Framsida
Uskedalen Utvikling
Dette er Uskedalen
Porten til Hardanger
Gamleskulen
Aktivitetshuset
Det skjer i Uskedalen
Turstiar
Overnatting
Bilete
Historisk stoff
e-post til oss
Lag og organisasjonar
Annonsering
Tradisjonsstoff
Nyhende
Søk
 
Kontakt oss
Kontakt oss:
Ola Matti Mathisen
Tlf nr:99 37 13 25
Kontonr: 3460 07 52350
Redaksjonelt samarbeid
Husnesnett.no

Jordmor i 38 år

Klikk på bilete for full storleik
(Bilet-eigar: Reidar Myklebust)
 
Dette er Anna J. Myklebust frå Breim i Nordfjord, som var jordmor i Kvinnherad i 38 år og budde på Rabben i Uskedalen. Ho vart fødd i 1878 og faren var stortingsmann Jakob Myklebust.
 

Det var i 1906 ho kom til bygda vår etter å ha teke jordmorskulen og her vart ho gift med Gjert Myklebust, som døydde i 1919.

Då han hadde gått bort, vart det mykje å stå i med for Anna. Attåt jordmorarbeidet laut ho stå for styr og stell på den vesle garden, der ho også skulle stella fem ukonfirmerte born.

Men Anna greidde alt på ein framifrå måte. Ho heldt fram som jordmor til 1944 og var godt likt av alle. Då ho runda 70, heldt Uskedalen husmorlag ein gild fest for henne og gav henne ei gåve. Seinare fekk ho Kongens fortenestemedalje.

 
 
 
 
  Tilbake

 
Siste Nyhende
Matgleder på Feet
Les meir[04.02.2012]

Sundagsskule på laurdag framleis sant
Les meir[04.02.2012]

- Ikkje lovleg vilkår av Vegvesenet
Les meir[03.02.2012]

Stor lokal brøyteinnsats
Les meir[03.02.2012]


Teljar
Lenkjer
Utvikla av iDrift AS