Rimestad med nye tekstar til koret |
 | | Svein Rimestad syng her saman med Steinar Naterstad og Kjell Sigbjørn Røssland under ei øving |
|
| |
Svein Rimestad skriv tekstar til ei framføring Røysterett for alle skal ha i Folkemusikkveka 2012. Konserten er sett saman av 14 folketonar skriven av Maria Malmsten. Inspirasjonen har ho frå ulike bygder og miljø i Kvinnherad. Syklusen er skriven for kor, solistar, dansarar, fele og trekkspel.
|
| |
 | | Maria Malmsten har fått mange vel fortente blomar for kulturinnsatsen sin | Svein Rimestad har skriven teksten Reinlender på Herøysundmåten og Vals på Musland. Tekstane er skriven til sentrale personar i koret og som er frå desse plassane. |
| |
Jamvel om utgangspunktet er personleg og lokalt, har innhaldet allmenn interesse. Musland med sol heileåret og fjell til å klatra i, har dragspelar og mang ein gjest. Ta turen til Musland og du vil høyra at dei trør dansen. |
| |
Teksten frå Herøysundet skildrar dansen i Grendahuset og heimferda på sokkelesten. |
| |
Haldor Tveit og Tiril Einarsdotter (dotter til Maria) spelar trekkspel og fele til fleire av folketonane. |
| |
Den kjende huldredansaren Magdalena From Delis, som vi minnest frå museumsdag på Bygdetunet Rød, stiller med solodans og skal ha ansvaret for koreografi. |
| |
| Røysterett for alle er samla til seminar og årsfest i Uskedalen i helga. |
| |
| Framføringa er 25. oktober i Kulturhuset Husnes. |
| |
| Tekst: Kristian Olav Bringedal |
| |
| Foto: Ola Matti Mathisen |
| |
| |
|
|
|