Søk
 
Kontakt oss
Kontakt uskedalen.no:
Tips til redaksjonen
E-post: uskedalen.no
Kristian Bringedal
Tlf nr:915 31 487
Svein Rimestad
Tlf nr:911 09 868
Vidar Haugland
Tlf nr:488 91 464
Hans Ordin Østebø
Tlf nr:907 56 032
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Kontakt Uskedal Utvikling
E-post
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Bli medlem
Årspriskr 200.-
Kontonr. 1503 39 82329
Last ned giro
VIPPS 512870
- - - - - - - - - - - - - - - - - -
Nettsider frå Uskedalen
Festidalen
Uskedal Idrettslag
Uskedal elveeigarlag
Aktivitetar i Uskedal

Historisk stoff og tradisjonar

Klikk på bilete for full storleik
Hermetikkfabrikken, nokre av arbeidarane i perioden 1915/1920
 

Arbeidet med å flytte den eineståande biletsamlinga til ungdomslaget over i den nye biletdatabase-serveren til kommunen er  godt i gong.

 

Vi skal etter kvart bringe mange godbitar frå samlinga og det ville vera fint om det kom gamle bilete også frå andre. Fleire opplysningar om dei bileta som vert lagt ut, er også særs velkomne.

Bruk mailadressa: uskedalen@knett.no.

 

Trykk på lenkjane under, eller sjå i margen til høgre.

 

Grunnlovsdagen

 

Kaotisk i sentrum

 

Skulen før i tida

 

Den første i Uskedalen.

 

Før og no i Uskedalen

 

Den siste passasjerbåten

 

Hermetikkfabrikken

 

Den populære lagshytta

 

Planting på 1950 talet

 

Sverre-ein matador frå Uskedalen

 

Bakeri i 35 år

 

Jordmor i 38 år

 
 
 
  Tilbake

 
Lesarbilete
Notisar
23.07.2018
Hundedagane 23. juli til 23. augut.
I dag startar Hundedagane som går fram til 23. august. Hundedagane  har sitt opphav frå det gamle Egypt og det knyter seg mange tankar til dagane, som det å kunna spå veret etter fyrste dagen, at personar som var drukna på sjøen flaut opp til overflata i hundedagane, om at mat oftare vart dårleg og at det var vanskeleg å kunna vispa krem i denne perioden. Har du tankar om Hundedagane ? Skriv og send til uskedalen.no@gmail.com

kb
22.07.2018
Jan Sunde tilbake i RunWay-Norway med bussturar.
Jan H. Sunde frå Uskedalen har starta RunWay - Norway på nytt. Han tilbyr to kjende bussturar i august/september. Det er ein 14 dagars tur til Rimini med avreise Bergen med Fjord Line 20. august. Neste tur går til Tyrol på Haust- og komlefest. Avreise 17. september. Kontakt Jan Sunde på 901 14 896 eller e-post: j-h-sun@online.no

kb
20.07.2018
Tverrelva Kraftverk er stengd ned.
Mange av småkraftverka i Kvinnherad er stengde ned grunna turre elvar og lite magasin. Dette gjeld også for Tverrelva Kraftverk på Haugland. Med stengd produksjon kan ein ikkje dra nytte av dagens høge straumpris.

kb
19.07.2018
Leppefiske er i gang.
Jostein Legland er fiskar på heiltid. Han har starta leppefiske med opning på landsbasis tysdag i denne veka. Legland har teiner ståande i Storsund og på nordsida av Skorpo. Leveringa er til oppdrettsnæringa.

kb
19.07.2018
Marit Sjøvangen på STATSRAAD LEHMKUHL.
Sjukepleiar Marit Sjøvangen frå Uskedalen er mønstra som medisinsk ansvarleg på seglskuta STATSRAAD LEHMKUHL og skal vera med på to etappar i The Tall Ships Race. Fyrste turen går frå Esbjerg til Stavanger. Neste tur går til Healingen i Nerderland. 65 skip er påmeld.

kb
17.07.2018
Rustne Menn til Huglo 28. juli.
Song- og musikkgruppa Rustne Menn skal ha allsongprogram på Huglo laurdag 28. juli. Framføringa vert på kaien ved Huglabutikken.  Motbakkeløpet Varden Opp vert skipa til same dagen.

kb
15.07.2018
Kristian Øvstebø vann Kvasshovden Opp.
Av 6 deltakarar i sin klasse vann Kristian Øvstebø Kvasshovden Opp i Ulvik, med tida 1.03.34. Nr. 2 fekk tida 1.09.35. Kristian er ein suveren vinnar og tida fortel litt om kor sterk løpar han er for tida.

kb
14.07.2018
Monsen passerte Eldbjørg og Lars langs stien.
kl. 13.30 i dag fekk vi sjå Eldbjørg og Lars Myklebust langs turstien mot Heinsæter i programmet Monsen minutt for minutt. Monsen og TV temaet gjekk forbi og uskedelingane vinka og vart zooma inn. Det var eit gildt møte. Dersom nokon har bilete, send til e-posten vår.

kb
14.07.2018
Bilete frå Uskedalen i BTsommar.
I BT laurdagsavisa finn vi to sommarbilete frå Uskedalen. Fotograf er Harald Sætre. Motiva er frå Beinavikjo i solnedgang og frå skiltet Bortover - Andre vegen ved SPAR. Nokre blinkskudd vert lagt ut i papirutgåva.

kb
13.07.2018
Eldbjørg og Lars er lenger framme på stien enn NRK teamaet og Monsen
I ei melding frå Hardangervidda og programmet Monsen minutt for minutt får vi vita at Eldbjørg og Lars Myklebust nett no er lenger framme på stien enn det som vert synt på NRK. I går såg vi nokre glimt av uskedelingane. Turen i dag går fram til Rauhelleren.

kb
Siste Nyhende
23.07.2018
Rekordsommar på Rabben Feriesenter.
Alt no kan dagleg leiar på Rabben Feriesenter, Magne Heggøy, sei at det går mot rekordsommar på Campingen. Det er registrert auka besøkstal og rekord i høve til åra før. Det gjeld alle typar tilreisande, både dei med bubil, vogner og dei som ferierer med telt. Hyttene er tinga i god tid framover.
22.07.2018
Ølboksar i foret kan føra til døden for ei ku.

Dette innlegget er ein gjengangar, men like viktig for det. Kvart år skriv nemleg Uskedalen.no om ølboksar og flasker som vert kasta i graset langs vegen. Problemet er størst langs Fylkesvegen i sentrum, på Nedre Fet, på Sandabakkane og langs vegen på Ytre Rød. Dersom slike boksar kjem inn i ein rundballe og går med i dyreforet, kan det i verste fall føra til slakting og store tap for dyreeigar.
21.07.2018
Motorskøyta NJØTHOLM med oselevarmodell på dekk.
Mange fekk eit vakkert syn i dag på Sandakaien. Motorskøyta NJØTHOLM frå Ålfjorden var inne på sitt faste sommarbesøk i Uskedalen. Ein oselvarmodell i 1/3 storleik stod på dekk i ei vogge. Modellen er bygd av Egil Mæland på Tysnes og er ein nøyaktig kopi av ein original færing av typen Oselvar. Eigar av NJØTHOLM er Aud (f. Hindøy) og Per B. Østensen.
21.07.2018
Ikkje stopp klipparane på Heio, men ta kontakt med dei ansvarlege.
Grasbanen på Heio vert i år klipt av to robotklipparar som vart kjøpt inn etter at Uskedal IL vart tildelt 68.000 kr frå Sparebankstiftinga til føremålet.  Dette har vist seg vellukka, og dei to klipparane samarbeider godt om jobben.  Einaste problemet har vore at klipparane har vorte parkert utan om ordning, og det har ført til at dei har vorte ståande i ro.
19.07.2018
Harald Sætre er ute med si 4. bok om veteranbåtar.
Boka 61 VETERANBÅTAR PÅ VESTLANDET vert lansert på Hamnadagane og Kysten si landsstemne i Haugesund i helga. Boka er Harald Sætre si 4 bok om veteranbåtar og fartyvern. Kapabel forlag med Otto Ertsland er utgjevar. Sætre er frå Uskedalen. Det vert arbeidd med å finna ei høveleg tid der forfattaren kjem til heimbygda for sal og presentasjon.
19.07.2018
Sommmarjobben min - Ida Marie og Christoffer på SPAR.
Innlegget i dag i serien Sommarjobben min handlar om Ida Marie Eidsvik ( 16 ) og Christoffer Støle ( snart 18 ). Begge har sommarjobb på SPAR Uskedalen, ein jobb  dei trivst godt i. Før har det vore meir tilfeldige sommarjobbar som plenklypping og anna form for hjelp. No er det meir alvor i den fyrste regulære sommarjobben der ein kan få tena sine eigne pengar.
18.07.2018
Minnerike dagar med Monsen minutt for minutt.
Eldbjørg og Lars Myklebust er tilbake i Uskedalen etter fem minnerike dagar på Hardangervidda saman med NRK og Lars Monsen. Turen starta på Dyranut og gjekk via Stigstuv, Rauhelleren, Heinsæter og fram til Tuva. DNT saman med NRK var arrangør og så langt vi veit, var det til saman sju kvinnheringar med i turfylgje.
17.07.2018
Knapt 50 % avling på 2. slåtten fører til formangel.
Fyrste slåtten var dårleg. Andre slåtten vert langt verre. Med rundt rekna 50 % avling så langt ser mange av bøndene myrkt på framtida. Det vert formangel og ein må leita etter mat og få kjøpt inn kraftfor med mykje fiber. Det er ikkje betre på beita. Graset visnar og turkar bort. Mange køyrer vatn til dyra på beite. 
16.07.2018
Sommarjobben min - Hanna og Amalie på Campingen.
Uskedalen.no held fram serien Sommarjobben min. Dette innlegget handlar om Amalie Hovden Rød og Hanna Tvilde, begge 16 år og nett ferdige som elevar på Rosendal ungdomsskule. Amalie og Hanna har vore ekstrahjelp på Rabben Feriesenter frå påsketider og framover. Begge vart spurde om å vera sommarhjelp, noko dei er svært glade for.
Sponsorar
S. Rødsten Bilforretning A/S
Tysnes Sparebank
Brødrene Hjønnevåg AS
iDrift AS
grenda
Kvinnherad Breiband
Spar
Stord Lufthamn
Uskedal Båtlag
Elins Matgleder
Kvinnherad Elektro
Sparebank 1 SR bank ASA
kvinnheringen
Gros Blomster
Auto 88
Kvinnherad Renhold service
Zjakk Frisørsalong
Byggeriet
Kvinnherad Energi AS
Kvinnherad Vekstbedrift AS
Solheim Turiststajson
Uskedal Røyr og Multiservice
Kvinnherad Breiband
Utvikla av iDrift AS