 |

God båtsesong trass i alt: 1020 besøk ut august | | | | | Når Uskedal Båtlag gjer opp statusen kan dei melda om ein god båtsesong trass i alt. Det starta heller svakt, men tok seg opp etter kvart - mens det motsette var tilfelle i fjor. Ved utgangen av august har dei registrert 1020 båtbesøk og det er 92 færre enn i fjor. Truleg har det vore ein nedgang i alle båthamnar. | | | | - Men det er slett ikkje slutt på sesongen, det er båtar innom her kvar dag, seier leiar Rolf Myklebust. | | | | Det blir bekrefta av ein rask visitt i hamna ved høgstdagsleite i dag, for der er ein tysk/austerriksk siglar i ferd med å leggja frå Sandakaien etter tanking. | | | Båten kjem frå Hamburg og skal vidare innover fjorden. Den har 8 ombord. Dei kjem frå Linz i Austerrike og frå fleire kantar av Tyskland og passasjerane hevdar at dette er den fineaste tida å sigla på i Noreg. Og veret no om dagen kan tyda på at dei har rett!
| | | | (Foto: Ola Matti Mathisen) | | | | | | | | |
| |
 |