Framsida
Uskedalen Utvikling
Dette er Uskedalen
Porten til Hardanger
Gamleskulen
Aktivitetshuset
Det skjer i Uskedalen
Turstiar
Overnatting
Bilete
Historisk stoff
e-post til oss
Lag og organisasjonar
Annonsering
Tradisjonsstoff
Nyhende
Søk
 
Kontakt oss
Kontakt oss:
Ola Matti Mathisen
Tlf nr:99 37 13 25
Kontonr: 3460 07 52350
Redaksjonelt samarbeid
Husnesnett.no

Treng konsesjon for kraftverk i Mauranger

Oddbjørn Kroka, som bur i Uskedalen, satsar på småkraftverk i Mauranger, der han er frå.
No har han søkt om konsesjonsfritak for eit småkraftverk med installert effekt på 2,7 MW iKrokaelva. 

 

Stasjonen er planlagt på same staden som eit gamalt kraftverk stod på fram til 1956.
 
Røyrgata er planlagd i tunnel frå inntaket til stasjonsområdet nede ved vegen. I elva er det frå før etablert Kroka 1 minikraftverk som utnyttar dei nedste 130 meter av fallet.
 
Etter ei eventuell etablering av Kroka 2 vil eksisterande kraftverk utnytte nedslagsfeltet nedafor inntakettil Kroka 2 samt eventuelt overløp frå Kroka 2.
 
NVE har vedteke at tiltaket treng konsesjon etter vassressurslova. 
 
Det blir mellom anna vist til at det nedanfor inntaksdammen er funna to raudlista moseartar. Dei veks der det i periodar utan overløp frå eksisterande kraftverk berre renn ei minstevassføring på 11 liter i sekundet. 
 
Kroka 1 vart ferdigstilt i 2008 og påvisinga av raudlisteartane har skjedd etter dette.
 
Oddbjørn Kroka opplyser til uskedalen.no at vedtaket til NVE vert påklaga til Olje- og energidepartementet allereie denne veka. Kroka meiner NVE ikkje har teke omsyn til alle fakta i saka om raulisteartane.
 
Av Ola Matti Mathisen
 
 
 
  Tilbake

 
Siste Nyhende
Ny rekord mogeleg for skulemusikk-basaren
Les meir[04.02.2012]

Matgleder på Feet
Les meir[04.02.2012]

Sundagsskule på laurdag framleis sant
Les meir[04.02.2012]

- Ikkje lovleg vilkår av Vegvesenet
Les meir[03.02.2012]


Teljar
Lenkjer
Utvikla av iDrift AS