Uskedal Skulemusikk |
 | | Skulemusikken spelar i kyrkja - julekonsert 2007. (Foto: Ola Matti Mathisen) |
|
| |
 | | Den kjende tubaisten Pål Magne Austnes skal samarbeida med skulemusikken på nyåret. |
|
| |
Uskedal skulemusikk Uskedal skulemusikk vart skipa 1969 som arvtakar etter Uskedal gutemusikk som slutta av i 1966. Første åra hadde korpset janitsjarbesetning, men minkande medlemstal gjorde at det på årsmøtet i 1986 vart bestemt at korpset skulle leggja om til brassband-besetning. |
| |
Sjølv om det har vore skiftande medlemstal, har aktiviteten i korpset vore jamnt god. Sviktande medlemstal gjorde at ein i nokre sesongar samarbeidde tett med nabokorpsa i Omvikedalen og Herøysund. |
| |
Medlemstal og tilbod Dei seinare åra har medlemstalet vore stabilt på i overkant av 20. Korpset består dette året av 19 unge og svært lovande musikarar. Aldersspennet på musikantane er frå 9 -19 år. I tillegg har korpset i år 7 aspirantar. Dei er elevar i kulturskulen. |
| |
Korpset har dei siste åra gjort seg bemerka ved at dei har hatt mange deltakarar på NMF sine sommarkurs. Korpset sine medlemmer har også gjort seg positivt bemerka både på Karmøy Brassfestival og på andre festivalar. |
| |
Korpset har eit tett og godt samarbeid med Rosendal skulekorps, Samarbeidet har dei seinare åra bestått av samarbeid om NM-deltaking, større konsertprosjekt og turar. Konsertopplegga med trompetisten Frank Brodahl (”Gonna fly now”), våren 2008, og med tubaisten Pål Magne Austnes og slagverkaren Stian Villanger (”Ungt Blod”), våren 2009 vart kjempesuksessar både publikumsmessig og musikalsk. |
| |
For å gje musikantane eit betre musikalsk tilbod har korpset denne sesongen engasjert Marius L. Torjusen som hjelpedirigent. I tillegg har to av dei eldste musikarane, Birgitte Hjelmeland og Vegard Døssland, enkeltimar kvar veke med dei yngste medlemmene i korpset. Begge desse tiltaka har vore særs vellukka og nødvendige. Anders Christensen er inne i sin tredje sesong som dirigent for korpset. |
| |
Gjennom god undervisning, musikalske utfordringar og sosiale tiltak er skulemusikken eit godt fritidstilbod til dei unge i bygda. Her kan ein trygt seia at dei lærer for livet. Dei får med seg noko som dei vil ha både nytte og glede av seinare. |
| |
Musikalsk mannskap 2009/2010: Dirigent : Anders Christensen Hjelpedirigent: Marius L. Torjusen Trombone og støttespelar: Bjørn Naterstad |
| |
Kornettar/flügelhorn: Vegard Døssland, Kaja Døssland, Eirin R. Kjærland, Sondre S. Myklebust, Lars A. Sæbø, Frida Nybakk, Merete Myklebust og Martin Yri Røssland |
| |
Althorn: Birgitte Hjelmeland, Anine Enes og Ann Helen Rød |
| |
Euphonium/baryton: Lene S. Myklebust, Andrea H. Lunde og Marita Kjærland. |
| |
Tuba: |
| |
Slagverk: Stian S. Myklebust, Katrine Y. Røssland, Sindre Aksnes og Bente Halvorsen. |
| |
Aspirantar: Sindre Ullebust Feet, Harald M. Lekva og Sunniva Myklebust(kornett), Anna Zofia Fonn og Stine Soldal (althorn), Mia S. Myklebust og Emilie Bringedal(baryton) |
| |
|
| |
|
| |
|
| |
|
| |
Tillitsvalde m.m.: Styret: Monica T. Storevik, Marit Stensletten, Anne Jorunn Kjærland, Anne M. Aksnes, Birgitte Hjelmeland (musikarrepr.) og Vegard Døssland (musikarrepr.) Utsendingar til bingo: Anne Kjersti Lunde. Uniformsforvaltar: Gro Hjelmeland. Instrumentforvaltar: Steinar Naterstad. Rekneskapsansvarleg: Randi Nybakk |
| |
|
| |
Øvingstid: Kvar tysdag kl.18.00 – 20.00 i Aktivitetshuset. |
| |
Seminar: Korpset plar å ha minst eitt helgeseminar kvart halvår Då leiger ein inn unge og dugande instruktørar. Av og til reiser ein vekk på seminar. Dei fire siste åra har korpset delteke på Karmøy Brass festival, og det har vore ein suksess. |
| |
Korpset har og eit samarbeid med slagverkaren Frank Jakobsen. Han vert nytta som instruktør på inspirasjonssamlingar for trommisane i skulekorpset. Dette har vore særs vellukka og på nyåret er det planlagt ei ny samling. |
| |
Turar: Vanlegvis har korpset ein avslutningstur på sesongen, og elles reiser ein på turar i samband med ulike arrangement. Sist sesong vart avslutta med ein kjempekjekk tur til København. I tillegg til to vellukka opptredenar baud turen på mange flotte opplevingar. Etter tusenårsskiftet har korpset m.a. vore på turar til Oslo (2 gonger, NM og Festival), Tusenfryd, Bø Sommarland (Festival), Stavanger (NM), Kongeparken, Bergen, Tysvær, Karmøy, Kinsarvik, Vossafestivalen og nokre turar i Sunnhordlandsregionen. |
| |
Musikantar i fleire samanhengar: Rosendal Musikklag har eit godt tilbod til dei eldste i korpset som ønskjer å utvikla denne hobbyen vidare. Då får dei mellom anna delta både i NM og Siddis. Bjørn Naterstad(trombone), Vegard Døssland(kornett), Birgitte Hjelmeland(horn) og Sindre Aksnes(slagverk) spelar med Rosendal Musikklag denne sesongen. Fleire av musikarane spelar og i ensemble. I tillegg hjelper dei til musikalsk når Uskedal Musikklag vert samla til spelingar. |
| |
HUBB: Vegard Døssland og Bjørn Naterstad er teken opp i Hordaland Ungdoms Brassband (HUBB) og har byrja på sin tredje sesong sesong i dette kretskorpset.. Skulemusikken har mange flinke, unge musikantar så det er godt håp om at fleire etter kvart slår følgjer med dei. |
| |
Bingo: Kvar onsdag kl.19.00 i Helgheim, i samarbeid med ungdomslaget. Dette er største inntektskjelda til korpset. Andre inntektskjelder er kvart år: basar, førjulslotteri, støttemedlemsskap og gåver/tilskot. |
| |
Aspirantopplæring: Som elevar i kulturskulen. Tilbod vert gjeve til elevar i 2., 3. og 4. klasse i mars månad. Søknadsfrist i kulturskulen er vanlegvis 1.april. Aspirantperioden er vanlegvis eitt år. Etter det kjem dei inn i korpset, men det er vanleg at dei i tillegg held fram som elevar i kulturskulen. |
| |
|
| |
|
| |
 | | Medlemmene i skulemusikken ser fram til å samarbeida med Rosendal skulekorps også denne sesongen. Biletet er teke i samband med Brodahl-prosjektet våren 2008. |
|
| |
|
|
|