Nyhendearkiv |
Turngruppestart med over 7o! | | Alt tyder på at turngruppa går inn i ein ny god sesong. I alle fall er det over 70 med i dei 5 partia som førebels har starta, kan turnlagsleiar Janne Hjønnevåg opplysa. Særleg imponerande er oppslutnaden om idrettsskulen. Her er ein oppsummering: |  | | Les meir | 01.09.2010 |
|
|
Branntryggleiken godt ivaretatt | | Dønhaug Gardsbarnehage har eit godt system for å ivareta branntryggleiken, skriv branninspektør Øyvind Ousdal i ein rapport etter tilsyn i barnehagen. Han held fram at bygget er oversiktleg og relativt enkelt å rømme. |  | | Les meir | 01.09.2010 |
|
|
1513 hjortar kan fellast dette året | Snart drar mange menn og nokre kvinner i heile Kvinnherad til skogs på jakt etter dei 1513 hjortane som politikarane har gitt fellingsløyve for dette året. Jakta startar frå 10. september - eller ved midnatt neste fredag. |  | | Les meir | 01.09.2010 |
|
|
Allidretten startar opp i veke 38 | Onsdag 22.september startar allidretten opp att. Treningstida blir som før frå kl. 19-20 i aktivitetshuset.Allidretten er for alle som går i 5.-10.klasse. | | | Les meir | 31.08.2010 |
|
|
Bra besøk på TI-aren i dag | | Etter litt sviktande besøk førre tysdagen på TI-aren kom det fleire i dag for å nyta godsakene til dei iherdige dugnadsdamene. Det kom 29 vaksne og 7 born.. | | | Les meir | 31.08.2010 |
|
|
Takkar for seg imorgon | | I morgon takkar uskedelingen Aud Isaksen Haugland for seg etter teneste i 43 år i kommunen. Ho byrja der då ho var 19 år gamal og er den kommuneansatte som har lengst fartstid, skriv Grenda. Aud starta som kontorasssistent på økonomikontoret i det gamle kommunehuset og ved avgangen er ho økonomikonsulent. |  | | Les meir | 31.08.2010 |
|
|
Gro endrar opningstidene | | Gro Hjelmeland er framleis fornøgd med salet, men frå og med imorgen justerar ho opningstidene for Gros Blomster. Det er hardt å vera åleine i ei verksemd og Gro ynskjer å letta litt på arbeidsbelastningen. |  | | Les meir | 31.08.2010 |
|
|
Ja til nytt tretelt på Øyro | | Kommunen har no sagt ja til eit nytt tretelt på Øyro, som Randi og Jostein Almås i Sagvåg på Stord skal byggja. Det skal som andre tretelt i området vere 15 kvadratmeter stort. | | | Les meir | 31.08.2010 |
|
|
Kommunal hjelp til plenklypping? | | Leiar i idrettslaget Bjarte K. Døssland har no anmoda kommunen om hjelp til plenklypping på Heio. Kommunen har investert i tungt plenklypparutstyr som blant anna vert nytta i Rosendal og Husnes,på dei kommunale banane. Idrettslaget i Uskedalen spør om det kunne la seg gjere å finne ei ordning slik at kommunen tar turen oppom Uskedalen, for å slå banen her. |  | | Les meir | 31.08.2010 |
|
|
|