Søk
 
Kontakt oss
Kontakt uskedalen.no:
Tips til redaksjonen
E-post: uskedalen.no
Kristian Bringedal
Tlf nr:915 31 487
Svein Rimestad
Tlf nr:911 09 868
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Kontakt Uskedal Utvikling
E-post
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Bli medlem
Årspriskr 200.-
Kontonr. 1503 39 82329
Last ned giro
VIPPS 512870
- - - - - - - - - - - - - - - - - -
Nettsider frå Uskedalen
Festidalen
Uskedal Idrettslag
Uskedal elveeigarlag
Aktivitetar i Uskedal

Før og no i uskedalen

Eit bilete seier framleis meir enn tusen ord og arkivet til ungdomslaget seier særs mykje om det som var, ikkje minst når ein samanliknar med dagen i dag. Det er det vi gjer i denne spalta. Foto teke frå same staden er særs illustrerande.

 
Klikk på bilete for full storleik
Holmebrua
 
Klikk på bilete for full storleik

* Holmabrua eksisterer ikkje lenger. Den gjekk mellom Neset og Flatholm og Olav Ivar Bringedal tok dette biletet i 1933. Brua vart erstatta av fylling og ny bru i 1988, slik at ein kunne kjøra over til Flatholm med bil. Dama på bilete er truleg Marta Jacobsen.

Jenta på bilete som er teke på samme staden er Karoline Neset. Det som slår ein, er at det var så lite vegetasjon før.

 
Klikk på bilete for full storleik
Sentrum
 
Klikk på bilete for full storleik

* Like etter 1960 var Normann også i Uskedalen og tok dette panoramaet mot sentrum frå Feet. Kyrkja er ikkje ombygd, det skjedde i 1965, I dag har det vorte meir vegetasjon også i dette området.

 
Klikk på bilete for full storleik
Uskedalselva
 

* Normann har også teke biletet av Uskedalselva frå brua, ein gong mellom 1935 og 1945. Holmen i elva, som var eit idyllisk innslag i landskapet, vart fjerna ved elveførbygginga på 1960-talet.

 
Såto
 

* Desse to bileta er teke frå Såta i Englafjell, det eine ein gong i perioden 1915/1925 og det andre i 2006.. Det er å beklage at kvaliteten på det gamle biletet ikkje er betre, men ein kan i det minste sjå dei einskilde gardane.

 
Cruiseskip gjennom Storsundet
 

* Det gjekk turistbåtar gjennom Storsundet før i tida og. I 1939 tok Bjørne Myklebust eit bilete medan ein turistdampar passerte. Den skimtast så vidt foran Skorpo. Det store spørsmålet er om det kanskje var ein spionbåt? Det gjekk mange tyske turistbåtar forbi Uskedalen like før krigen…..

No går det mange cruisebåtar forbi vår bygd til og frå Rosendal og på biletet som vart teke sommaren 2006 passerer ein av dei større.

 
Låvedans
 

*Då dei dansa på Døssland

No blir det dansa på Dønhaug både titt og ofte. Men eigentleg er det ikkje noko nytt at det blir dansa på gardane i bygda sjølv om det gjekk noko enklare føre seg i gamle dagar enn no. Det kan vi dokumentera ved hjelp av eit bilete frå ungdomslaget si fotosamling. Det er teke i 1930 og syner ung og gamal som svingar seg til tonene frå ein skikkeleg tutgrammofon.

Til venstre dansar Marie Haugland med Trygve, så følgjer Borghild og til høgre dansar Johanna Heggland med Knut Døssland.

 
Skårhaug
 

* Det gamle utsynsbiletet frå Skårhaug mot sentrum og Skorpo vart teke omkring 1920. Ein kan sjå at straumen er komen til Uskedalen. Utsynet frå samme staden i 2006 er rett og slett ikkje der. Kan nokon gjera noke med all vegetasjonen?

 
Uskedal Mjølkelag sitt hus
 

* Dette er Uskedal Mjølkelag sitt hus, Dei tok i mot mjølk der i perioden 1927/1931. Det var mjølkeutsal i kjellaren fram til flaskemjølka kom. Huset har vore nytta til ulike føremål, til dømes butikk, lager, skule og bustad. Ei tid var det fryserom med utleige av boksar. Frå 1. januar 1985 har Inger Lise B. Eidsvik hatt bruktbutikk i huset. Det gamle biletet frå ungdomslaget si samling er teke ein gong mellom 1940 og 1950.

 
Ved Kapteinsgarden
 

* Dette biletet er teke ved Kapteinsgarden. Hovudvegen gjekk gjennom gjennom denne bjørkealleen, som strekte seg frå Sjøhaugen til hagahyrna. Kapteinsgarden var ei tid pensjonat og vart då kalla Koren Dahls Pensionat. Den mørkkledde dama på biletet er Brita Døssland fødd Kjærland. Dama i ljos bluse var tenestejenta på pensjonatet. I dag er denne vegen ein idyllisk lokalveg.

 
Sandakaien
 

* Det gamle biletet av Sandakaien vart teke ein gong mellom 1905 og 1915. Jekta som ligg ved kaien vart kalla Sandajekto.

 
Solheim Turiststasjon
 

* Dette er Solheim Turiststasjon før og no. På det gamle biletet, teke mellom 1945 og 1950, ser ein Fridtjof Sunde sin bil. Det var også ei bensinpumpe der den gongen..

No er det Aslaug Lyse (dotter til Fridtjof) som driv Solheim saman med mannen, Henrik Lyse.

 
Bading på Holmen
 

*Sommaren 2006 har vore ein framifrå badesommar og det ynskjer vi å markera med desse to bileta, som er teke tilnærma på samme staden, frå holmen mot Neset. Fotograf var Nordahl og året var 1953 – då var det også godt badever. Biletet er teke to år før trebrua (lengst til høgre) vart erstatta med bru av betongelement. Det store sjøhuset sentralt i biletet er ikke mykje endra på vel 50 år.

 
Fjellandsbøvatnet
 

*I Fjellandsbøvatnet startar Uskedalselva og her har ikkje landskapet endra seg så mykje på 50 år, med unnatak av vegen og vegetasjonen. Biletet er teke av fotograf Nordahl i 1953.

 
vegen til Fjellandsbøvatnet
 

*På 1960-talet vart nyvegen fram til Friheim bygt og dette biletet av gamlevegen vart teke av fotograf Nordahl i 1953.

 
Johanebrekko
 

*Johanebrekko blir kneiken opp til Brekketoppen i sentrum av Uskedalen kalla og vegstandarden i 1953 og 2006 er som natt og dag. Knaika skal vera kalla opp etter ei Johana (eller Johanna?) som budde i eit lite hus til høgre når ein kjører oppover. Dette huset ligg no på andre sida av vegen, inntil Geilo. Også dette biletet er teke av fotograf Nordahl.

 
Fjellandsbøgardane
 

*Ved Fjellandsbøgardane er panoramaet like storslagent i dag som for eit halvsekel sidan, den einaste forskjellen er størrelsen på bjørka til høgre i biletet. Fotograf Nordahl tok det i 1953. Desse gardane låg den gongen i Skånevik kommune!

 
Gamleskulen på Haugland
 

*Haugland skule (Kvinnherad Skulemuseum) hadde ikkje mykje vegetasjon rundt seg då den vart bygt i 1893, men no er den godt skjerma av digre lauvtre og røslege granar. Den var skule for Haugland og Musland krins og vart ramma av sentraliseringsbylgja i 1966. Det gamle biletet heng på skulen, og er nok teke like etter at skulen vart opna.

 
Gjestiveri
 

* K. Nordahl tok mange bilete då han var i Uskedalen og dette biletet frå 1950-åra syner den flotte frukthagen nedanfor Uskedal Gjestgiveri. Der var det både epler, plommer og pærer.

På Brekketoppen ser ein det nye gjestgiveriet. Til høgre for vegen ligg eit hus som ikkje er der lenger. Der budde Fretsy og Bjarne Myklebust, Ho var jordmor og det var og legekontor der.

Biletet frå 2006 er teke frå Stølen.

 
Friheim
 

*På Friheim har mykje skjedd på dei siste 20 åra. No har Bjørg Inga og Kurt Eivind Miljeteig 60 mål dyrka mark, 35 storfe og 60 vinterfora sauer. Heile garden er nybygd og siste byggjesteg er ein 'fabrikk' for produksjon av gardsmat. Samstundes er det gamle eldhuset restaurert.

Det gamle biletet er truleg teke for 60-70 år sidan – det var før vegen kom. Kimen til Friheim vart lagt i 1815, då Johannes Kristoffersson Våge slo seg ned i Elvakrokjen og rydda plass der. Den heldt fram som plass under Fjellandsbø i 100 år. Først frå årsskiftet 1929/1930 vart bruket skilt ut som eigen matrikkelgard og samstundes ført over til Kvinnherad kommune frå Skånevik.

 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
  Tilbake

 
Lesarbilete
Notisar
18.02.2020
Mållaget skriv fråsegn til Skyss på rim.
Kvinnherad mållag skriv fråsegn til Skyss på rim. Fråsegna handlar om bruken av ordet Snøggbåt eller Hurtigbåt. Slutten på fråsegna lyder slik:
Kjære Skyss, som driv med slikt - ver no grei og gløgg: Lat båten gå når båten skal og lat han vera snøgg !

kb
17.02.2020
Brannvernet sikra tak på naust i Uskedalen.
110 sentralen melder kl. 16.35 på Twitter at Branntropp Uskedalen rykte ut for å sikra tak på naust. Det er BT som skriv dette i ein notis. Redaksjonen har ikkje meir å leggja til på noverande tidspunkt.

kb
17.02.2020
Meld inn endringar etter årsmøta.
Uskedal utvikling har eit tilbod på nettsida til lag og organisasjonar med informasjon om aktivitetar, styre, nemnder, utleige og medlemsskap. Meld inn endringar etter årsmøta for på den måten å få fram oppdatert og korrekt informasjon. Send til uskedalen.no@gmail.com

Red.

17.02.2020
Hugs årsmøte i Friluftslaget i kveld, måndag kl. 19.30.
Dette er ei påminning om årsmøte på Stemneplassen. Kvart medlemslag bør vera representert med sine to utsendingar. Møte tek til kl. 19.30.

Styret
17.02.2020
Hardangerfjordekspressen brukte Uskedalen som hamn i dag.
Med kuling frå sørvest og tung sjø valde Rødneruta sin båt Hardangerfjordekspressen å bruka Uskedalen som hamn mellom ruteavgangane i dag. Kl. 14.00 gjekk snøggbåten inn Storsund til Rosendal for avgang i ettermiddagsruta til Bergen. På Facebook vert det meldt at ruta sløyfer Os i dag på grunn av mykje vind og høg vasstand.

kb
16.02.2020
Harald scora igjen!
Harald Nilsen Tangen har gjort det godt i sesongoppkjøringa til Viking.  I kampen mot Jerv i dag teikna han seg igjen på scoringslista.  Ungguten scora 2-1 målet etter 36 minutt i ein kamp som Viking vann 3-2.  Johnny Furdal og Yldren Ibrahimaj scora dei andre Vikingmåla i ein kamp der Harald Nilsen Tangen var ein av fire spelarar som spela heile kampen.

tid
16.02.2020
Møteveke på Bedehuset, 19. til 23. februar.
Uskedal Indremisjon har møteveke på Bedehuset onsdag 19. til sundag 23. februar. Talar er Roald Evensen. Song ved Arne Edvard Meling. Onsdag og torsdag: kl. 19. Laurdag: Familiemøte kl. 16. Sundag: kl. 11.

Indremisjonen
16.02.2020
Nytt selskap registrert i januar.
Det er registrert eit nytt selskap i Uskedalen i januar 2020. Det er Dekkservice vest AS. Dekkservice driv med sal av dekk, felgar og andre bilrekvisita.

kb
15.02.2020
Medlemslaga i Uskedal Friluftslag.
Før årsmøte måndag 17. februar kl. 19.30 minner styret på kva lag som vert rekna som medlemslag. Uskedal skulemusikk, Uskedal indremisjon, Uskedal helselag, Uskedal idrettslag, Røysterett for Alle, Uskedal musikklag, Uskedal båtlag, Uskedal grunn- og elveeigarlag, Uskedal bondelag, Uskedal ungdomslag. Kvart medlemslag kan møta med to utsendingar på årsmøte.

Uskedal friluftslag
14.02.2020
Førehandssalet til påskedansen på Dønhaug er starta.
Førehandssalet til påskedansen med gruppa Gunslingers onsdag 8. april på Dønhaug er starta. Det er ei årleg storhending for alle glade dansarar der alle billettane vert selde på førehand.

kb
Siste Nyhende
18.02.2020
Gjenvalg av styret, men ny leiar.
Heile styret med varafolk vart attvalde, men det vart leiarskifte då Uskedal friluftslag hadde årsmøte i møtelokala på Stemneplassen måndag kveld. Ove Magne Myhre som har vore leiar i ei årrekkje takka for seg, og vart avløyst av ein annan friluftslagsveteran, Kristian Bringedal, i leiarvervet.  Myhre held fram som styremedlem.
17.02.2020
Pubkveld på Dønhaug med Tore Nordahl-Pedersen, fredag 21. februar.
Kom og høyr Pederen med bassen på Dønhaug, fredag 21. februar frå kl. 20.00. Det vert tradisjonell pubkveld i eit koseleg miljø med fyr på grua. Pederen med bassen er Tore Nordahl-Pedersen frå Os, men no busett i Uskedalen. Repetoaret er henta frå generen country og blues, frå Jonnhy Cash til J J Cale, poplåtar frå 1970 talet.
16.02.2020
Nokre bilistar køyrer på raudt ved lysreguleringa på Eikebrua.
Naboar og andre har registrert at nokre bilistar ikkje tek omsyn til lysreguleringa ved Eikebrua. Ved fleire høve vert det køyrt på raudt signal. Det er eit lovbrot på vegtafikklova som medfører ei bot på kr. 6.800,-. Lovbrotet skjer mest på natta, men også i den tida på dagen då det ikkje er arbeid på brua.
15.02.2020
Sigbjørn Rød med 25 år i Store Norske Kullkompani på Svalbard.
Sigbjørn Rød ( f. 1954 ) er den frå Uskedalen som verkeleg kan kalla seg gruvearbeidar. Alt som 22 åring i 1976 reiste han til Svalbard og fekk jobb i gruvene. Fram til 2005 var han reperatør, seinare tradisjonell gruvearbeidar. Han har vore på Svalbard i tre periodar og har vore innom tilsaman fem ulike gruver.
14.02.2020
Bruvedlikehaldet i Uskedalen går mot ferdigstilling.
Mekanisk bruvedlikehald på to bruer i Uskedalen går mot ferdigstilling. Brubekkebrua på Døsslandsida vart opna for køyretøy på dato 6. februar slik det var varsla. Om nokre veker reknar byggeleiar Melake Gebremichael i Fylkeskommunen med at Eikebrua er klar for trafikk i si fulle breidde. Han var sjølv på synfaring onsdag og er godt nøgd med MESTA og Haugland Maskin sitt arbeid.
13.02.2020
Nøyaktige målingar syner at det var høgare vasstand både i 1994 og 2015.
Nøyaktige målingar i Uskedalen syner at det var høgare vasstand både i 1994 og i 2015. Torgeir Øye har målt høg vasstand sidan 1990, tilsaman 12 registreringar. Det vert gjort i naustet hans i Korsnes. Alle måilingane er streka av inne på naustdørkarmen. Registreringane syner at det var 1,5 cm høgare flo 5. desember 1994 og 3,5 cm høgare 10. januar 2015.
13.02.2020
Septer og tiggarstav - temakveld i Uskedal kyrkje, fredag 27. mars kl. 18
Septer og tiggarstav – Magnus Lagabøter, fransiskanerne og Landsloven av 1274 er tittelen på temakvelden i Uskedal kyrkje fredag 27. mars kl. 18.00. Aktørane er Alf Tore Hommedal og Jørn Øyrehagen Sunde. Det vert musikalske innslag ved Uskedal Musikklag og kantor Eva Megyesi.
12.02.2020
Familiekonsert med Bjarte Leithaug i Kvinnherad kyrkje.

Laurdag 15. februar kjem Bjarte Leithaug til Kvinnherad. Han har spesialisert seg på famliekonsertar med born og ungdom som hovudaktørar. Singing Tweens frå Uskedalen vert med, men samlinga er open for alle som er fødde i 2013 og før det. Frammøte er kl. 13.00 for to timars øving. Konserten er kl. 16.00.
12.02.2020
Bygde veg og kortbaneflyplass i Svea på Svalbard.
Jarleiv Eikeland og Einar Tysdal frå Uskedalen var i Svea 1974 for entreprenørfirma G. Røssland på Husnes. Harald Opdal frå Tysnes og Nils Gunnar Markhus var også med. Dei budde i Uskedalen nokre år på den tida. Eikeland var med det eine året, Tysdal var oppe nokre sesongar til. Arbeidet i Svea var vegbygging frå lageret ved tunnelen fram til ny utskipingskai. Dessutan laga dei ein mindre demning og la ut massar til ein kortbaneflyplass.
Sponsorar
Solheim Turiststajson
S. Rødsten Bilforretning A/S
Kvinnherad Vekstbedrift AS
 grenda
Ospelunden
Gros Blomster
Auto 88
Stord Lufthamn
Uskedal Båtlag
Kvinnherad Breiband
Kvinnherad Elektro
Eidsvik Eigedom AS
Spar
Byggeriet
Elins Matgleder
Uskedal Røyr og Multiservice
kvinnheringen
Kvinnherad Energi AS
Tysnes Sparebank
Brødrene Hjønnevåg AS
Kvinnherad Renhold service
Zjakk Frisørsalong
Sparebank 1 SR bank ASA
iDrift AS
Kvinnherad Breiband
Utvikla av iDrift AS