Par frå Iowa var med og fanga 100 fiskar |
 | | Audun serverer gjestene frå Iowa varmrøykt aure frå Mannsvatnet. |
|
| |
| For 3 år sidan opplevde paret Karen Hill Schoenenberger og William Schoenenberger frå Iowa i USA noko heilt spesielt i Uskedalen: Ein gamaldags skuletime i Haugland gamle skule. I dag har dei opplevd noko like spesielt: Dei har vore med og fanga rundt rekna 100 aurer på garn i Mannsvatnet og ete fisken i varmrøykt tilstand etterpå. Det skjer no i kveld i naustet til Audun og Liv Eik på Eik. |
| |
| Paret bur i hovudstaden i Iowa som heiter Des Moines og er snart veteranar med omsyn til Noregsbesøk. Dette er tredje visitten for William og femte for Karen og dei blir meir og meir begeistra for Noreg for kvar gong. |
| |
| Dei prisar folk og natur her samstundes som dei har berre godt å seia om etterkommarane i USA. |
| |
| Sist var også mora til Karen - Charlotte Sparboe Hill - med, men no er ho 83 og kjende seg ikkje sterk nok for turen. Karen er 5-menning med Audun Eik. Tipp-oldefaren hennar var Johannes Haugland og emigrerte i 1866. To år seinare fylgde ho som vart kona hans, Kari frå Bringedalsbygda. Johannes var ein av 10 søsken, men berre 5 levde opp. |
| |
Sist paret var her møtte dei Sigvald Eik og beklagar sterkt at han har gått bort. Å møte han var ei stor oppleving for dei.
|
| |
| Ekteparet Schoenenberger har denne gongen besøkt Oslo og Bergen før dei kom til Uskedalen og her blir dei til lørdag. Så går ferda til slektningar i England. William er framleis ikkje klar over om han stammer frå tyskarar eller sveitsarar, men han trivst tydelegvis godt med å vera 'norsk-assosiert'. |
| |
| Når det gjeld fisken har han aldri prøvd lukka, men fortel at det er aure å få i småelvane i Iowa. |
| |
Fisken i Mannsvatnet i dag vart fanga på 4 garn. Ein fisk vog 300 gram medan alle dei andre var mellom 100 og 150 gram. Her er det heilt klart trong for hardare fiske!
|
| |
| Tekst og foto: Ola Matti Mathisen |
| |
 | | Det vart ein stor fiskekveld i naustet på Eik. |
|
| |
|
|
|