Søk
 
Kontakt oss
Kontakt uskedalen.no:
Tips til redaksjonen
E-post: uskedalen.no
Kristian Bringedal
Tlf nr:915 31 487
Svein Rimestad
Tlf nr:911 09 868
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Kontakt Uskedal Utvikling
E-post
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Bli medlem
Årspriskr 200.-
Kontonr. 1503 39 82329
Last ned giro
VIPPS 512870
- - - - - - - - - - - - - - - - - -
Nettsider frå Uskedalen
Festidalen
Uskedal Idrettslag
Uskedal elveeigarlag
Aktivitetar i Uskedal

Fjelly

Klikk på bilete for full storleik
Ungdomslagshytta Fjelly med tilhøyrande naust i 1976 (Foto: Kristian Bringedal)
 
Uskedal Ungdomslags lagshytte Fjelly ved Mannsvatnet har ein spesiell posisjon i uskedelinganes hjarte. Knapt noko hus står dei så nær som det – nest etter heimen!

 

Det var eit storverk å få opp hytta i si tid. Det står vyrdnad og byrgskap av arbeidet, skriv Kristian Bringedal i ungdomslagssoga.
 
Klikk på bilete for full storleik
Ungdomslagshytta Fjelly frå tilnærma same vinkelen i 2006. (Foto: Magnhild Haugland)

Den fyrste som målbar tanken om ho var Dagny Tyse, som var frå Stord og lærar i Uskedalen. Saka vart drøfta på eit lagsmøte i 1917 og ei nemnd vart vald. I den satt Jonas Våge (formann), Sigurd Dønhaug, Harald Myklebust, Peder Musland og formann i ungdomslaget den gongen, Karl Eik.  

 

 

Nemnda gjorde eit godt arbeid og ikkje minst Våge gjorde ein god jobb. Han var frå Stavanger og arbeidsformann på hermetikkfabrikken i Beinavikjo. Våge samla inn pengar og fekk mellom anna alle på fabrikken til å gje ei daglønn kvar til hyttebygginga. Det var fem kroner, men mange gav sjølvsagt meir. Folk i bygda elles støtte også opp. Det kom og pengegåver frå andre bygder – og frå sommargjester frå Bergen.

 

Men Sjur Lote frå Haugesund gav mest. Han var arbeidsgjevar for fleire uskedelingar og ein stor avtakar av sauekjøt frå Uskedalen. Johannes Wang laga teikning og materialliste, materiala vart henta inn med skøyta Concord frå Haugesund Trelastforretning, og Wang kappa rette lengder.

 

Så var det ein stordugnad med å få alt til fjells. Med tunge bører kom dei heilt fram til Storhaug fyrste kvelden. Laurdagane utover sommaren i 1917 vart nytta til å få alt på plass. På Mannsvatnet vart alt lagt på flåte og drege langsmed land. Det var og Wang som leda arbeidet med å reisa hytta, men alt vart gjort av friviljuge. Skifertaket kom på plass året etter. Hellene vart køyrd til Haugland og alle som gjekk til fjells vart oppmoda om å ta med heller.

 

 

Etter krigen vart hytta ombygd, men interessa dala. Ei stund på femtitalet var interessa så liten at hytta sto til nedfalls og var ei tid like mykje ly for dyr som for menneske. Men Arne Terje Haugland gjorde ein stor innsats saman med ein god dugnadsgjeng på 1960-talet og berga storverket frå 1917. No vart det atter store flokkar som overnatta og brukte hytta.

 

 

Eit nytt stort løft var det då dei på 1970-talet bygde naust og fekk ny båt og nytt fiskeutstyr. Bjørn Ove Sunde var byggmeister for naustet.

 

 

Også i seinare år er det gjort mykje godt arbeid for å ruste opp hytta.

 

Av Ola Matti Mathisen

 

 

Klikk på bilete for full storleik
Fjelly slik ho var i 1917. Ståande frå venstre Agnes Døssland, Gunvald Bjelland (Sunde), Gerda Nygaard (Dimmelsvik), I glaset Emma Myklebust og Ivar Bringedal. (Frå 100-årsboka til ungdomslaget).
 
 
  Tilbake

 
Lesarbilete
Notisar
21.09.2019
Røysterett for Alle på korseminar i Skånevik.
Røysterett for Alle brukar helga til korseminar på hotellet i Skånevik. Nytt korstoff vert øvd inn. Instruktør er koret sin musikalske leiar, Maria Malmsten. Koret sine stemmeøvarar hjelper til. Røysterett for Alle skal mellom anna vera med på haustfesten i Ungdomslaget, laurdag 19. oktober.

kb 
19.09.2019
SpareBank 1-stiftinga med gåver til ålmennyttige føremål.
Søknadsfristen for tildeling av gåver til ålmennyttige føremål, hausten 2019, frå SpareBank 1-stiftinga Kvinnherad er 15. oktober. Mange gode tiltak har motteke midlar frå Kvinnheradstiftinga. Prosjekt, som før har fått avslag, kan søkja på nytt.

kb
18.09.2019
Godt billettsal til Jazz og Krim på Dønhaug, fredag 4. oktober.
Det er berre 20 billettar att til jazzkvelden fredag 4. oktober i Dønhaugkjedlaren. I Uskedalen er det nokre få billettar på SPAR, litt fleire på Kvinnherad Libris, Husnes, og på Rosendal Bokhandel. Det er venta at alle billettane vert selde.

kb
17.09.2019
Klart for idrettsmerketaking.
Mandag 23. september og mandag 30. september vert det idrettsmerketaking på Heio. Frammøtet begge dagar er kl.18, og dei ansvarlege håpar mange vil møta opp også i år.

tid
17.09.2019
Hobbydag på Singing Tweens i morgon kl. 17.
Onsdag 18. september kl. 17 vert det Hobbydag i koret Singing Tweens. Samlinga er på Bedehuset. Nye og tidlegare songarar er velkomne til å vera med.

Nelly
17.09.2019
Ros til konfirmantane og soknepresten.
- I helga var eg på eit kjempekjekt jubileumstreff for konfirmantar i Uskedalen.  Det vart avslutta med gudsteneste og festmiddag.  I gudstenesta vart årets konfirmantkull presentert. Det var verkeleg kjekt å følgja med på kor fint dei sat på dei 3 fremste benkene, og kor flott dei deltok i song og litturgi i gudstenesta. Ros også til sokneprest Reidar Ådnanes som registrerte dette og gav dei flotte ungdommane velfortent ros. Elles er det alltid kjekt å høyra Ådnanes både i tale og flott song, rosar ein av konfirmantjubilantane.

tid
15.09.2019
Mindre skriving på uskedalen.no i denne veka.
Sidan redaktøren er noko indisponibel og redusert i denne veka, vert det mindre skriving på nettsida. Dei som har innlegg eller viktige meldingar/ notisar, send til uskedalen.no@gmail.com .

Red.
15.09.2019
Liten plastbåt rek i land på Stølavikjo.
Ein liten lys - grå plastbåt ( gummibåt ) rek opp i fjæra ved Målanaustet i Stølavikjo i dag. Båten er sikra og dregen på land. Eigar kan henta båten der.

kb
13.09.2019
Det nye soknerådet i Uskedalen.
Desse er valde inn på fast plass i det nye soknerådet i Uskedalen: Sigmund Myklebust, Eli Roseth Eik, Kristian Bringedal og Liv Sæbø Eik. Varamedlemer: Hallgeir Snilstveit, Arne Møller, Einar Gjertsen, Kåre M. Rød og Frode Seim. Soknerådet vel sjølv leiar, nestleiar, skrivar og kasserar.

kb
13.09.2019
Musikklaget med klart NEI til vindmøller.
Uskedal musikklag har sendt høyringssvar der medlemmene seier eit klart nei til vindmøller i Kvinnherad.  Dei håpar også at mange andre lag gjer det same.  Lagslivet er eit viktig bidrag til at Kvinnherad er ein god plass å bu, og kan naturleg nok ikkje godta at den vakre naturen, som det viktige bidraget til god livskvalitet, vert rasert!  Vi kjenner også til at fleire av medlemmene sender eigne høyringssvar i tillegg.

tid
Siste Nyhende
20.09.2019
Sykelistar frå mange land med fast stopp i Uskedalen.

Syklelistar frå mange land har vore eit fast innslag i Uskedalen i sommar. Mest kvar tysdag i 11 tida kjem sykkelturistane innom Kafe Tiaren før turen går vidare på sør til ferja på Utåker. Det er reiseoperatøren Discowery Norway som sel og marknadsfører desse turane. Uskedalen.no har møtt fleire grupper i sommar, no sist to ektepar frå Melbourne i Australia.
19.09.2019
Klart for påmelding til haustfesten i ungdomslaget.

Den tradisjonsrike haustfesten i ungdomslaget vert i år skipa i Helgheim laurdag 19. oktober. Malen er slik det har vore dei siste fem åra, med program, mat og dans. Det vert lagt ut 100 billettar for gjester og frivillige på festen. Haustfesten vert definert som ein dugnadsfest der aktørar, som vert med på heile festen, og komitemedlemer også melder seg på og må betala halv inngangsbillett.
18.09.2019
Etterlyser originalfoto til dette motivet på DS CLUPEA.
Johanne Ø. Tvedten frå Sunnhordland Museum spør om nokon i Uskedalen kan ha originalen til dette bilete. Ho skriv og redigerer Sunnhordland Årbok og ynskjer å bruka bilete i ein artikkel. Mannen i uniform er stuert Svein Myklebust frå Uskedalen. Dessutan var nokre av mannskapet på fabrikkskipet DS CLUPEA frå Uskedalen.
17.09.2019
Uskedal Idrettslag toppar Grasrotlista.
Ni lag og organisasjonar i Uskedalen er ein del av Grasrotandelen frå Norsk Tipping. Bakgrunnen er at deler av tippemidlane går til frivillig arbeid. Kravet er at den som tippar, har registrert kva lag ein ynskjer løyvinga skal gå til. Organiasjonen må vera registret i Frivilligregiseret. Heile 145 lag i Kvinnherad får utbetalt midlar frå Grasrotandelen. Av desse er 9 lag frå Uskedalen.
15.09.2019
Konfirmantane 2020 vart presentert i kyrkja.
Dei nye konfirmantane vart presentert i kyrkja i går, sundag 15. september. Talet er 14 og Reidar Ådnanes vert presten deira fram til han sluttar og går av med pensjon i desember. På eit møte med konfirmantane og foreldra deira etter gudstenesta i går vart det orientert om konfirmasjonsførebuinga og evt. kva som vil skje i tida etter jul og fram til konfirmasjonen i mai månad.
15.09.2019
Ei minnerik helg for konfirmantjubilantane.
To minnerike dagar for konfirmantjubilanten er over. No er det to år til Soknerådet på nytt inviterer dei som vart konfirmerte for 50, 60, 70 og 80 år sidan, forenkla sagt. Sidan samlinga er 2. kvart år, vert det dobbelt opp av årsklassar. Den eldste konfirmanten i år var 80 års jubilanten, Kari Hermansen.
14.09.2019
Store og kreative tankar om eit klatre- og aktivitetssenter i Uskedalen.
Prosjektgruppa for Klatre- og aktivitetssenter i Uskedalen inviterte til ope møte torsdag i denne veka. Frammøte var godt og det kom fram kreative tankar om kven som er brukargruppa, om innhaldet, om plassering og ikkje minst om utsjånad og estetisk uttrykk slik bygget ligg samlokalisert med skulen i sentrum og tett i strandsona. Representantar frå kommune, fylkeskommune og SpareBank 1- stiftinga, Kvinnherad var med på møte. 
13.09.2019
Konfirmantjubileum og konfirmantpresentasjon.
I helga er alt klart for konfirmantjubileum og presentasjon av dei nye konfirmantane i Uskedal Sokn. Konfirmantjubileet vert gjennomført 2. kvart år der ein dennne gongen inviterer og samlar kulla frå 1948 og 1949, 1958 og 1959 og 1968 og 1969. Dette utgjer 70-, 60- og 50 års jubilantane. Eit av kulla samlast alt i kveld til uformelt samvære på Stemneplassen.
12.09.2019
Frå Uskedalen til vindkraftdemonstrasjon ved Stortinget.
Den tverrpolitiske markeringa mot vindkraft på land i Oslo sist helg samla over 1000 demonstrantar frå heile landet. I ei gruppe frå Kvinnherad på 20 personar var Uskedalen på plass med Marie Døssland, Astrid Døssland og Mona Vetrhus. Det var ei roleg og verdig markering med talar, appellar og kunstnarlege innslag.
Sponsorar
Kvinnherad Energi AS
Eidsvik Eigedom AS
Spar
Ospelunden
Gros Blomster
Stord Lufthamn
Uskedal Båtlag
Auto 88
Kvinnherad Breiband
Kvinnherad Elektro
Brødrene Hjønnevåg AS
Elins Matgleder
Uskedal Røyr og Multiservice
Solheim Turiststajson
S. Rødsten Bilforretning A/S
kvinnheringen
Kvinnherad Vekstbedrift AS
Tysnes Sparebank
grenda
Kvinnherad Renhold service
Zjakk Frisørsalong
Sparebank 1 SR bank ASA
Byggeriet
iDrift AS
Kvinnherad Breiband
Utvikla av iDrift AS