Den store fotballdagen |
 | | Åsne Arnesen frå Uskedalen 2 på veg mot scoring |
|
| |
SPAR Heio Cup er den største,årlege sportsdagen her i bygda og i år har dagen vore særs vellukka. Vergudane var i høgste grad med på laget og den høgsommarlege atmosfæra danna ei framifrå ramme rundt Heio. Bana var nyklipt av kommunen og har knapt nok vore så fin nokon gong.. |
| |
 | | Serveringskvartetten frå start var Tove Lill Lakselv, Arnhild Myklebust, Åshild Sjøwall og Anja Giholt. |
|
Deltakinga var også større enn nokon gong, med 44 lag og rundt rekna 300 unge fotballentusiastar ialdersgruppa 2000/2004. Truleg var det like mange som kom for å sjå på og heia og vi vågar å tru at så mange som 700 har vore på Heio i dag. |
 | | Dette er Uskedalen 1 (2004) |
|
Rosendal toppa deltakarlista med 13 lag og det er rekord på bortebane, opplyser lagleiinga. Deretter kom Trio med 10, Halsnøy med 7 og arrangøren sjølv med 6. At Uskedalen stilte opp med rundt 40 unge spelarar var ikkje minst imponerande. |
 | | Dette er Uskedalen 2 (2004) |
|
Foreldre og besteforeldre møtte altså fram i stor grad i finveret. Dei engasjerte og kosa seg. Publikum hadde framifrå servering i teltet som er kjøpt saman med Damevennene. Serveringa var ein positiv bit i eit svært profesjonelt arrangement. Her hadde mødrene (og kanskje også fedrene?) gjort ein framifrå jobb med kakebaksten! Og alt med unnatak av brusen kosta berre 10 kroner. |
 | | Dette er Uskedalen 2002 |
|
Det er berre pluss-faktorar å plukka fram. Vi kan nemna god skilting mot Heio, gode parkeringstilhøve langs vegen, musikk ved Daniel Mehl og Joakim Hellenes frå Lyd & Lys, speakerteneste ved Hallvard Døssland og diplomar med namn på spelarane og minitrofear. Sjølve avviklinga hadde så å seia ingen forseinkingar og det var ingen klagar undervegs. Det einaste var ei presisering av at det ikkje var lovleg å røykja på indre bane. |
Tekst og foto: Ola Matti Mathisen |
| |
 | | Truleg var 700 innom Heio i dag |
|
| |
|
|
|