Søk
 
Kontakt oss
Kontakt uskedalen.no:
Tips til redaksjonen
E-post: uskedalen.no
Kristian Bringedal
Tlf nr:915 31 487
Svein Rimestad
Tlf nr:911 09 868
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Kontakt Uskedal Utvikling
E-post
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Bli medlem
Årspriskr 200.-
Kontonr. 1503 39 82329
Last ned giro
VIPPS 512870
- - - - - - - - - - - - - - - - - -
Nettsider frå Uskedalen
Festidalen
Uskedal Idrettslag
Uskedal elveeigarlag
Aktivitetar i Uskedal

Kafe Tiaren

Klikk på bilete for full storleik
 
Kafe Tiaren har ope kvar tysdag kl. 11 - 14
 


 
 
MENY

KAFFIkr10.-Påfyllkr5.-
KAKEkr10.-   
TEkr10.-   
RUNDSTYKKEkr10.-   
JUICEkr10.-   
 
 
 
  Tilbake

 
Lesarbilete
Notisar
14.04.2021
5. - 7. steget til Rosendal - framlegg frå K.direktøren.
Saka om Oppvekstkår i Kvinnherad startar i Levekårsutvalet  21.april og går vidare via F.skapet ( 20. mai ) til K.styret ( 27. mai ). Kommunedirektøren rår til å overføra 5. - 7. steget til Rosendal og la 1. - 4. klasse halda fram i Uskedalen. Barnehagen vert vidareført i Uskedalen som i dag. Det vert innleia forhandlingar med Dønhaug Gardsbarnehage om overtaking/samanslåing. Uskedalen.no kjem tilbake med utfyllande informasjon. Jfr. postlista sak: 2020/1228.

kb
13.04.2021
Utset møte i Arkiv- og kulturhistorisk gruppe ei veke.
Den andre samlinga i Arkiv- og kulturhistorisk gruppe var tenkt å vera torsdag i denne veka. Steg 1 i gjenopninga gjeld frå fredag 16. april. Difor går det ut ny melding om ny samling: Torsdag 22. april kl. 19.00 på Stemneplassen. Ta kontakt dersom du vil vera med i gruppa. E-post: kristian.bringedal@gmail.com 

kb
11.04.2021
Korona-ros til Spar Uskedalen.
Fleire har teke kontakt og meiner vi må rose SPAR Uskedalen for måten dei minner kundane om å halde smittevernreglane.  Ikkje berre brukar betjeninga munnbind, men gratis munnbind har også vore plassert ved handsprit-doseraren ved inngangen.  Svært tydelege og viktige signal, rosar fleire lesarar.

tid
10.04.2021
Innspurt i SPLEISEN til ungdomslaget!
SPLEISEN som styret i Uskedal ungdomslag starta for å skaffa midlar til drift av ungdomshuset Helgheim og hytta Fjelly ved Mannsvatnet har blitt ein suksess.  Siste 10 dagane har det komme inn over 22.000 kr, og resultatet er i skrivande stund på 37.751.  Til saman har 77 givarar bidrege.  Dei fleste er naturleg nok privatpersonar, både bygdefolk og andre, men nokre firma har også i høgste grad bidrege til det solide resultatet med rause gåver.  No er det berre to dagar att, og kanskje er det framleis fleire som vil støtta det gode tiltaket?  Dei som ønskjer det, finn SPLEISEN HER.

tid
10.04.2021
Uskedalsjenter med inspirasjonsfilm til koronatrøtte.
Mange av oss er nok ganske så koronatrøtte, men det gjeld å halda motet oppe. Då kan det vera godt å få nokre tips til motivasjon.  Amalie Hovden Rød og Camilla Ripel Myklebust som går siste året på breiddeidrettsfaget ved KVV har derfor laga ein kjekk inspirasjonsfilm med gode tips til korleis vi kan halda oss i aktivitet.  Eg anbefaler filmen for alle, og dei som er abonnentar på Kvinnheringen.no, kan sjå den ved å klikka HER.

tid
08.04.2021
Covid - 19 melding.
Med bakgrunn i smitte på Peppes Pizza bed kommunelegen deg vera merksam på symtom og dermed testing, dersom du var der laurdag 3. april mellom kl. 12.00 til kl. 17.00.

kb 
07.04.2021
Remi Onarheim - ny leiar i Uskedal Utvikling.
Remi Onarheim er vald til ny leiar i Uskedal Utvikling. Med i styret er: Egil Myhre, Oddbjørn Kroka, Gunn Mari Moberg og Andreas Tarberg. Varamedlemer. Berit H. Døssland, Elisabeth Rosseland og Jan Erik Olsson. Revisorar: Hans Reidar Kjærland og Leon Gundersen. Rekneskapsførar er Alf Hjønnevåg. Han bed om fritak og bed om at styret finn ein ny kandidat i hans plass.

kb
06.04.2021
Årsmøte i Uskedal Utvikling, onsdag 7. april kl. 19.00.
Det er tillyst årsmøte i Uskedal Utvikling i morgon, onsdag 7. april kl. 19.00 i Gamleskulen. Årsmøtesaker: Årsmelding frå styret, Kafe Tiaren og nettsida uskedalen.no, rekneskap, handlingsplan, årspengar 2021 og utleigeprisar og val. Uskedalen.no er klar for overgang til ny plattform.

kb
04.04.2021
Svært mange støttar SPLEISEN til ungdomslaget.
Berre sidan 1.april har det komme inn tett på 11.000 kr til SPLEISEN som ungdomslaget har oppretta til drift av ungdomshuset Helgheim og hytta Fjelly ved Mannsvatnet.  Til no er det komme inn 26.551 kr frå 63 rause givarar og framleis kjem det stadig inn nye gåver.  De kan støtta den gode saka ved å gå inn HER.

tid
03.04.2021
Elins Matglede, Uskedalen, ope i dag kl. 11 - 16.
Elins Matglede er open i dag, påskeafta, frå kl. 11 til 16. Der kan du mellom anna kjøpa god karamell ostekake. Spring og kjøp.

kb
Siste Nyhende
14.04.2021
Høyringsuttale 9 - frå Elevrådet ved Uskedal skule.
Høyringsuttale 9 kjem frå Elevrådet ved Uskedal skule. Elevrådet har særleg merka seg formuleringar i planen og kva som vert sagt i videoen. Mange utsegner stemmer ikkje og Elevrådet tilbakeviser det dei meiner ikkje er sant. Elevane er nøgde med skulen og ynskjer å halda på dagens struktur. Les kva Elevrådet ved Uskedal skule skriv:
13.04.2021
Ungdomslaget takkar for god støtte. TUSEN TAKK !
Vi i styret til Uskedal Ungdomslag ynskjer med dette å takka alle som har støtta innsamlingsaksjonen vi har hatt gåande på Facebook (Spleis) og Vipps den siste månaden. Ikkje i vår villaste fantasi såg vi for oss at vi skulle få ein slik fantastisk respons til støtte for drifta av Helgheim og Fjelly. Til saman har vi fått inn kr. 38 851,- på Spleis og ca. kr. 4500,- på Vipps/bankkonto. Summen er eit resultat av støtte både frå bygdefolket, lokale firma, utflytta uskedelingar, folk frå andre deler av Kvinnherad, ferie-/hyttefolk – ja, eigentleg frå alle kantar.
13.04.2021
Arbeidet med gravstell og oppussing av gravminne aukar i omfang.
Kjetil Bondhus saman med Anne Marie Monsen driv Bondhus Monumentservice. Kjetil, som mange kjenner frå snøggbåtane til Nordled og no ferja på Sydnes, starta firma i 2017. For eit år sidan gjekk dei saman i eit eige AS. Anne Marie står for tinging av blomar, planting og tilsyn. Kjetil monterer og restaurerer gravminne. I Uskedalen kan det vera borti 10 nye gravminne i året. Så kjem all oppussing med reinsing, ny skrift, nye namn og lakkoverflate.
12.04.2021
Strykemerke med nynorsk tekst på russedressen.
Kvinnherad mållag gjer som i fjor, spanderer strykemerke med nynorsk tekst på russedressen. Av 100 russ kjem 11 frå Uskedalen. Alle har høve til å melda si interesse på Facebook Kvinnherad mållag og det vert tinga strykemerke med nynorske slagord tilpassa aldersgruppa og det å vera russ.
11.04.2021
Russerevy måtte avlysast, men oppfordring til støtte.
Koronasituasjonen har gjort det vanskeleg for russen ved KVV halda i gang den kjekke tradisjonen med russerevyar.  Då revyen var innøvd og billettsalget godt i gang, måtte revyen i mars først utsetjast til 16. og 17.april. No har russen innsett at den ikkje let seg gjennomføra, og dermed var einaste utveg å avlysa årets revy.  Trist for oss publikummarane som hadde gledd oss til dette, men aller tyngst for ungdommane som skulle oppleva dette høgdepunktet i russefeiringa frå scenen.
10.04.2021
Artikkel om fiskaren Alice Roseth Eik i landsdekkande avis.
Fiskeribladet, som er ei landsdekkande avis med over 22000 lesarar, skriv heile to sider om Alice Roseth Eik (gift Helleberg ) frå Lofotfiske i år. Alice hoppa av frå arbeid i helsesektoren og vart fiskar. Saman med mannen, Kurt Inge, er dei begge på Lofoten i kvart sitt farty. Dei kjem frå Ølberg i Sola kommune. Det er sjette gongen dei er på Lofoten. Uskedalen.no har tidlegare skrive om bestemora, Eli Roseth Eik, som var med som barnevakt for oldebarnet på 19 månader. 
09.04.2021
Vårenes vakraste skieventyr til Ulvanoso i helga.
Den årlege skituren frå Tveitedalen til Ulvanoso går sundag 11. april. Turleiar er Kjell Yri og Jarle Røstbø. Frammøte ved Ternebu kl. 09.30. Turen vert rekna til vanskegraden middels. Det er gode vermeldingar og med nysnø dei siste dagane, kan deltakarane rekna med å få oppleva vårens vakraste skieventyr til toppen på 1246 meter over havet. Denne turen samlar til vanleg deltakarar frå heile Sunnhordland.
09.04.2021
Høyringsuttale 8: Frå Monica Helen og Remi A. Onarheim
Ekteparet Monica Helen og Remi A. Onarheim skriv uttale i saka om oppvekstkår i Kvinnherad. Familien er etablert i byggefeltet Ospelunden der dei har starta arbeidet med bygging av ny einebustad. Remi er nyvald leiar i Uskedal Utvikling. Fråsegna skildrar kvardagen for par som vil bu i Uskedalen. Då er skule- og barnehagetilbodet ofte avgjerande i vurderande om ein vel Uskedalen eller ei anna bygd som sin heimplass.
08.04.2021
Uskedal Utviking med tilpassa drift i koronaåret 2020.
Årsmeldinga 2020 til Uskedal utvikling syner ei drift prega av restriksjonar. Dette er mest synleg med omsyn til drifta av Kafe Tiaren, som ikkje har vore i drift sidan nedstenginga for vel eit år sidan. Arbeidet med renovering av Gamleskulen held fram. Handikaptoalettet og oppusssing av eksisterande toalett er ferdigstillt. Det er enno noko arbeid som må gjerast i kjellaren før utleige og vanleg bruk.
Sponsorar
Sparebank 1 SR bank ASA
Spar
kvinnheringen
Gros Blomster
Brødrene Hjønnevåg AS
Kvinnherad Breiband
Uskedal Båtlag
Kvinnherad Vekstbedrift AS
Grenda
Tysnes Sparebank
Zjakk Frisørsalong
Eidsvik Eigedom AS
Rabben feriesenter
S. Rødsten Bilforretning A/S
Auto 88
Ospelunden
Stord Lufthamn
iDrift AS
Kvinnherad Breiband
Utvikla av iDrift AS