 |

Like kaldt i dag - går ut over undervisninga |  | | Andrea Hjelmeland i 4. klasse - kor lenga skal ho fryse i klasserommet? (Foto: Ola Matti Mathisen) |
| | | Den låge temperaturen på skulen går ut over undervisninga, som blir amputert når elevane sit og frys og ikkje klarar å konsentrera seg. Det seier kontaktlærar for sjuande klasse Aud Jorunn Seim. Det blir meir fokus på kor kaldt det er enn kva fag dei held på med. Det var omtrent like kaldt som torsdag då elever og lærarar kom på skulen i dag fredag. Det hadde vore ei ny vindfull natt og vinden kom igjen frå søraust.
| | | Verneombud Hilde Bringedal peikar på at dei har hatt det kaldt lenge, men når vinden bles frå aust er det ekstra ille. Den går tvers igjennom den gamle og ikkje renoverte fløyen. Det er ikkje lufting og dårleg isolert og lærarane kunne torsdag ikkje sitja på arbeidsrommet og jobba. | | | Verksemdsleiar Marie Elisabeth Kaldestad har informert både hovedverneombodet og komunalsjef Asbjørn Skår om den problematiske situasjonen og strekar under for Kvinnheringen at dette kan ikkje halda fram lenge. Renoveringsplanen ligg klar og det er sett av 5 millionar for 2012. Arbeidet må settast i gang snarast, held Kaldestad fram. | | | - Det er når vinden kjem ned dalen at det blir kaldast i gamlefløyen og problemet dermed størst, seier rektorvikar Odd Steinar Arnesen til uskedalen.no | | | Av Ola Matti Mathisen
| | | | | | | |
| |
 |