Framsida
Uskedalen Utvikling
Dette er Uskedalen
Porten til Hardanger
Gamleskulen
Aktivitetshuset
Det skjer i Uskedalen
Turstiar
Overnatting
Bilete
Historisk stoff
e-post til oss
Lag og organisasjonar
Annonsering
Nyhende
Søk
 
Kontakt oss
Kontakt oss:
Ola Matti Mathisen
Tlf nr:99 37 13 25
Kontonr: 3460 07 52350

Skulen før i tida

Klikk på bilete for full storleik
(bileteigar: Harald Sætre)

Skuletur til signingsferd

Dette biletet er frå ein skuletur skulen i Uskedalen og på Haugland hadde på 1950-talet. Truleg er det frå ein tur til Stord i 1957 i samband med signingsferda tgil Kong Olav. Til høgre ser vi lærarane Jon Holte og Sigurd Haugland. Elevane er frå venstre Torfinn Myklebust, Torkjell Stensletten (halvt skjult), Arvid Døssland og ein ukjend.

Slike skuleturer var årvisse og det vart nytta båttransport, som oftast med ei skøyte som var ledig. Den lengste turen Harald Sætre (som har sendt oss biletet) var med på, gjekk til Stend jordbruksskule i Fana.

 
Klikk på bilete for full storleik
(bileteigar: Harald Sætre)

Framhaldsskuletur på 1960-talet

Dette biletet viser elevane på framhaldsskulen i Uskedalen på klassetur til Haugesund i 1963/64. Lærar Peder Kjærland sit til venstre. Det var vanleg at han kvar vår tok klassen med på tur til Haugesund, der besøk i ein avisredaksjon var eit av høgdepunkta. På den tida heldt framhaldsskulen til i bedehuskjellaren. Biletet er teke om bord i MF Folgefonn på veg frå Sunde til Valevåg.

 
 
 
 
 
 
  Tilbake

 
Siste Nyhende
Kloringa av vatnet er over
Les meir[03.09.2010]

God båtsesong trass i alt: 1020 besøk ut august
Les meir[03.09.2010]

Barnearbeidet startar
Les meir[02.09.2010]

Gann på tokt til Kvinnherad
Les meir[02.09.2010]


Teljar
Lenkjer
Utvikla av iDrift AS