Søk
 
Kontakt oss
Kontakt uskedalen.no:
Tips til redaksjonen
E-post: uskedalen.no
Kristian Bringedal
Tlf nr:915 31 487
Svein Rimestad
Tlf nr:911 09 868
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Kontakt Uskedal Utvikling
E-post
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Bli medlem
Årspriskr 200.-
Kontonr. 1503 39 82329
Last ned giro
VIPPS 512870
- - - - - - - - - - - - - - - - - -
Nettsider frå Uskedalen
Festidalen
Uskedal Idrettslag
Uskedal elveeigarlag
Aktivitetar i Uskedal

Å. leva det er å elska det beste di sjel fekk nå.

18.05.2019
Klikk på bilete for full storleik
Festleiarane Torbjørn Haugland og Karsten Bjørnebøle takkar Knut Førland for eit god og innhaldsrik tale.
 
Knut Førland siterte Anders Vassbotn i talen sin på 17. mai i Uskedalen. Målet må vera eit betre liv for alle, mellom anna for ungdomen som slit med prestasjonspress og karakterjag. Inkludering og støtte er viktig, ikkje minst med tanke på dei som flyttar til landet og buset seg i Kvinnherad. Dette var noko av det Førland var innom i ein god tale til eit lydhøyrt publikum.
 
Klikk på bilete for full storleik
Uskedal Skulemusikk med dirigent Tor Skeie Olsen spelar i Folketoget og i Aktivitetshuset.

Knut Førland roste Uskedalen for dugnadsånda og eldsjelene. Frå arbeidslivet nemnde han Hjønnevåg og Elins Matgleder, to verksemder som satsar og med det skaper nye arbeidsplassar og gode bygder. Festidalen og Uskedalen.no er også to tiltak som gjer Uskedalen meir attraktiv.

Klikk på bilete for full storleik
Ingebjørg Eik og Gjermund Fredheim framførte to songar.

Ingebjørg Eik frå Rosendal framførte to songar med tonefylgje frå Gjermund Fredheim på gitar, ein av Sondre Djustad og ein av Odd Norstoga. Uskedal Musikklag og Røysterett for Alle sviktar ikkje på 17. mai. Det gjer heller ikkje Uskedal Skulemusikk med sin musikalske leiar, Tor Skeie Olsen.

 
Klikk på bilete for full storleik
Leikane for born og vaksne egasjerer alltid mange på 17. mai.

Å la to ungdomsskuleelevar frå 9. klasse, Karsten Bjørnebøle og Torbjørn Haugland, vera festleiarar i Aktivitetshuset er eit prima tiltak. Med gode røyster og litt humor er det noko festlyden set pris på.

Leikar og premiar høyrer med på 17. mai. Det same med loddtrekning på programmet. 

 

På det bordet der Bjarte Døssland sat, vart det i forkant av trekninga sagt han han måtte sjå til å skaffa seg boka om Dokter Haugen. Straks etter vann han og gevinsten var: Dokter Haugen - lege i Kvinnherad 1934 - 1979.

 
 

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal 

 
Klikk på bilete for full storleik
Linea Myklebust Ripel og Nils Rainer Vågen fekk heider for 3 og 7 års medlemsskap i Uskedal Skulemusikk.
 
 
  Tilbake

 
Lesarbilete
Notisar
17.05.2019
Ei inkluderande 17. mai feiring i Uskedalen
17. mai i Uskedalen samlar folk frå mange nasjonar. I dag talde vi representantar frå  minst 13 land, - Tyskland, Sverige, Belgia, Spania, Brasil, Nederland, Ukraina, Litauen, Somalia, Syria, Ungarn, Polen og Noreg. Nokre er truleg utelatne.

kb
16.05.2019
Kom og høyr Jostein Soldal på Stemneplassen.
Jostein Soldal skal ha talen på Stemneplassen i morgon, 17. mai. Jostein er elev i 10. klasse ved Rosendal ungdomsskule. I helsinga vil han ta fram kva eldre og unge legg i omgrepa fred og fridom. Fridom er ikkje sjølvsagt, sjølv om hans generasjon ikkje har opplevd noko anna. Kom og høyr Jostein Soldal på Stemneplassen.

kb
14.05.2019
Ta vare på vipa.
Harald Sætre Arnevik stod fram på NRK1 i kveld med oppmoding om ta vare på vipa. Harald og Kjelrun Eik driv gard på Halsnøy og på Eik i Uskedalen. Vipebestanden er sterkt redusert og Sætre Arnevik er ein av fleire bønder i Hordaland som i gardsdrifta legg inn tiltak for å berga vipa i den viktige tida då fuglen legg egg, i klekkinga og 21 dagar fram til fuglen er flygedyktig.

kb
14.05.2019
Guatemalabesøk på Bøkkeren i morgon, onsdag 15. mai.
Kvar gong det er Guatemalabesøk i Kvinnherad, vert gjestene saman med venskapsgruppa inviterte til Bøkkerverkstaden på Rød. Vermeldingane er gode. Det vert lagt opp til langbord med benker på kaien. Menyen er lubbesild, poteter, flatbrød og alkoholfritt øl. Samlinga på Rød er frå kl. 18.

kb
11.05.2019
På vinnarlaget i Holmenkollstafetten.
Thomas Myklebust Heggøy(Rabben Feriesenter) var på Gular sitt vinnarlag i eliteklassen då Vårens vakraste eventyr vart arrangert i dag.  Gular var over minuttet føre Strindheim som vart nr. 2. IL Tjalve vann kvinneklassen.  Fleire uskedelingar sprang på ulike lag i den populære stafetten.

tid
10.05.2019
Kyrkjegardsboka vert seld og signert på SPAR i dag.
Kyrkjegardsboka KJÆRT ER MINNET vert signert på SPAR, Uskedalen i dag, fredag 10. mai, mellom kl. 16.00 og kl. 18.00. Forfattar Morten Nygård er på plass og skriv helsing i boka. KJÆRT ER MINNET, bind 1, har med to artiklar frå Uskedalen, tilsaman på 30 sider.

kb
09.05.2019
Ja og nei i Forvaltningskomiteen.
Karl Otto Gravdal, ny hytteeigar på Holmen, fekk dispensasjon til å riva og byggja nytt naust, som høyrer til eigedomen. Det kan søkjast om byggeløyve. Same eigar fekk ikkje dispensasjon til utviding av kaien med ny kaifront. Tiltaket kan dermed ikkje omsøkjast. Vedtaket i Forvaltningskomiteen var samrøystes.

kb
08.05.2019
Dugnad på Stemneplassen i morgon, torsdag, kl. 09.30.
Det vert ryddedugnad på Stemneplassen i morgon, onsdag 9. mai, kl. 09.30. Styret i Friluftslaget er takksam for all hjelp og ikkje minst at Dugnadsgruppa avset tid på å vera med på klargjering av Stemneplassen til 17. mai. Dersom du har tid til å vera med nokre timar, er det eit godt val.

Uskedal Friluftslag
08.05.2019
Odd Steinar Arnesen er søkjar til rektorstillinga.
Innan fristen er det to søkjarar til rektorstilling ved Uskedal skule. Det er Odd Steinar Arnesen ( 51 ) og Marion Haga ( 33 ), Sunde. Arnesen er adjunkt med tilleggsutdanning. Haga er assisterande rektor. Ny rektor tek til i stillinga 1. august. Det er Grenda som skriv dette i si nettavis.

kb



08.05.2019
Årsmøte i Uskedal Vassverk i kveld, onsdag 8. mai.
Det er årsmøte i Vassverket i kveld, onsdag 8. mai, kl. 19.30 i Uskedal skule.
Styret legg fram sak om endring av vedtektene og justering av vassavgifta. Dersom det vert fleirtal for endringane, vert det innført meir differensierte avgifter med bakgrunn i 8 prisgrupper. Meir informasjon kjem etter årsmøte.

kb
Siste Nyhende
19.05.2019
Ekstraordinært årsmøte i Uskedal Vassverk 27. mai.
På årsmøte i Uskedal Vassverk 8. mai vart det gjort vedtak om justering av vassavgiftene ved overgang til 8 ulike prisgrupper. Nye vassgifter er bestemt med vanleg fleirtal på årsmøte. Saka på ekstraordinært årsmøte gjeld vedtekstendring § 14. Sjå meir om innkalling og kva styret skriv:
18.05.2019
Grasrotandel til ni lag og organisasjonar i Uskedalen.
Norsk Tipping med Grasrotandelen overfører i desse dagar midlane for første 4 månadene i 2019 til frivillige lag og organisasjonar registrert i Brønnøysundregisteret, tilsaman kr. 860.000 til laga i Kvinnherad. Ni lag i Uskedalen er godkjend for løyving. For perioden 1.januar til 30. april 2019 utgjer summen rundt kr. 60.000,-. Uskedal Idrettslag toppar lista med kr. 32.35,- før Uskedal Skulemusikk med kr. 13.241,-
18.05.2019
Å. leva det er å elska det beste di sjel fekk nå.
Knut Førland siterte Anders Vassbotn i talen sin på 17. mai i Uskedalen. Målet må vera eit betre liv for alle, mellom anna for ungdomen som slit med prestasjonspress og karakterjag. Inkludering og støtte er viktig, ikkje minst med tanke på dei som flyttar til landet og buset seg i Kvinnherad. Dette var noko av det Førland var innom i ein god tale til eit lydhøyrt publikum.
17.05.2019
17. mai feiring i varmt og fint ver.
Salutt - gudsteneste - minnemarkeringar - folketog - korpsmusikk - korsong  - tale for dagen - soloinnslag - leikar for born og vaksne og matsal. Ja, slik er 17. mai i Uskedalen. I det fine veret med langhelg for mange var det mindre folk å sjå i kyrkja og i Aktivittetshuset. Frammøte ved Bauasteinen og på Stemneplassen var om lag som det har vore før.
16.05.2019
Alt er under kontroll dagen før dagen.
Det meste er på plass dagen før dagen. Skulemusikken og Musikklaget øver på spreng. Det meste av rigginga vert gjort i løpet av dagen. Det gjeld bord, stolar og pynting. Premiane skal på plass. Det same med blomedekorasjonar og blomehelsingar. Kaker vert bakt og gjort klart til kafesal i Aktivitetshuset. Leiar i programkomiteen, Line Soltvedt, og medlemene Ronny Lakselv og Ivar Gundersen takkar for godl støtte frå bygdefolket.
15.05.2019
Odd Steinar Arnesen - ny rektor på Uskedal skule.
Odd Steinar Arnesen er i dag tilsett som ny rektor på Uskedal etter Stig Berge-Soldal. Berge-Soldal er frå 1. august tilsett som rektor på Husnes ungdomsskule. Arnesen er 51 år, har lang tenestetid ved Uskedal skule og har i lange periodar vore assisterande leiar. Han er adjunkt med tilleggsutdanning. Odd Steinar Arnesen tek til i den nye stillinga 1. august.
14.05.2019
Seminar på Moster om Olav den Heilage som lovgjevar.
Professor Jørn Øyrehagen Sunde har i haust arbeid med tema: Olav den Heilage som lovgjevar. Vi er særs takksame for at Øyrehagen Sunde har valt å presentere resultatet av sitt faglege arbeid på årets Mosterseminar, 1. Pinsedag, 9. juni kl. 13.30 i Amfisalen.
12.05.2019
150 personar gjekk turmarsj mot vindkraft.
Heile 150 personar møtte fram på sundag for å ta del i DNT og Kvinnherad Turlag sin marsj mot vindkraft på land. Turen gjekk frå Husnesparen til Bremstølen og vidare til Mjelkhaug. Uskedalsfjella er ein del av den nasjonale ramma for vindkraft, utarbeidd av NVE. Områda er definerte som eigna for vindkraft på land.
12.05.2019
Spenstig 75 åring på Kjærland vart heidra med korpsmusikk.
Uskedal Musikklag held fram med å heidra medlemer som har runde dagar med korpsmusikk. I går var det Ståle Eik som fekk oppleva musikklaget på tunet med minikonsert. Den ynsgste medlemen i korpset, Thor Inge Døssland, skriv slik på Uskedalen.no:
Sponsorar
Kvinnherad Energi AS
Eidsvik Eigedom AS
Spar
Ospelunden
Gros Blomster
Stord Lufthamn
Uskedal Båtlag
Auto 88
Kvinnherad Breiband
Kvinnherad Elektro
Brødrene Hjønnevåg AS
Elins Matgleder
Uskedal Røyr og Multiservice
Solheim Turiststajson
S. Rødsten Bilforretning A/S
kvinnheringen
Kvinnherad Vekstbedrift AS
Tysnes Sparebank
grenda
Kvinnherad Renhold service
Zjakk Frisørsalong
Sparebank 1 SR bank ASA
Byggeriet
iDrift AS
Kvinnherad Breiband
Utvikla av iDrift AS