Søk
 
Kontakt oss
Kontakt uskedalen.no:
Tips til redaksjonen
E-post: uskedalen.no
Kristian Bringedal
Tlf nr:915 31 487
Svein Rimestad
Tlf nr:911 09 868
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Kontakt Uskedal Utvikling
E-post
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Bli medlem
Årspriskr 200.-
Kontonr. 1503 39 82329
Last ned giro
VIPPS 512870
- - - - - - - - - - - - - - - - - -
Nettsider frå Uskedalen
Festidalen
Uskedal Idrettslag
Uskedal elveeigarlag
Aktivitetar i Uskedal

Nyhendearkiv

Stemneplassen er klargjord og Ove Myhre ( leiar ) og Audun Eik ( nestleiar ) ynskjer alle velkomne til Friluftskonsert tysdag 20. august kl. 19.
Velkomne til friluftskonsert på Stemneplassen, tysdag 20. august.
Styret i Uskedal Friluftslag inviterer til Friluftskonsert på Stemneplassen tysdag 20. august kl. 19. Styret ynskjer at plassen vert brukt og den årlege konserten fører til pengar inn i kassen, noko som trengst om ein skal vedlikehalda og halda drifta oppe. Uskedal Musikklag er ein sentral bidragsytar. Det same er Rustne Menn og andre gjesteartistar.
10.08.2019
 
Ei hytte ved Eiet på Skorpo er seld. Hytta ligg vakkert til med front mot Jektholmen.
Stor interesse for kjøp og sal av hus, hytter og eigedomar.
Det er registrert stor aktivitet når det gjeld kjøp og sal av eigedomar i Uskedalen. Det gjeld alle typar hus, hytter, fritidseigedomar og gardsbruk. Ei overdraging gjeld innan ein og same familie. Salsobjekta er spreidde i bygda, men Skorpo og Tveitane i Padlaporsen peikar seg ut med fleire prospekt. Eit hus i Korsneset, Syne 19, med høg standard ligg ute via EiendomsMegler 1.
08.08.2019
 
Noko av den giftige planten Kjempebjørnkjeks ved Kunstgrasbanen vart fjerna ved opprydding og grusing.
Mindre observert Kjempebjørnkjeks i år.
Det er registrert langt mindre av planten Kjempebjørnkjeks i Uskedalen denne sommaren. Den giftige planten, som ofte vert forveksla med Tromsøpalmen, har det vore mykje av kring kunstgrasbanen, langs gjerde mot Neset og i Strandvegen på Stølavikjo. Planten inneheld giftig plantesaft og ved kontakt kan ein få kraftig hudutslett med sterk svie.
07.08.2019
 
Hugs at du tek med Valkort til røystelokale.
Alle med røysterett har motteke Valkort.
Alle med røysterett og som står i manntalet har motteke Valkort til Kommune- og Fylkestingsvalet 2019. Uskedalen er ikkje eigen valkrins, slik det var før. Dette vart sterkt kritisert for fire år sidan og sentrale politikarar lova ei endring. Ingen ting vart gjort. Då saka om valkrinsar var oppe nyleg, var det meste gløymd. Dess meir vert alle i Uskedalen oppmoda om å nytta røysteretten, anten ved førehandsrøysting eller på ein av valdagane 8. og 9. september.
06.08.2019
 
Odd Steinar Arnesen, ny rektor på Uskedal skule, er på plass i rektorstolen.
Ny rektor på Uskedal skule er på plass.
Odd Steinar Arnesen, ny rektor på Uskedal skule, hadde sin fyrste arbeidsdag i går. Arbeidet fram til skulestart handlar om klargjering og det sjå over at alt er på plass. Fyrste skuledagen er torsdag 15. august. Pedagogisk personale skal ha to plan- og kursdagar i forkant. Elevtalet er stabilt med 101 elevar. Det er 12 elevar i 1. klasse.
06.08.2019
 
Trygve Harald Hermansen og Dag Hermansen reiser to naust med loft på ein del av grunnflata til Sjøhuset.
Sjøhuset vert bygd oppatt som tvillingnaust.
Sjøhuset på Neset vart rive ned og knust i stormen Nina i 2015. Fire år etter vert sjøhuset bygd opp att som tvillingnaust med eit byggeareal på 64 kvadratmeter. Sjøhuset frå åra rundt 1900 var mest dobbelt så stort. Den totale flata på 120 rutemeter vert no brukt til to naust med loft og eit større uteareal. Brørne Trygve Harald og Dag Hermansen er byggherre. Ansvarleg entreprenør er Byggmester Stensletten.
05.08.2019
 
NM-vinnar Ingar Kiplesund saman med foreldre og bestemor Margot Haugland.
Gode NM-resultat av utøvarar med Uskedalstilknytning.
Under NM i friidrett på Hamar i helga gjorde fleire utøvarar med sterk tilknyting til Uskedalen det svært bra.  Aller best var Ingar Kiplesund, med mor Hildegunn frå Haugland, med det sterke vinnarresultatet 7.93 i lengde.  Dei fleste år ville dette resultatet ha halde til kongepokal, men med det høge nivået på herresida i dette NM vert nok det vanskeleg. 
03.08.2019
 
Kristian Øvstebø er ein av dei som ser fram til Folgefonna Opp
Ta turen til Mauranger på lørdag.
Laurdag 10.august vert det populære motbakkeløpet Folgefonna Opp arrangert, og løpet går inn som ein del av årets Norges Cup.  I tillegg til sjølve motbakkeløpet vert det også folkefest med kjekke aktivitetar på Sandarvollen.  Her er Mauranger Bygdelag arrangør, medan dei har Uskedal idrettslag som medarrangør i motbakkeløpet.
02.08.2019
 
Brureparet Margit og Bjørgulv Eik, 1. august 1959, fotografert på Syne på Rød.
To diamantbrudlaup vart markerte i går, 1. august.
For 60 år sidan, 1. august 1959, var det to brudlaup i Uskedalen, eit i Bedehuset og eit i Helgheim. Brurepara var Hildur ( f. Haugland ) og Olav Fjose og Margit ( f. Nerhus ) og Bjørgullv Eik. Uskedal kyrkje var plassen for vigsel, kl. 14 og kl. 15. Nokre av gjestene var i begge brudlaupa og måtte gå imellom. Av desse var Sigrun og Trygve A. Haugland. I går vart begge desse hendingane markerte med inviterte gjester, i Sundal i Mauranger og i Stavanger.
02.08.2019
 
  Forrige
Neste  
Lesarbilete
Notisar
18.08.2019
Hugs fristen for påmelding til Konfirmantjubileum.
Soknerådet minner om fristen 20 august for å melda seg på til Konfirmantjubileum helga 14. og 15. september. To årsklassar til kvart av desse jubilantkulla er inviterte: 70 års jubilantar, 60 års jubilantar og 50 års jubilantar. Skriftleg invitasjon er sendt til alle. Påmelding til Svanhill Haugland på telefon: 90 63 67 56 eller E-post: svanhillhaugland@icloud.com

Soknerådet
17.08.2019
Gratulasjonar til Ingar Kiplesund og bestemor på Haugland!
Endeleg er Kristen Fløgstad sin lengderekord frå 1973 stroken frå rekordbøkene.  Det sytte Ingar Kiplesund for no i ettermiddag då han hoppa heile 8,10 m i Sierra Nevada. Han hadde tre hopp over den gamle rekorden på 8.02.  Vi gratulerer Ingar, mormor Margot Haugland og resten av familien.

tid
17.08.2019
Gudsteneste i Uskedal kyrkje, sundag 18. august.
Det vert gudsteneste i Uskedal kyrkje komande sundag 18.08 kl. 11.00. Det er tidlegare meldt at det i denne gudstenesta vert innsetjing av ny sokneprest. Vi kan no melda at det ikkje vert innsetjing i gudstenesta 18.08. Stian Helland er sjukemeldt. Han melder at han har fått diagnosen ME, at han framleis er motivert for tenesta som sokneprest i Uskedal og håper å bli frisk så han kan gjera presteteneste i Kvinnherad.
På gudstenesta i Uskedal er det dåp og nattverd. Reidar Algerøy er organist og prost Svein Arne Theodorsen er liturg og predikant.

Prosten i Sunnhordland
16.08.2019
Hjønnevåg med leveranse til Sildabordet i Haugesund.
Hjønnevåg leverer sildekaker og røykt sildefilet til Årets sildebord i Haugesund, i morgon laurdag 17. august. Sildebordet i Haraldsgato er eit fast innslag i samband med Havndagene. Hjønnevåg har hatt denne leveransen i mange år.

kb
15.08.2019
Krim - Jazz på Dønhaug fredag 4. oktober.
Den kjende krimforfattaren, Gunnar Staalesen, saman med Lasse Gallefoss og BlueMen kjem til Dønhaug fredag 4. oktober. Det vert ein kveld med krimlitteratur og jazz. Billettar kan alt no tingast ved å ta kontakt med Vidar Haugland (48891464) eller Magne Huglen (97040153). Meir informasjon og omtale kjem seinare.

kb
15.08.2019
Start på trim og treningar i Hallen.
Crossmix: Mandag 19.08 kl 20.00
Step: Onsdag 21.08 kl 20.00
Kettlbell: Torsdag 22.08 kl 19.30
Dametrimmen: Mandag 02.09 kl 19.00

Janne
15.08.2019
Bøkkerfestivalen med nokre programjusteringar.
Mykje regn på laurdag gjer at aktivitetane for born kl. 13 går ut. Programmet elles går etter oppsett plan. Programmet tek til kl. 18 med velkomst og framføring av Olaf Agnar Gausvik sitt dikt: Jens Bøkkar. Billettane er selde på førehand. Spørsmål kan rettast til Hallvard Rød på mobil: 91 83 40 15.

kb
15.08.2019
Brørne Viljar og Amund Berge-Soldal gjer det godt i friidrett.
Amund Berge Soldal vann både 600 meter, 1500 meter og tresteg på Stordleikane i helga. Han vart nummer fire i høgde. Alle resultata er nye personlege rekordar for han. Broren Viljar var med i rekruttklassen og persa på 40 meter, 600 meter og i lengde. Uskedalen har med dette to unge og lovande friidrettsutøvarar.

kb
14.08.2019
Vert høyringssaka om vindkraft utsett ?
Politiske signal i kveld tyder på at høyringssaka i Formannsskapet i morgon vert utsett. Grunnen skal vera at ei tverrpolitisk arbeidsgruppe vil førebu og utarbeida ei fråsegn frå Kvinnherad kommunen. Tida er knapp. Saka må vera klar til møte i Kommunestyret torsdag 29. august.

kb
13.08.2019
Førehandsrøysting til Kyrkjevalet 2019, sundag kl. 12.
Etter gudstenesta i kyrkja, sundag 18. august kl. 12, vert det førehandsrøysting til Kyrkjevalet 2019. Alle medlemer i Den norske kyrkja har røysterett. Ved Kyrkjevalet 2019 skal ein velja sokneråd og fire medlemer til Bispedømerådet. Det er også lagt opp til førehandsrøysting i perioden 14. august - 6. september på Kyrkjekontoret i Valen.

kb 
Siste Nyhende
18.08.2019
Kyrkjevalet til sokneråd og bispedømeråd er igang.

Etter gudstenesta i dag var det førehandsrøysting til det lokale soknerådet. Det var også høve til å røysta på fire lekmenn til bispedømerådet i Bjørgvin. Det føreligg ei liste til soknerådet og tre alternative lister til bispedømerådet. Røysterett har alle døypte medlemer i Den norske kyrkja. Røystealderen er 15 år, det vil sei alle som fyller 15 år i 2019.
18.08.2019
Stillehavsøsters - også i Uskedalen.
Både Grenda og Kvinnheringen har hatt reportasje frå funn av Stillehavsøsters på Valen, Varaldsøy, Rosendal og på Halsnøy. Alt i mars månad fann Steinar Myklebust bestanden østers ved reingjering av flytekai på Rabben Feriesenter. Østers spreier seg raskt og funnet i Uskedalen kjem truleg frå ein lokalitet på Karmøy.
16.08.2019
Bøkkerfestivalen - ei nyskaping på Rød laurdag 17. august.
Alt er klart for Bøkkerfestivalen på Rød i morgon, laurdag 17. august. Kjell Einar Thorkildsen og Hallvard Rød er arrangørar og fleire artistar innan generen vise, visepop og country er booka inn. Det er enno nokre ledige billettar Ta kontakt med Hallvard Rød på mobil: 91 83 40 15.
15.08.2019
Flagget til topps for 1. klasse på Uskedal skule.
Presis kl. 09.00 i dag var alle fyrsteklassingane med foreldre på plass på Uskedal skule. Med flagget til topps møtte rektor Odd Steinar Arnesen, kontaktlærar Elisabeth Amundsen og assistent Gunnbjørg Eik 13 forventningsfulle elevar på deira fyrste skuledag. Elevtalet held seg stabilt nokre år framover. Så er det nedgang, noko som er ein nasjonal trend. Personalgruppa er om lag som i fjor. Tanja Bringedal frå Herøysundet er nytilsett lærar i år. Elevtalet er 102 og skulen er fulldelt.
15.08.2019
God potethausting i blomeurne
Fire potetgroer vart til mange poteter, og det i ei blomeurne. Åshild Sjøwall har alltid sett og hausta poteter. Det er likevel fyrste gongen ho gjer det på denne måten og resultatet er betre enn poteter på friland. Berre i dag har ho hausta meir enn 10 poteter. Då er det meir att i blomekassen.
13.08.2019
Døssland Advokatfirma med byggeplanar på heimegarden.
Døssland Advokatfirma har no drive i eitt år frå tunet på Døssland. Publikum har respondert positivt på at firmaet har etablert seg på eit gardstun midt i Kvinnherad, og det har vore nok å gjera for advokatane. Firmaet har no bestemt seg for å byggja eit nytt bygg. Arkitekt Signe Torill Skogseth i Archidea AS på Sandvoll har laga skisser og planteikningar.
12.08.2019
Tårnagentkoret med nytt namn og ny aldersgruppe.
Tårnagent-koret har forandra både namn og alder i haust. Vi heiter SINGING TWEENS. Tweens betyr 'mellom'; ei aldersgruppe frå 9 - 12 år. Vi har sett alderen frå 4 - 7 klassetrinn. VELKOMEN TIL DEG SOM LIKAR Å SYNGJA. Syngja saman og åleine, men hovudmålet er at vi skal ha det kjekt ilag. Tweensarar/ born frå 4. til 7. klasse i andre bygder er velkomne til å vera med i Uskedalen.
12.08.2019
Rår til å ta Uskedalsfjella ut av Nasjonal ramme for vindkraft.
Kommunedirektøren i Kvinnherad rår til at områda i Kvinnherad, bortsett frå fjella i Åkra, vert tekne ut av den nasjonale rammeplanen for vindkraftutbygging. Av desse er fjella rundt Uskedalen. Konfliktgraden ved ei evt. utbygging vert definert som svært høg med mange ulemper. Tilrådinga til kommunedirektøren er bakgrunn for sak til Formannsskapet på torsdag.
10.08.2019
Favorittsigrar i kjempekjekt arrangement.
Det vart favorittsigrar både i herre- og dameklassen då Folgefonna Opp vart arrangert som 4. løp i norgescupen i motbakkeløp i dag.  Siger vart det også absolutt for dei dyktige arrangørane som måtte gjera grep i høve til den opphavelege planen grunna vermeldingane.  Resultatet vart særs vellukka både for motbakkeløpet og for familiedagen.
Sponsorar
Kvinnherad Energi AS
Eidsvik Eigedom AS
Spar
Ospelunden
Gros Blomster
Stord Lufthamn
Uskedal Båtlag
Auto 88
Kvinnherad Breiband
Kvinnherad Elektro
Brødrene Hjønnevåg AS
Elins Matgleder
Uskedal Røyr og Multiservice
Solheim Turiststajson
S. Rødsten Bilforretning A/S
kvinnheringen
Kvinnherad Vekstbedrift AS
Tysnes Sparebank
grenda
Kvinnherad Renhold service
Zjakk Frisørsalong
Sparebank 1 SR bank ASA
Byggeriet
iDrift AS
Kvinnherad Breiband
Utvikla av iDrift AS