Framsida
Uskedalen Utvikling
Dette er Uskedalen
Porten til Hardanger
Gamleskulen
Aktivitetshuset
Det skjer i Uskedalen
Turstiar
Overnatting
Bilete
Historisk stoff
e-post til oss
Lag og organisasjonar
Annonsering
Tradisjonsstoff
Nyhende
Søk
 
Kontakt oss
Kontakt oss:
Ola Matti Mathisen
Tlf nr:99 37 13 25
Kontonr: 3460 07 52350
Redaksjonelt samarbeid
Husnesnett.no

Ein av landets beste båthamnar

Klikk på bilete for full storleik
 
Uskedal Båtlag har ein av landets beste båthamnar.
I 2008 kom den på tredjeplassen i tevlinga om den
mest populære gjestehamn i Noreg
- etter Helgøysund Marina i Rogaland og Husnes.
 

I 2010 var talet på gjestebåtar over 1.000 og ei utviding på utsida av moloen har gjeve auka kapasitet i dei siste sesongane.

 
Påskestemning i hamna til Uskedal Båtlag

Det heiter i føremålsparagrafen at føremålet til laget er å byggja og driva

småbåthamn i  Uskedalen og selja diesel til medlemmar og besøkjande.

.

Alle kan bli medlemmar av båtlaget og i 2007 låg medlemstalet på 110.

Båthamna ligg godt skjerma for vinden både frå sør, nord og aust. Moloen tek normalt av for vestavinden.

Vaskerom

Hamna har 107 båtplassar og 15-20 av dei står til disposisjon for gjester utanfrå, også i ferietida om sommaren.

Prisen for leige av plass i eit døgn er 100 kroner og i tillegg kjem 50 kroner hvis ein også vil ha straum.

Uskedalen har eit framifrå tilbod med omsyn til båthamnar. Ved sida av Uskedal Båtlag si hamn ligg Øyro Marina (til høgre på biletet). Vertshuset og SPAR oppe til venstre og Rabben Feriesenter oppe til høgre.

Båtlaget har eige hus der det er tilgong til dusj, vaskerom med tørketrommel og toalettar.

Det er utplassert boss-containar i hamneområdet.

Leon Gundersen har vore hamnevert i mange år og fortener ein takk for godt arbeid.

Frå¨sommaren 2008 er båtlaget sitt område trådlaus internett-sone.

Styret i båtlaget i 2011:Foran sit Harald Erdal og Endre Nilsen. Bak står Gunnar Leite, Espen Eik og Trond Lekva Myklebust.

100 meter frå hamna ligg daglegvarebutikken SPAR med eit

velassortert utval av varer og dessutan bank, post og tipping.

Opningstid til klokka 21 om kvelden.

Ved kaia ligg også vertshuset Systrene Nilsen som opnar i påska

og har ope i sommarssongen.

 

Det er  ei fin badestrand 200 meter unna. I samme område ligg skulen

med mange leikeapparater og grusbane.

 

Diesel kan kjøpast døgnet rundt frå  kortpumpe. 

 

Dei som no sit i styret for Uskedal Båtlag er Harald Erdal (formann, tlf. 957 86223),

Gunnar Leite, Endre Nilsen, Trond Lekva Myklebust  og Espen Eik.

Frode Ludviksen er kasserar, men sit ikkje i styret.

Vara: Jan Henrik Hansen og Øystein Koløy..

  

Også i år satsar båtlaget på kjekke ungdommar som driv bilettsal og

yter god service i hamna.

 
Klikk på bilete for full storleik
 
 
  Tilbake

 
Siste Nyhende
Matgleder på Feet
Les meir[04.02.2012]

Sundagsskule på laurdag framleis sant
Les meir[04.02.2012]

- Ikkje lovleg vilkår av Vegvesenet
Les meir[03.02.2012]

Stor lokal brøyteinnsats
Les meir[03.02.2012]


Teljar
Lenkjer
Utvikla av iDrift AS