Framsida
Uskedalen Utvikling
Dette er Uskedalen
Porten til Hardanger
Gamleskulen
Aktivitetshuset
Det skjer i Uskedalen
Turstiar
Overnatting
Bilete
Historisk stoff
e-post til oss
Lag og organisasjonar
Annonsering
Tradisjonsstoff
Nyhende
Søk
 
Kontakt oss
Kontakt oss:
Ola Matti Mathisen
Tlf nr:99 37 13 25
Kontonr: 3460 07 52350
Redaksjonelt samarbeid
Husnesnett.no

Guatemala-prosjekt igang att

Klikk på bilete for full storleik
Magne Fitjar plantar i Guatemala.
 
2009 var eit kvileår i Guatemala-prosjektet, men no i 2010 er dei i gang att. Det er uvisst kor lenge, opplysar Magne Fitjar.
Ein delegasjon med 2 lærarar og 2 elevar var i Bøkkerverkstaden ein kveld denne veka og hadde ei heilnorsk oppleving.

 


 
Prosjektet mellom Instituto Rural Santa Cruz Quixaya og KVV tok først til i 2007 og det er toårige tildelingar. Det fekk pengar i 2007 og 2008.
 
Prosjektet er finansiert av Vennskap Nord-Sør og heiter ELIMU, eit swahiliord som skal bety kjennskap og kunnkap. Andre europeiske land er også med i ELIMU. Det har som siktemål å leggja til rette for fellespedagogiske tema mellom ein skule i nord og ein i sør.
 
- Temaet har heile tida vore miljø og ved venskapsskulen vår er det søppel som ressurs og treplanting som ståri fokus. No er dei i ferd med å planta 2000 tre. Dessutan har dei nytta tomme plastflaskar hardstappa av snopepapir i betongtrapper, opplyser Fitjar.
 
- Og kva er tema her?
 
- Vi har konsentrert oss om søppelsortering i Kvinnherad, luftforureining i Bergen og lakselus. Andre tema som vi har teke opp er nasjonalparkar og vern av natur og utbreiing av nye artar,truleg som følge av klimaendringane.
 
Av Ola Matti Mathisen
 
 
 
  Tilbake

 
Siste Nyhende
Fjerdeklasse med himmelvendt blikk
Les meir[07.02.2012]

Besøket held seg i TIaren
Les meir[07.02.2012]

Full aktivitet igjen måndag
Les meir[07.02.2012]

75 aktive fotballspelarar
Les meir[07.02.2012]


Teljar
Lenkjer
Utvikla av iDrift AS