Framsida
Uskedalen Utvikling
Dette er Uskedalen
Porten til Hardanger
Gamleskulen
Aktivitetshuset
Det skjer i Uskedalen
Turstiar
Overnatting
Bilete
Historisk stoff
e-post til oss
Lag og organisasjonar
Annonsering
Tradisjonsstoff
Nyhende
Søk
 
Kontakt oss
Kontakt oss:
Ola Matti Mathisen
Tlf nr:99 37 13 25
Kontonr: 3460 07 52350
Redaksjonelt samarbeid
Husnesnett.no

Gann på tokt til Kvinnherad

Klikk på bilete for full storleik
Gann på veg inn i Storsund i ettermiddag. (Foto: Ola Matti Mathisen)
 
Skuleskipet Gann gjekk inn Storsund i dag,  i 15-tida, på veg til Rosendal på sitt årlege tokt i starten på eit nytt skuleår.

 

Mange vil kjenna fartyet frå hurtigruteflåten
 
Noverande Gann er nemleg den tidlegare Narvik, bygd i 1992 og brukt i hurtigruta til Rogaland sjøguttskule overtok skipet i 2007.
Skipet har plass til 105 elevar og har i tillegg 36 lugarar til kursverksemd.

 

Skuleskip for fyrstereisgutar i kristen regi tok til alt i 1949, den gongen i samarbeid med ein av Brandbåtane. ( Bygd i Rosendal 1939 )
Den fyrste Gann kom i 1951.

 

Seinare har det vore mange vakre Gann-båtar å sjå på tokt inn Hardangerfjorden.
På sommaren går Gann i qruisefarten på norskekysten.

 

Nokre år hadde ein ikkje sertifikat til å gå i utanriksfart. Frå 2010 er det endra.
Difor har Narvik denne sommaren mellom anna vore i vesterlei til Orknøyane og Shetland.


Turen inn Gavelen og gjennom Storsund i dag er ein del av det årlege Blikjent-toktet for nye elevar, gutar og jenter. Skipet ligg ved industrikaien i Skålafjæro og det er innlagt faste besøk i Rosendal,- mellom anna omvisning på Skaaluren skipsbyggjarmuseum.

 

Mange unge sjøfolk frå Uskedalen har hatt si fyrste fartstid på ein av Gann sine skip.

 
Av Kristian Olav Bringedal
 

 
 
 
  Tilbake

 
Siste Nyhende
Fjerdeklasse med himmelvendt blikk
Les meir[07.02.2012]

Besøket held seg i TIaren
Les meir[07.02.2012]

Full aktivitet igjen måndag
Les meir[07.02.2012]

75 aktive fotballspelarar
Les meir[07.02.2012]


Teljar
Lenkjer
Utvikla av iDrift AS