Porten til Hardanger over Beinavikjo (Foto: Ola Matti Mathisen) |
| | | Porten til Hardanger Bygdeutviklingsprosjektet lyste ut ei uformell tevling om det beste mottoet for bygda. Det skal nyttast i all PR- og profileringsverksemd heretter. | | | Reaksjonen var heller liten. Det tolka vi som eit varsel om at det motto vi for vår del likte best også er det klårt beste: PORTEN TIL HARDANGER. Vi får med andre ord støtte i det syn at det er her i Uskedalen det historiske skillet går mellom Hardanger og Sunnhordland – vi sit bokstaveleg tala midt i porten! Dessuten bur vi midt i Kvinnherad! | | | Mottoet vart difor nytta i den første ”offisielle” publikasjon som Bygdeutviklingsprosjektet kom med, den nye brosjyra som vart spreidd i området. Her på heimesida er mottoet sjølvsagt og nytta. Mottoet har toppa ein etterkvart nokså omfattande PR-offensiv for Uskedalen. | | | Kvifor ynskjer vi så å profilera Uskedalen sterkare? Fordi vi meiner vi bur i ei bygd med slike unike kvalitetar at vi bør bli fleire og at fleire bør vitja oss. Natur-ramma med heile spekteret frå fjord til fjell ligg der og ventar. Fritidstilbodet er også svært godt. Lagslivet har noko å frista med for alle. | | | Førebels er det ikkje er så mange arbeidsplassar i sjølve Uskedalen, men det er praktisk å bu her og jobba ein annan stad. | | | Fleire nye og spanande prosjekt peikar mot ein klår auke i folketalet. No er vi rundt rekna 1.000. | | | | | | | |
| |
 |