 |

Playing Psycho er født! |  | | Nesten berre uskedelingar på Playing Psycho! |
| | | | Det gror i musikarmiljøet i Uskedalen - no også på jentesida. Rockebandet Playing Psycho er no født, med nesten berre uskedelingar, nærare bestemt 4 1/2! | | | | Den halve er Hege Hjelmeland, som bur på Enes og spelar gitar, medan 'dei heile' er Bente Halvorsen (trommer), Elisabeth Rebaudo (syng), Eirin Rørheim Kjærland (bassgitar) og Ann Lisbeth Ljosnes Moen (gitar). Alle er elevar ved ungdomsskulen i Rosndal. | | | | Det starta med at Kulturskulen i januar ved Odd-Arne Oseberg gav klarsignal for eit rockeband for jenterog alle 8 som søkte fekk plass. No er bandet som planen var delt i 2 og det er Rosendal-delen som er så til de grader dominert av uskedelingar. | | | | uskedalen.no var fluge på veggen då Playing Psycho hadde øving nummer 3 i kjellaren på Malmanger skule og i likheit med læraren kan vi melda at dette verkar lovande med tanke på at både Bente og Elisabeth er heilt ferske i denne samanhengen. | | | | - Alle spelar feil av og til, men vi kan ikkje stoppa der, trøysta instruktøren då det gjekk litt skeis i starten. Men etter kvart gjekk det betre både med spel og sang av to låter og Odd-Arne konkluderte slik:- No kjem det seg! | | | | Fansen let heller ikkje vente på seg - det var stadig engasjerte gutungar å sjå på ruta! | | | | Tekst og foto: Ola Matti Mathisen | | |  | | Eirin og Elisabeth syng |
| | | | | |
| |
 |