Søk
 
Kontakt oss
Kontakt uskedalen.no:
Tips til redaksjonen
E-post: uskedalen.no
Kristian Bringedal
Tlf nr:915 31 487
Svein Rimestad
Tlf nr:911 09 868
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Kontakt Uskedal Utvikling
E-post
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Bli medlem
Årspriskr 200.-
Kontonr. 1503 39 82329
Last ned giro
VIPPS 512870
- - - - - - - - - - - - - - - - - -
Nettsider frå Uskedalen
Festidalen
Uskedal Idrettslag
Uskedal elveeigarlag
Aktivitetar i Uskedal

Styret i FAU på Uskedal skule.

03.12.2019
Kvar skule har eit Foreldreråd. Desse er med i arbeidsutvalet: Silje Irene Myklebust er leiar. Styremedlemer: Roar Musland, Marianne Korsvold, Renate Koløy, Therese Haugland Bondhus, Malin Haavik Tungesvik og Ann Kristin Olsen.

kb
 
 
  Tilbake

 
Lesarbilete
Notisar
08.12.2019
Vinnarar til no i skulemusikken sin adventskalendar.
Vi er no ferdige med første tredjepart av Uskedal skulemusikk sin kjekke adventskalendar.  Vi repeterer derfor vinnarnummera til no dersom nokon har gått glipp av nokre.  Desse har vunne til no: 49, 418, 317, 416, 120, 94, 413, 310, 194, 402, 388, 340, 336, 23, 360 og 280.  Gevinstane kan hentast på Auto 88.

Usm.
08.12.2019
Uskedal skulemusikk sin adventskalendar 8.des. 2019
Julestrikk og tennbrikettar er i dag vunne på kalendar nr. 360, medan eigaren av adventskalendaren med nr. 280 har vunne Sportssokkar og lip balm, gjeve av Sport 1, Husnes.  Vi gratulerer begge dei heldige.

Usm.
07.12.2019
Uskedal skulemusikk sin adventskalendar 7.des. 2019
I dag kan den heldige eigaren av kalendar med nr. 336 glede seg over å få ei lue av Kari Traa-merket som gevinst.  Lua er gjeven av Sport 1, Rosendal. Og det stoppar ikkje med det!  Eigaren av kalendar nr. 23 har vunne strikkesokkar.  Vi gratulerer begge dei heldige vinnarane!

Usm.
06.12.2019
Møte på Bedehuset, sundag 8. desember kl. 11.
Uskedal Indremisjon inviterer til møte på Bedehuset sundag 8. desember kl. 11.00. Talar er Erling Guddal. Alle er velkomne.

kb
06.12.2019
Uskedal skulemusikk sin adventskalendar 6.des. 2019.
Eigar av kalendar med nr. 388 har i dag vunne spark med nisse, medan boka Hundestrikk går til den som har nr. 340.  Vi gratulerer vinnarane!!

Usm.
05.12.2019
RYGERFONN til kai på Børneset i dag.
Sterk vind og høg sjø gjorde at Hardangerfjordekspressen RYGERFONN la seg til i Uskedalen i dag, torsdag 5. desember, i tida mellom ruteavgangane. På Facebook melder Rødne at båten i ettermiddagsruta går til Os, ikkje Bergen. Det vert buss for båt mellom Os og Bergen.

kb
05.12.2019
Tildeling av kulturstipend til Aleksander Rebaudo i dag.
Tildeling av Kvinnherad kulturstipend 2019 til Aleksander Rebaudo er i dag, torsdag 5. desember på Kulturhuset Husnes. Det same gjeld for tildeling av Frivilligprisen til Røde Kors Omsorg.

kb
05.12.2019
Uskedal skulemusikk sin adventskalendar 5.des. 2019
Julestrikk og tennbrikettar er vunne av eigar av kalendar nr. 194, medan eigaren av nr. 402 har vunne strikkesokkar.  Vinnarane kan henta gevinstane på Auto 88 som vanleg.  Vi gratulerer så mykje!!

Usm.
04.12.2019
Førjulskonsert i dag på Bedehuset.
Singing Tweens og Rosendal Barnekor inviterer til Førjulskonsert i dag, onsdag 4. desember, kl. 17.00 i Uskedal Bedehus. Det vert mykje song, andakt ved Toril Langeland og høve til å gi ei gåve GI HÅP, sundagsskulen sitt misjonsprosjekt i India. Alle er velkomne.

kb
04.12.2019
Uskedal skulemusikk sin adventskalendar 4.des. 2019
Eigar av skulemusikken sin adventskalendar nr. 413 har vunne boka Sjømat på alle fat, gjeven av Lerøy Sjøtroll.  Den andre gevinsten i dag er strikkesokkar, og dei går til eigaren av kalendar nr. 310.  Gratulasjonar til begge dei heldige!

Usm.
Siste Nyhende
08.12.2019
Helselaget held på tradisjonen med julepakkar og juleblom.
Julepakkane og juleblomane er klar for levering i denne veka. Det er Uskedal Helselag som held oppe ein lang tradisjon med å gje julepakkar til Valen sjukehus og juleblom til alle frå Uskedalen som bur på sjukheim og til alle heimebuande over 90 år. Talet julepakkar i år er 50 og 24 mottek juleblom med helsing.
07.12.2019
Kunstførelesing og korpsmusikk på julemøte i Senioruniversitetet.
Kvinnherad Senioruniversitet inviterer til ope møte torsdag 12. desember kl. 11:00 på Rosendal Fjordhotell. Denne gongen er det kunsthistoriker Gunnar Danbolt som skal gje oss eit innblikk i kva jula har betydd for kunsten, og korleis dei same motiva har endra seg over tid. Det vert i forkant av førelesinga minikonsert med Uskedal Musikklag.
06.12.2019
Røysterettkonsert i regn og blest.
Og det regna! Og det bles! Riktig så hustre var det ute, og berre på den vesle turen frå bilen til kyrkjedøra vart eg våt, sjølv om eg gjekk i regnfrakk. Men inne? Her var det varmt og godt og koristane var kledde i raudt og svart, ei lun og god stemning. Me var altså i den vesle kyrkja i Uskedalen på konsert i går kveld, og det var Røysterett for Alle, bygda sitt eige kor, som gav oss den musikalske opplevinga - saman med to flinke småjenter som spelte julesongar på kornett.
06.12.2019
Frisk song å høyra frå Singing Tweens og Rosendal Barnekor.
Barnekora i Uskedalen og Rosendal var samla i Uskedal Bedehus onsdag kveld til førjulskonsert i regi av Uskedal Sundagsskule og Singing Tweens. Om ikkje talet medlemer er så høgt, så er songen desto betre. Frimodige barnerøyster med friske songar kan vera det beste vi høyrer av det som vert presentert av korsong i førjulstida. Begge kora har dyktige leiarar og kantor Eva Megyesi står for tonefylgje.
05.12.2019
Fotograf og filmskapar frå Uskedalen med høge mål.
Aleksander Rebaudo fekk i kveld overlevert Kvinnherad kulturstipend på kr. 50.000,- Aleksander takka for tildelinga og fortalde at midlane skal brukast til innkjøp av nytt filmutstyr .Han driv i dag sitt eige fima med namnet litenFilm.no og har alt produsert reklamefilmar, mellom anna for Telenor. Aleksander Rebaudo står for nyskaping og kreativitet og han vil at oppveksten og heimstaden Uskedalen skal vera eit grunnlag for vidare utvikling.
05.12.2019
AURORA kjem til Festidalen 2020.
Første sjans til å oppleva AURORA på ei scene i Hordaland i 2020, vert på Dønhaug. Det er også den einaste festivalen ho gjer i fylket dette året. Eventyrleg og eksklusivt.
AURORA er framleis berre 23 år. Likevel har ho alt blitt streama over 200 millionar gonger, fått hylla full av prisar, og lagt land og utland for sine føter. Og ho er berre så vidt i gong.
04.12.2019
Butikk i Uskedalen i fire generasjonar - filmprosjekt på skulen.
7. klasse i samarbeid med Merethe Offerdal Tveit i Lokalhistorisk filmkurs har laga film om butikkdrifta på Sanden i fire generasjonar. Hjørdis Holgersen fortel på ein meisterlag måte til borna om oppveksten sin og arbeidet i butikken fram til døtrene Kjersti og Gunn Mari og svigerdotter hennar, Bente, overtok 1992. Hjørdis var primus motor i drifta på Nilsen Handel i 27 år.
03.12.2019
Røysterettmaraton - Husnes, Uskedalen, Ølve, Uskedalen.
Røysterett for Alle med dirigent Maria Malmsten får røyna kondisen i desse dagar:Tre fulle julekonsertar i eigen regi på 12 dagar. I tillegg skal dei delta på soknerådet sin tradisjonelle julekonsert 15. desember i Uskedal kyrkje. På programmet finn vi mellom anna Trygve Hoff sine tekstar Nordnorsk julesalme og Et lys i mørketida, men også tradisjonelle julesongar som Jeg synger julekvad og Glade jul.

03.12.2019
FAU - to skular er ikkje vegen å gå.
Etter vedtak i Kvinnherad kommunestyre er framlegget frå Kommunedirektøren om å slå saman skular alt frå 2020 røysta ned. Politikane kjøper seg tid og bed om ei utgreiing om skule- og barnehagestrukturen. Bakgrunnen for utgreiinga er dramatisk nedgang i elevtalet. FAU ved Uskedal skule skriv i dette innlegget at to skular er ikkje vegen å gå.
Sponsorar
Solheim Turiststajson
S. Rødsten Bilforretning A/S
Kvinnherad Vekstbedrift AS
 grenda
Ospelunden
Gros Blomster
Auto 88
Stord Lufthamn
Uskedal Båtlag
Kvinnherad Breiband
Kvinnherad Elektro
Eidsvik Eigedom AS
Spar
Byggeriet
Elins Matgleder
Uskedal Røyr og Multiservice
kvinnheringen
Kvinnherad Energi AS
Tysnes Sparebank
Brødrene Hjønnevåg AS
Kvinnherad Renhold service
Zjakk Frisørsalong
Sparebank 1 SR bank ASA
iDrift AS
Kvinnherad Breiband
Utvikla av iDrift AS