 |

Ny sokneprest frå midt i september |  | | Den nye soknepresten, Sven Harald Nilsen, kjem i september. (Foto: Grenda) |
| | | | Den nye soknepresten i Kvinnherad, Uskedalen og Ænes sokn Sven Harald Nilsen (55) tiltrer i den nye stillinga midt i september. Nilsen, som er frå Arna, skal bu i Rosendal og flyttar dit saman med kona Sigrun Vik Nilsen. Ho er frå Fitjar og dei har tre vaksne born.
| | | Dei siste sju åra har Nilsen vore sokneprest i Jostedalen prestegjeld i Luster og bodd i Gaupne innunder Jostedalsbreen.
Nilsen legg vekt på religions- og trusopplæring for born og har erfaring med å jobba med born i alle aldrar.
| | | |
| | | Leiar i Kvinnherad sokneråd, Kristine Hestad, har sagt til Grenda at den nye soknepresten har ein bakgrunn som passar til stillinga. Ho minnar om at dei har byrja med gjennomføringa av eit trusopplæringsprosjekt. Nilsen har mellom anna hatt vandring gjennom bibelen for born i femte klasse i Luster.
- Han er flink til å snakka med born, seier Hestad.
| | | |
| | | Vikarierandre sokneprest John Victor Selle blir pensjonist og flyttar heim til Bergen midt i august. | | | | | | | |
| |
 |