Nyhendearkiv |
Vaffelekspress i Gamleskulen | I dag fant uskedelingane og andre - nokon heilt frå Sandvoll - at veret var så fint at det frista med ein tur på kafe, Og kafeen var sjølvsagt TIaren i Gamleskulen der det myldra inn med yngre og eldre og stoppa ikkje før 55 vaksne og 13 born hadde vore på besøk. Det er lengje sidan så mange var der og innrykket hadde konsekvensar for forsyningane. Rundstykkjene gjekk fort unna.
|  | | Les meir | 31.01.2012 |
|
|
Systrene Nilsen satsar i påska | Systrene Nilsen skal satsa skikkeleg på påska også i år, melder Gunnhild 2 månader før det skjer. Til orientering er skjærtorsdag 5. april og då vil dei repetera fjorårets quiz-suksess med mange spanande kategoriar og originale spørsmål. Denne dagen er det grun til å håpa på stor oppslutnad,
|  | | Les meir | 31.01.2012 |
|
|
KrF tilfreds med lokal innsats | Kvinnherad KrF er relativt tilfreds med den innsats partiet har gjort lokalt, men kva for ein strategi dei bør velgja på riksplanet er er også dei meir uvisse på. Elller for å stille det spørsmål som fylkestingsmedlem Aslaug Hellesøy stilte på skjæråsensk vis i foredraget som innleia årsmøtet på KV i Uskedalen ikveld: Kven skal vi godblunke tel? Partiet har no 75 medlemmer etter sanering av dei som ikkje har betalt.
|  | | Les meir | 30.01.2012 |
|
|
Kvedarkurs truleg i Uskedalen | Folkemusikkveka i Kvinnherad 2012 blir innleia med 3 kvedarkurs og hvis påmeldinga syner brei deltaking frå heile kommunen vert kurset truleg lagt til Uskedalen. Det opplyser arrangøren til uskedalen.no. Den fyrste påmeldinga har kome nettopp frå Uskedalen. To av kursa skal avviklast til våren og eitt til hausten og lærarar er fylkeskvedar og songpedagog Reidun Horvei og songar Kari Malmanger, |  | | Les meir | 30.01.2012 |
|
|
Der alle i klassen skal bli hjartevenner | Hilde Bringedal, lærar i den største klassa ved skulen vår. har hatt ideen til eit pionerprosjekt som heiter Hjartevennn. Det går ut på at to av dei 24 elevane i andreklassa er hjartevenner kvar veke. Som hjartevenn skal ein hjelpa nokon andre i klassa som treng det, vera i lag med den andre hjartevennen og finna på noko kjekt til heile klassen |  | | Les meir | 30.01.2012 |
|
|
Uskedelingane vert etterlyste | Uskedelingane vart etterlyste under konserten på Dønhaug laurdag kveld og det er all grunn til å gjenta etterlysinga i samband med dansekvelden i Helgheim i kveld. Av dei 18 framøtte er det berre 5 herifrå og av dei er dei 2 arrangørane Berit Harriet og Ivar Kåre Døssland, Under den fyrste kvelden var 26 på plass og svinga seg men også då var det svært få frå Uskedalen.
|  | | Les meir | 29.01.2012 |
|
|
Øyrehagen festivalutstillar | Det nærmar seg Kvinnherad Kulturfestival på Husnes 16, til 19. februar og aktørane er klare. Ein av dei er festivalutstillaren og dene gongen blir det Sigrid Øyrehagen frå Uskedalen. Utstillinga finn stad på Undarheim gard og det er nytt, i likheit med opninga som også skjer der,
|  | | Les meir | 29.01.2012 |
|
|
Konsertkveld ga 7 minutter TV-sending | Fase nummer 3 i det som må kunne kallast Dønhaug-dagen var konsertkvelden i kjedlaren i går. Der presenterte Robert Smith-Hald med band seg i full musikalsk breidde og ikkje minst var det interessant og spennande at han hadde 9 av dei 13 songane på den nye cd-en på repertoaret. Og det må kunne seiast at trubaduren frå Pennsylvania og Bergen som serverar berre eigenprodusert vare har lagt nye alen til sin vekst på norsk grunn.. Konserten ga 7 nye TV-minutter til magasinprogrammet. |  | | Les meir | 29.01.2012 |
|
|
Båtane kom til Trelastlageret | Problemet med skutene Storm og Kvituren er løyst i alle fall midlertidig. Dei er lagt inntil det store huset til Trelastlageret innerst i Beinavikjo. Leiinga i firmaet synte stor velvilje i samband med båtane.
|  | | Les meir | 28.01.2012 |
|
|
|