 | | Islendingar i arbeid i Børsdalen i juni 1952. Biletet er i samlinga til ungdomslaget |
Dei deltok i eit utvekslingsprosjekt i regi av ungdomslaget og plantinga fann stad i juni 1952. Lars P. Haugland var leiar for opplegget.
Denne sommaren hadde ungdomslaget her i dalen forresten tilskipinga av Hordastemna. Islendingane som då var på skogplanting her hadde programinnslag på stemna: Dei synte fram gliming, som er ei form for bryting.
At ungdomslaget gjekk føre i skogsaka var naturleg, for den var sterkt i skotet i organisasjonen. Saka var så viktig at det var ein eigen rubrikk for den i det standardformular laga skulle fylle ut kvart år. Der vart laget spurt om det hadde plantedag, om den gjekk føre seg på eigen planteteig eller korleis, kor mange som var med, kor mange plantar dei sette ut og om laget elles hade gjort noko til beste for skogsaka.
Uskedal Ungdomslag hadde ikkje eigen planteteig, men medlemmene var ofte med på planting hos private skogeigarar. Laget gjorde opptaket til og var med og planta på Døssland – det første plantefeltet i Uskedalen. Seinare var dei på Haugland og stelte til plantefelt der, står det å lesa i hundreårsboka til Kristian Bringedal.
Skogreisingsplanen for Kvinnherad var vedteke hausten før, etter at heradstyret hadde vald ei nemnd til å arbeida ut ein slik plan. Det var Lars P. Haugland som leia nemnda og han vart den første skogreisingsleiaren.
Planen gjekk ut på å tilplanta nær 50.000 dekar skogsmark på 50 år. Til det ville det gå med 20 millionar plantar eller 400.000 i året. Kostnaden vart sett til 3,5 millionar. Halvparten skulle dekkast av staten, 650.000 av grunneigarare og 1,1 million av kommunen. Det vart tilsett kulturgjengar i kvar bygd og dei vart løna av kommunen.
Interessa for skogplantinga var størst i perioden 1955/1960, då det vart sett ut over 300.000 plantar for året. Etter den tid dabba det litt, men det vart framleis sett ut over 200.000 plantar årleg. Sjølv om arbeidet låg litt etter planen, låg produksjonen på dei tilplanta felta svært høgt, skreiv skogreisingsleiaren i 1964. Dei låge prisane i dei siste åra svekte interessa for skogreising, mest hos dei som hadde furuskog ståande, Heller enn å hogga i skogen, tok dei seg arbeid utanom bruket.
Men nå står granskogen der, som ein åker......
Av Ola Matti Mathisen |