 |

Leitar etter plass for skutene |  | | Leverandøren kan anbefale forlengning av bølgjedemparen mot Flatholm. Kvituren til høgre, |
| | | Uskedal-skutene Storm og Kvituren ligg framleis på innsiden av bølgjedemparen i båthamna sjølv om leverandøren Ørsta Marina Systems har anbefalt fjerning snarast råd. Dei veg 28 tonn medan årsmøtet på måndag fastsette ei grense på 10 tonn, Ein fryktar kva som kan skje under neste storm med vindretning frå nordvest og no er det iferd med å blåsa opp att. Skjer det noko kan forsikringa ikkje gjelda hvis det er lagt for dagen uaktsomheit.
| | |  | | Kven kan skaffa Storm ny plass? |
| - Heldigvis vil ikkje vinden koma frå nordvest men frå andre kanten denne gongen, seier leiar i båtlaget Trond Lekva Myklebust. til uskedalen.no i ettermiddag,
| - Men burde ikkje skutene vore fortøgd midlertidig ein annan stad allereie tysdag, dagen etter årsmøtet? - Vi kan ikkje trylla og det kan ikkje skute-eigarane heller. Eg har inntrykk av at dei gjer det dei kan for å finna ein alternativ plassering. Kvituren blir kanskje plassert på Skorpo, i alle fall blir det no vurdert, Storm kanskje ein annan stad i distriktet, opplyser leiaren. | | | I mellomtida blir det også tenkt på ei permanent løysning som heller ikkje vil vera så enkel å finna. Ørsta antyder ei forlenging av bølgjebrytaren i retning mot Flatholm og plassering av skutene med stavnen mot vest, Plassering på Korsnes har og vore foreslått, men der er det ikkje plass nok, får vi opplyst
| | | Tekst og foto: Ola Matti Mathisen
| | | | | | | |
| |
 |