 |

Skogtun held fram som korleiar |  | | Lars Henrik Skogtun held fram som korleiar. Her sit han mellom sekretær Randi Ljosnes og noteforvaltar og veteran Svein Rimestad. |
| | | Røysterett for alle, det dyktige og populære koret som har basen sin på Helgheim og i Uskedalen, har lagt eit nytt og aktivt år bak seg. Det hadde årsmøtet sitt i kveld og Lars Henrik Skogtun tok fatt på sitt åttande år som leiar. Med seg i styret har han Steinar Naterstad, Magnhild Skogtun, Sidsel Stigum og Randi Ljosnes. No har koret 30 medlemmer etter reduksjon med 1 det siste året og burde hatt 10 fleire, held leiaren fram. Maria Malmsten held fram som dirigent og får ein framifrå attest av medlemmene for innsatsen.
| | | Fjoråret var eit aktivt år for koret med CD-utgjeving, Italiatur og ein serie med konsertar. CD-en som vart spela inn i Rosendal var eit stort løft for Røysterett for alle men resultatet vart vellukka både sangleg og ellers. Av 300 bestilte eksemplar er 155 så langt selde og det er koret svært godt fornøgd med, seier kasserar Magnhild Skogtun til uskedalen.no | | | Italiaturen var eit anna høgdepunkt og prikken over i-en var at koret fekk billettar til sjølvaste Arena di Verona og Aida og også song der. Av konsertar i året kan nemnast vårkonsert, haustkonsert, Blix-kveld, konsert i samfunnshuset i Rosendal, konsert i Husneskyrkja og julekonsert. | | | Koret presenterer eit økonomisk resultat, med driftsinntekter på 405 1s26 kroner og driftsutgifter på 427 758 kroner. For dette året har koret eit budsjett på 132 000 og av dette er 70 000 dirigentutgifter. | | | Denne helga får koret ein travel start på 2012 i Helgheim med årsmøte, seminar og fest med internt moroinnslag. | | | I repertoarnemnda sit no Jan Ove Olsen, Oscar Langballe, Oddbjørg Bjørke og Sylvi Hjelmeland, Økonominemnda består av Randi Petersen, Kjell Magne Haugland, Ester Mørstad, Kåre Vetrhus og Møyfrid Kristoffersen. | | | Av Ola Matti Mathisen
| | |
| | | | | | | |
| |
 |