Søk
 
Kontakt oss
Kontakt uskedalen.no:
Tips til redaksjonen
E-post: uskedalen.no
Kristian Bringedal
Tlf nr:915 31 487
Svein Rimestad
Tlf nr:911 09 868
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Kontakt Uskedal Utvikling
E-post
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Bli medlem
Årspriskr 200.-
Kontonr. 1503 39 82329
Last ned giro
VIPPS 512870
- - - - - - - - - - - - - - - - - -
Nettsider frå Uskedalen
Festidalen
Uskedal Idrettslag
Uskedal elveeigarlag
Aktivitetar i Uskedal

Kaotisk i sentrum på 1960-talet

Klikk på bilete for full storleik
 
Vi har fått to nye ”historiske” bilete frå Harald Sætre. Dei er og tekne av han.
Fotografia er frå eit stemne – truleg misjonsstemne – som vart halde i Uskedalen sommaren 1963 eller 1964.
 

Bileta viser dei kaotiske trafikktilhøva det var i sentrum på den tida. Den gamle skuleplassen vart teken i bruk som parkeringsplass når skulen var stengt, og inn- og utkøyringa skjedde gjennom to skuleportar.

 

På denne tida var det mykje tilreisande arbeidsfolk i Kvinnherad, og bilen var på full fart til å bli allemannseige. Difor var det ofte trongt om parkeringsplass i sentrum då det var kinoframsyning i Helgheim, dans om laurdagen eller stemne i bygda. Og kino var det opptil tre gonger i veka.

 
Klikk på bilete for full storleik
 
 
  Tilbake

 
Lesarbilete
Notisar
31.03.2020
Elins Matgleder opnar i påsken for Ta med heim mat.
Elins Matgleder melder på Facebook at ho opnar for Ta med heim mat eller Ta med på tur mat. I Rosendal har ho ulike opningstider for mathenting og det vil alltid vera  pesonale på plassen. Telefon: Rosendal - 966 18 156. Opningstida i Uskedalen er slik: Palmelaurdag, onsdag i påskeveka og påskeafta: kl. 10.00 - 16.00. I silobutikken er det mange vakre gåveartiklar, som påskepynt, lys og serviettar.

kb
31.03.2020
Kvinnherad Sogelag utset Årsmøte 2020.
I ein e-post melder Kvinnherad sogelag at åremøte vert utsett inn til vidare. Årsaka er koronasmitten. Kvinnhersminne kjem ut til neste år, 2021. Dei som ynskjer å presentera artiklar med lokalhistoriske tema, kan kontakta Lars Jostein Rørvik på denne adressa: hofner@online.no

kb
31.03.2020
Ikkje påskegjester i bubilar og båtar.
Beredsskapsgruppa i kommunen vil ikkje at gjester i bubilar og båtar finn vegen til Kvinnherad denne påsken. Det, som er eit nasjonalt hytteforbod i anna kommune enn der du bur, kan også koma til å omfatta bubilar og båtar. Problemet er truleg ikkje stort i Uskedalen ettersom Rabben Feriesenter er stengd.

kb
30.03.2020
Briller funne
Ved Halsabrotet 81 er det funne nokre briller. Svart innfatning og sterke glas. Dersom du saknar brillene, kan du kantakte Harald Berg på mobil 915 20 325 for å få dei att.

hoø
30.03.2020
Stord Lufthamn permiterer og stengjer fram til 16. april.
Lufthamnsjefen, Jan Morten Myklebust, melde at Stord Lufthamn stengjer flypassen og permiterer tilsette, førebels fram til 16. april 2020.

kb 
29.03.2020
Uskedal Båthavn er stengd inntil vidare.
Uskedal Båthavn er stengd for vanleg bruk inntil vidare. Årsaka er koronaviruset. Stenginga gjeld Strandstova, toalett og dusjar. Slippen kan brukast. Vatnet er ope. Sjå plakat/skilting i båthamna. For spørsmål. Kontakt Jostein Hauso på mobil: 412 42 135 eller e-post: jostein.hauso@gmail.com

Styret
28.03.2020
Landbruksplan 2020 - 2025 er ute på høyring.
Landbruksplan for Kvinnherad 2020 - 2025 er lagt ut til ettersyn og høyring. Fristen for å koma med merknader er sett til 17. april 2020. Planen vert definert som ein Kommunedelplan og er etter vedtak bindande for kommunal landbrukspolitikk i åra framover. Merknader og innspel kan sendast til: post@kvinnherad.kommune.no

kb
27.03.2020
Jørn Øyrehagen Sunde: Guds skjønne døtre.
I kveld skulle den dyktige formidlaren Jørn Øyrehagen Sunde ha hatt eit program i Uskedal kyrkje.  Han har fleire gonger før hatt føredrag i kyrkja i barndomsbygda.  Kvar gong med fullsett kyrkje!  Denne gongen måtte det avlysast, men som ei restatning kan de høyre den interessante framlegginga hans om Guds skjønne døtre ved å klikka HER.

tid
27.03.2020
Kvinnherad Vekstbedrift, avd. Beinavikjo er open.
Kvardagar kl. 08.00 til kl. 15.30 er Kvinnherad Vekstbedrift, avdeling Beinavikjo open for trelast- og byggevarehandel. Laurdag: Stengd. Det er ei redusert opningstid i høve til slik det var før permitering. Meir informasjon og innlegg kjem seinare.

kb
26.03.2020
SpareBank 1-stiftinga Kvinnherad utset vårtildelinga.
Grenda melder i dag at SpareBank 1-stiftinga Kvinnherad utset gåvetildelinga, som nomalt skulle vore på denne tida. Årsaka er koronaviruset. Styret for stiftinga har hatt eit møte og innkomne søknader vert vurderte før ny melding kjem.

kb
Siste Nyhende
31.03.2020
Johannes Hjønnevåg startar dekksenter i Herskedalbygget på Husnes.
Alt onsdag 1. april opnar Johannes Hjønnevåg dekksenter i Herskedalsbygget på Husnes. Firma med namnet Dekkservice Vest vil ha eit komplett tilbod med mellom anna dekkskifte og dekkhotell. Sidan 2015 har Hjønnevåg med firma JH Service drive med dekk i Uskedalen. Med eit lite areal i garasje - og kjellarlokale vert alt no mykje betre.
31.03.2020
Troll og ugler i Kleivadalen og i lia ovom Ospelunden.
Kreative og fantasifulle tiltak i ei koronatid slår om seg. Mykje av dette er på nettet, men i skogen i Kleivadalen og i lia ovom Ospelunden finn vil troll, ugler og andre figurar montert i ei rot. Ein benk med fotskammel kom på plass i går og alt no er det valfarting av born og vaksne som vil sjå plassen og installasjonen.
31.03.2020
Fetivalsjefen ny dagleg leiar for Folgefonnsenteret.
Una Kolle ( 41 år ) er tilsett som ny dagleg leiar for Folgefonnsenteret. Ho er i dag dagleg leiar og innehavar av versemda Rein hudpleie. Una Kolle har også vore sjølvstendig næringsdrivande og sentral i drifta av Isrosa i Herøysundet. I Uskedalen er Una mest kjend frå arbeidet med Festidalen, dei siste åra som festivalsjef og styreleiar.
30.03.2020
Trekningsliste frå skulemusikk-basaren.
Det er mykje som må tilpassast i desse korona-tider.  Slik var det også for den planlagte skulemusikkbasaren med innlagt konsert.  Loddsalget var allereie i gang då det var klart at den ikkje kunne avviklast etter planen.  Dermed valde styret å halda fram med loddsalg over nettet, og på oppsett dato 25.mars var det klart for online-trekking.  Konsertedelen må venta til seinare høve.
30.03.2020
Hagemeisteren er klar for oppdrag i Uskedalen.
Gytis Marcisauskas frå Sunde driv firmaet Hagemeister. Fem menn har full ordrebok og tek på seg alle former for hagearbeid og vaktmeistertenester. Det kan vera trefelling, beskjering av tre og hekkar, tynning av buskar, planering og bortkøyrig av tre, greiner og overskotsmassar.
28.03.2020
Vil presentera prosjektet for Levekårskomiteen.
Prosjektgruppa for Aktivitetshus med klartresenter i Uskedalen bed om møte med Levekårskomiteen for å gje informasjon om mulighetsstudien og forprosjektet. Neste steg er reguleringsplan. Prosessen så langt har vore god, i dialog med kommune, skulen og organisasjonane. Lala Tøyen er rådgjevar og fagkunning i arbeidet med reguleringsplanen.
27.03.2020
Medlem i Eldrerådet, Magne Huglen, bed eldre ta kontakt.
Medlem i eldrerådet, Magne Huglen, fortel at han ikkje har blitt kontakta av folk som treng spesiell hjelp i pandemi-situasjonen, og at han håpar at ingen eldre brenn inne med spørsmål. Framleis er ikkje det nye styret i eldrerådet valt, men på Kvinnherad kommune sine heimesider er det sett ein digital møtedato for eldrerådet i starten av april.  
27.03.2020
Ikkje delegasjon til Formannsskapet likevel.
Kvinnherad kommunestyre hadde sitt fyrste møte på Teams i går kl. 17.00. Jostein Saghaug ( MDG ) sat heime i stova si og var med på det fyrste fjernmøte på nettet. Kommunedirektøren la fram ei ny innstilling der eit samla kommunestyret gjekk inn for å halda på møteforma og ikkje gje mynde til F.skapet. Neste møte vert alt torsdag 2. april. Det er uvisst kva tid Brannstasjonssaka kjem opp.
26.03.2020
80 år i mai og sel 40 - 50 bil- og båthengarar kvart år.
Sigurd Myklebust, snart 80 år, sel mellom 40 og 50 hengarar kvart år. God helse og ei unik interesse for bilfaget er mellom anna svaret på kvifor Sigurd sidan starten med bilverkstad på 1960 talet gjer det å godt. Kvinnherad Auto er eit firma frå 1967. Redningstenesta gjennom Viking vart frå 1. jan 2020 overdrege til Tor Paulsen AS i Odda. No driv Sigurd Myklebust eit Tysse agentur i tillegg til bilutleige.
Sponsorar
Kvinnherad Breiband
Tysnes Sparebank
Zjakk Frisørsalong
kvinnheringen
S. Rødsten Bilforretning A/S
Ospelunden
Gros Blomster
Brødrene Hjønnevåg AS
Stord Lufthamn
Eidsvik Eigedom AS
Sparebank 1 SR bank ASA
Kvinnherad Vekstbedrift AS
Grenda
Kvinnherad Elektro
Uskedal Båtlag
Kvinnherad Renhold service
Spar
Byggeriet
Solheim Turiststajson
Uskedal Røyr og Multiservice
Auto 88
Kvinnherad Energi AS
iDrift AS
Kvinnherad Breiband
Utvikla av iDrift AS