Nyhendearkiv |
Der alle i klassen skal bli hjartevenner | Hilde Bringedal, lærar i den største klassa ved skulen vår. har hatt ideen til eit pionerprosjekt som heiter Hjartevennn. Det går ut på at to av dei 24 elevane i andreklassa er hjartevenner kvar veke. Som hjartevenn skal ein hjelpa nokon andre i klassa som treng det, vera i lag med den andre hjartevennen og finna på noko kjekt til heile klassen |  | | Les meir | 30.01.2012 |
|
|
Uskedelingane vert etterlyste | Uskedelingane vart etterlyste under konserten på Dønhaug laurdag kveld og det er all grunn til å gjenta etterlysinga i samband med dansekvelden i Helgheim i kveld. Av dei 18 framøtte er det berre 5 herifrå og av dei er dei 2 arrangørane Berit Harriet og Ivar Kåre Døssland, Under den fyrste kvelden var 26 på plass og svinga seg men også då var det svært få frå Uskedalen.
|  | | Les meir | 29.01.2012 |
|
|
Øyrehagen festivalutstillar | Det nærmar seg Kvinnherad Kulturfestival på Husnes 16, til 19. februar og aktørane er klare. Ein av dei er festivalutstillaren og dene gongen blir det Sigrid Øyrehagen frå Uskedalen. Utstillinga finn stad på Undarheim gard og det er nytt, i likheit med opninga som også skjer der,
|  | | Les meir | 29.01.2012 |
|
|
Konsertkveld ga 7 minutter TV-sending | Fase nummer 3 i det som må kunne kallast Dønhaug-dagen var konsertkvelden i kjedlaren i går. Der presenterte Robert Smith-Hald med band seg i full musikalsk breidde og ikkje minst var det interessant og spennande at han hadde 9 av dei 13 songane på den nye cd-en på repertoaret. Og det må kunne seiast at trubaduren frå Pennsylvania og Bergen som serverar berre eigenprodusert vare har lagt nye alen til sin vekst på norsk grunn.. Konserten ga 7 nye TV-minutter til magasinprogrammet. |  | | Les meir | 29.01.2012 |
|
|
Båtane kom til Trelastlageret | Problemet med skutene Storm og Kvituren er løyst i alle fall midlertidig. Dei er lagt inntil det store huset til Trelastlageret innerst i Beinavikjo. Leiinga i firmaet synte stor velvilje i samband med båtane.
|  | | Les meir | 28.01.2012 |
|
|
Trubadur i TV-program med Uskedalsramme | Du må skriva at programmet får ein vakker ramme frå Uskedalen. Det sa trubadur og lærar i musikk på Fjell ungdomskule Robert Smith-Hald då han i dag skulle intervjuast om sitt mangfaldige liv av NRK Hordaland på Dønhaug. 20 minutter om mannen som braut med ei sekt i Pennsylvania, USA og flytta til Bergen i Noreg skal inngå i serien Underveis. Sansynleg sendedato er 11. april i NRK 2 og så kjem det reprise i NRK 1.
|  | | Les meir | 28.01.2012 |
|
|
Kvinnherad med Norgesrekord - svakare i Uskedalen | Kvinnherad er landets største hjortekommune og toppar fellingsstatistikken for 2011 med det som truleg er Norgesrekord - 1250 felte dyr - som er 5 fleire enn i fjor. Men i dei fleste valda i Uskedalen er det relativt låge fellingstal. Det er tidlegare sagt til uskedalen.no av ein jegar med lang erfaring at hjortejakta i haust i vår bygd var den dårlegaste på mange år med omsyn til utbytte,
|  | | Les meir | 28.01.2012 |
|
|
Rimestad med nye tekstar til koret | Svein Rimestad skriv tekstar til ei framføring Røysterett for alle skal ha i Folkemusikkveka 2012. Konserten er sett saman av 14 folketonar skriven av Maria Malmsten. Inspirasjonen har ho frå ulike bygder og miljø i Kvinnherad. Syklusen er skriven for kor, solistar, dansarar, fele og trekkspel.
|  | | Les meir | 27.01.2012 |
|
|
Vegard med skotsk reprise | Vegard Døssland, Uskedalens lovande traktør av kornett og flygelhorn, får stadig fleire smigrande oppdrag. No er han for andre gongen engasjert til å spela solokornett i brassens heimland. Sist var han med i Storbritannia.meisterskapet, no kjem turen til det skotske meisterskapet. Bandet uskedelingen spelar for heiter St.Davids Brass.
|  | | Les meir | 27.01.2012 |
|
|
|