Søk
 
Kontakt oss
Kontakt uskedalen.no:
Tips til redaksjonen
E-post: uskedalen.no
Kristian Bringedal
Tlf nr:915 31 487
Svein Rimestad
Tlf nr:911 09 868
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Kontakt Uskedal Utvikling
E-post
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Bli medlem
Årspriskr 200.-
Kontonr. 1503 39 82329
Last ned giro
VIPPS 512870
- - - - - - - - - - - - - - - - - -
Nettsider frå Uskedalen
Festidalen
Uskedal Idrettslag
Uskedal elveeigarlag
Aktivitetar i Uskedal

Nyhendearkiv

Desse glade musikantane med dei fine instrumenta vil vera til mykje glede for bygda i åra som kjem!
Nye instrument og nye, unge musikarar.
Vi har tidlegare meldt om at Uskedal skulemusikk er inne i eit forventa generasjonskifte då stødige musikarar gjennom mange år slutta til sommaren pga alder. Derfor er det gledeleg når styret i skulemusikken no har sendt oss denne meldinga med bilde om god rekruttering.  Nye instrument med støtte frå Sparebankstiftinga og godt opplegg gjev resultat.
26.09.2019
 
Ver med og gje ei gåve til innsamlingsaksjonen Saman mot demens.
Saman mot demens - innsamling i dag frå kl. 17.00.
Alt er klart for den årelege demenensaksjonen i regi av Uskedal Helselag. Bøseberarar er fotballjenter og helselagsmedlemer. Mellom kl. 17 og 19 vil alle få besøk på døra og med det høve til å gje ei gåve til Nasjonalforeningen for folkehelse sitt arbeid til forsking og førebygging av demens og hjarte- og karsjukdomar. Dersom du ikkje er heime, kan du mellom anna bruka VIPPS: 501209.
25.09.2019
 
Inger Naterstad og Bente Rusten syner fram litt av alt Huflidslaget hadde med på sin stand.
Fritidsmessa med innslag frå Uskedalen.
Fritidsmessa starta i si tid i Husnshallen, men flytta så over til Kulturhuset Husnes og område rundt. I år var Uskedalen representert med lag med leiarar og aktive medlemer frå bygda, slik som Kvinnherad Husflidslag, Kvinnherad Mållag, Kvinnherad Lions og ikkje minst akjsonsgruppa Nei til vindmøller i Kvinnherad.
23.09.2019
 
Stappfullt med bil ved startpunktet til Ulvanåso og kalkestasjonen.
Stor turutfart denne flotte haustsundagen.
Det har vore ein nydeleg sundag, og alle bilane som har stått parkert ulike stader opp gjennom dalen, tyder på at mange har brukt dagen til ein tur ut i den vakre naturen vår.  Ein turgåar som ofte går Pålavegen, kunne fortelja at han trudde at han aldri hadde møtt så mange på denne populære vegen opp til Hauglandsfjellet og Mannsvatnet.
22.09.2019
 
Sykkelturistane frå Melbourne i Australia likar det dei fekk sjå og oppleva i Uskedalen. F.v: Warnick og Bernadotte Foster, Matt og Misl Pearce.
Syklistar frå mange land med fast stopp i Uskedalen.

Syklistar frå mange land har vore eit fast innslag i Uskedalen i sommar. Mest kvar tysdag i 11 tida kjem sykkelturistane innom Kafe Tiaren før turen går vidare på sør til ferja på Utåker. Det er reiseoperatøren Discowery Norway som sel og marknadsfører desse turane. Uskedalen.no har møtt fleire grupper i sommar, no sist to ektepar frå Melbourne i Australia.
20.09.2019
 
Festtalar på haustfesten i år er tidlegare amabassdør og utanriksmedarbeidar Ingvard Havnen.
Klart for påmelding til haustfesten i ungdomslaget.

Den tradisjonsrike haustfesten i ungdomslaget vert i år skipa i Helgheim laurdag 19. oktober. Malen er slik det har vore dei siste fem åra, med program, mat og dans. Det vert lagt ut 100 billettar for gjester og frivillige på festen. Haustfesten vert definert som ein dugnadsfest der aktørar, som vert med på heile festen, og komitemedlemer også melder seg på og må betala halv inngangsbillett.
19.09.2019
 
Stuert Svein Myklebust i uniform, saman med bysse- og messemannskapet på DS CLUPEA.
Etterlyser originalfoto til dette motivet på DS CLUPEA.
Johanne Ø. Tvedten frå Sunnhordland Museum spør om nokon i Uskedalen kan ha originalen til dette bilete. Ho skriv og redigerer Sunnhordland Årbok og ynskjer å bruka bilete i ein artikkel. Mannen i uniform er stuert Svein Myklebust frå Uskedalen. Dessutan var nokre av mannskapet på fabrikkskipet DS CLUPEA frå Uskedalen.
18.09.2019
 
Uskedal Idrettslag toppar lista for Grasrotandel frå Norsk Tipping. ( Arkivfoto )
Uskedal Idrettslag toppar Grasrotlista.
Ni lag og organisasjonar i Uskedalen er ein del av Grasrotandelen frå Norsk Tipping. Bakgrunnen er at deler av tippemidlane går til frivillig arbeid. Kravet er at den som tippar, har registrert kva lag ein ynskjer løyvinga skal gå til. Organiasjonen må vera registret i Frivilligregiseret. Heile 145 lag i Kvinnherad får utbetalt midlar frå Grasrotandelen. Av desse er 9 lag frå Uskedalen.
17.09.2019
 
Konfirmantane 2020 saman med sokneprest Reidar Ådnanes.
Konfirmantane 2020 vart presentert i kyrkja.
Dei nye konfirmantane vart presentert i kyrkja i går, sundag 15. september. Talet er 14 og Reidar Ådnanes vert presten deira fram til han sluttar og går av med pensjon i desember. På eit møte med konfirmantane og foreldra deira etter gudstenesta i går vart det orientert om konfirmasjonsførebuinga og evt. kva som vil skje i tida etter jul og fram til konfirmasjonen i mai månad.
15.09.2019
 
  Forrige
Neste  
Lesarbilete
Notisar
20.10.2019
Lina Håland tilbake med konsert, fredag 25. okt. i Husnes kyrkje.
Tidlegare sokneprest i Uskedalen, Lina Håland, er tilbake i Kvinnherad fredag 25. oktober for å halda konsert i Husnes kyrkje, i samsong med Jeanne Marie LaFrance. Marit Lindekleiv vert med på piano/orgel og Audun Tvedten spelar saksofon. Det er gratis inngang, men det er høve til å gje ei gåve til barneheimen Umbred Home i India.

kb
18.10.2019
Til alle som skal på haustfesten.
Ungdomslaget bed alle, som er påmeldt til haustfesten i morgon, laurdag 19. oktober, vera på plass i god tid for registrering og betaling. Programmet tek til nøyaktig kl. 19.00. Det vert taffelmusikk og song frå kl. 18.30. Alle billettane er selde og påmeldinga vert frå no definert som bindande. Velkomne til haustfest.

Haustfestkomiteen
17.10.2019
Familiegudsteneste med barnekor og utdeling av kyrkjebok.
Sundag 20. oktober kl. 17 vert det stor familiegudsteneste i Uskedal kyrkje. Med bakgrunn i trusopplæringsprogrammet vert det utdeling av kyrkjebok til 4-, 5- og 6 åringane. Singing Tweens, som er eit barne- og ungdomskor for 4. - 7. klasse, vert med på gudstenesta.

kb
16.10.2019
Søkjer ungdom til ein betalt jobb på haustfesten.
Dersom du er over 16 år og vil ta ein betalt jobb på haustfesten i ungdomslaget, så melder du frå til Rigmor Rasmussen ( 470 23 450 ). Arbeidsoppgåvene er å hjelpa til med servering, rydda matsalen, vaska opp og laga klart for kaffi og kakebord. Jobben er avgrensa til 2 - 3 timar laurdag kveld. Kan gjerne vera to jenter eller gutar i ei gruppe.

Ungdomslaget
15.10.2019
Kvinnherad 2050 - ope møte tysdag 22. oktober kl. 19
Uskedal Utvikling saman med Kvinnherad kommune skipar til ope møte i Gamleskulen, tysdag 22. oktober kl. 19. Tema er Kvinnherad 2050. Kom og ver med og gje innspel til samfunnsdelen og arealdelen i K.planen. Hildegunn Furdal frå Plankontoret vert med på møte. Meir informasjon kjem seinare.

Uskedal Utvikling
15.10.2019
Klara Døssland 102 år i dag.
Klara Døssland er 102 år i dag, tysdag 15. oktober. Alle med runde dagar og alle med ein alder over 100 år får namnet sitt i Grenda og i Bergens Tidende. I dag les vi om Klara i begge avisene. Uskedalen.no ynskjer Klara hjarteleg til lukka med dagen.

kb
12.10.2019
Berre 15 ledige billettar til haustfesten i ungdomslaget.
Det er uvanleg god påmelding til haustfesten i ungdomslaget neste laurdag. Ei veke før er det berre 15 ledige billettar. Alt ligg til rettes for ein kjempefest slik vi hugsar det frå glanstida i Uskedal Ungdomslag. Ver rask og send påmelding til Rigmor Rasmussen ( 470 23 450 ) eller Kristian Bringedal ( 915 31 487 ).

kb
12.10.2019
Kom og ver med som bøsseberar på TV aksjonen.
Helene Bjørnebøle er rodeleiar i år også. Innsamlinga går mellom kl. 16 og kl. 18, sundag 20. oktober. Meld frå om du kan vera bøsseberar på mobil: 971 56 309. Det er trong for 15 bøsseberarar. Frammøteplassen for bøsseberarane er Uskedal skule.

kb
10.10.2019
THK stifitnga med innsamling til Ukraina.
THK-stiftinga hjelper fattige i Ukraina. Stiftinga har eige lager i Uskedalen
Vi samlar kontinuerleg inn brukte klede, sko, sportsutstyr, sengkle, tepper, gardiner, leiker m.m. Det er for tida stor trong for sko til born og vaksne. Ring tlf nr 97147851 for avtale om levering. Kr. 50.- pr sekk i transportstøtte. Les meir på: WWW.thk.no

Tormod Myklebust
10.10.2019
Er du interessert i tur til Bayern, sept. 2020.
Det er 12 ledige plassar til 7 dagars turen frå Haugesund til Bayern i Tyskland, september 2020. Turen går mellom anna til heimplassen til Siggi Klemm, som mange kjenner frå mange år med turgrupper frå Tyskland til Uskedalen. Dersom du vil vita meir om turen, kan du ta kontakt med Tove Høgemark eller møta henne i Uskedalen i helga. Mobilen hennar er: 996 19 340.

kb
Siste Nyhende
20.10.2019
102 år og var på haustfesten i ungdomslaget.
Haustfesten var historisk. I Uskedal Ungdomslag si 131 år lange soge har det aldri vore ein person på 102 år på ein fest, slik vi opplevde på laurdag. Klara Døssland, 102 år tysdag 15. oktober, melde seg på og kom saman med døtrene Astrid og Kirsten på haustfesten i Helgheim. Ikkje nok med at ho var på programmet og maten. Klara var like godt med på dansen fram mot midnatt.
18.10.2019
Treng bøsseberarar til TV aksjonen sundag 20. oktober.
Rodeleiar i Uskedalen, Helene Huse Bjørebøle, treng påmelding frå fleire bøsseberarar om ein skal makta i dekka heile bygda ved innsamlinga på sundag.  I verste fall er det område i Uskedalen som ikkje får besøk. Det er enno tid for å melda seg til Helene på mobil: 971 56 309
17.10.2019
Regjeringa skrotar Nasjonal ramme for vindkraft på land.
Det er i dag gjord kjend at Regjeringa legg bort planen Nasjonal ramme for vindkraft på land. Med bakgrunn i massiv motstand vel altså Regjeringa å skrota planen. I høyringsfasen kom det inn over 5000 fråsegner, mellom anna frå 56 kommunar. Heile 53 kommunar, av dei Kvinnherad, sa eit klart nei til vindkraftutbygging. Det er uklart kva konsekvensar dette vedtaket har. Truleg er det no fritt til å søkja om konsesjon i kvart einskild prosjekt.
17.10.2019
Mange ville høyra Dag Lindebjerg fortelja om farty og fiskeri.
Det var eit rekordstort frammøte på det siste møte i Senioruniversitetet. Langt over hundre studentar kom for å høyra Dag Lindebjerg fortelja om det yrkesaktive livet i NRK med dei mange programma frå Vesterhavsøyane og om kysten, farty, fiskeri og fangstmetodar i innlandet og i elvane. Dei siste fem åra har Dag Lindebjerg vore turleiar for grupper på reise til Shetland, Orkenøyane, Færøyane og Hebridene.
16.10.2019
Dugnadsgruppa merkjer og forbetrar stien ned til Fjelly.
Dugnadsgruppa med Pål Haugland som leiar er godt i gang med arbeidet denne hausten. Torsdagen er den faste dugnadsdagen og kvar gong møtest 5 - 8 personar til nyttig arbeid som kjem allmenheten til gode. Det siste oppdraget er forbetring av stien på Hauglandsfjellet, frå toppen og ned lia til Mannsvatnet og Fjelly.
15.10.2019
Gjestebod - ny arbeidsmetode i K.planarbeidet er prøvd i Uskedalen.
Ein ny metode for så skapa interesse og medverknad i arbeidet med ny kommuneplan vert prøvd ut i desse dagar. Tre gjestebod er gjennomført i Uskedalen, mellom dei eit familiegjestebod. Eit anna gjestebod med 2 kvinner og 4 menn i alderen 50 til 80 år var lagt til Beinavikjo. Svara gruppa kom fram til på konkrete oppgåver er sendt plangruppa i kommunen. Tilsaman er det lagt opp til om lag 50 gjestebod i Kvinnherad kommune.
14.10.2019
God song av vakre salmar.
Uskedal sokneråd har siste åra arrangert i alle fall ein salmekveld i halvåret, og kantor Eva Meyesi har vore primus motor for desse saman med Kristian O. Bringedal. Til salmekvelden mandag hadde dei valt ut salmar som omhandla Guds stordom, Guds skaparverk og Guds omsorg.  Dei hadde gjort eit svært godt utval, og mange av salmane var nye for mange av dei frammøtte.
14.10.2019
Fallsikring på murkantane til Trelastlageret i Beinavikjo.
Kvinnherad Vekstbedrift har starta arbeidet med tilrettelegging for delvis nye aktivitetar i Uskedal Trelastlager sine bygg og anlegg i Beinavikjo. Deler av sjølve trelastlageret vert mellom anna  gjort klar for snikkarverkstad og vedproduksjon. Ute vert alle murkantar sikra med gjerde for å hindra fallskade. Dette vert gjort både med tanke på brukarane og kundane.
13.10.2019
Frå Petter Dass til Edvard Hoem - Salmekveld i Uskedal kyrkje.
Det vert ny salmekveld i Uskedal kyrkje i morgon, måndag 14. oktober kl. 19. Salmekvelden vert skipa til i regi av Uskedal sokneråd i samarbeid med kantor Eva Megyesi og kyrkjekoret Nordsaang. Overskrifta er Frå Petter Dass til Edvard Hoem, utvalde salmar frå ein tidsperiode på over 300 år.
Sponsorar
Solheim Turiststajson
S. Rødsten Bilforretning A/S
Kvinnherad Vekstbedrift AS
 grenda
Ospelunden
Gros Blomster
Auto 88
Stord Lufthamn
Uskedal Båtlag
Kvinnherad Breiband
Kvinnherad Elektro
Eidsvik Eigedom AS
Spar
Byggeriet
Elins Matgleder
Uskedal Røyr og Multiservice
kvinnheringen
Kvinnherad Energi AS
Tysnes Sparebank
Brødrene Hjønnevåg AS
Kvinnherad Renhold service
Zjakk Frisørsalong
Sparebank 1 SR bank ASA
iDrift AS
Kvinnherad Breiband
Utvikla av iDrift AS