SPAR Heio Cup 2010 med over 300 deltakarar |
 | | Alle får dette trofeet i SPAR Heio Cup. |
|
| |
| Sundag frå klokka 10 til 17 blir årets klare sportslege høgdepunkt på Heio nådd. SPAR Heio Cup 2010 blir avvikla og har fått rekord-deltaking. Det er påmeldt 44 lag mot 33 i fjor og det betyr truleg at deltakartalet passerer 300. Det er utruleg bra,seier cupleiinga. Forklåringa på den store deltakinga er framfor alt at kvart idrettslag stillar med fleire lag. Eit lag som ikkje har vore med før stillar og - det er Ternen. |
| |
 | | Stor innsats under cupen i fjor. |
|
| SPAR er sponsor for andre gongen og avtalen omfattar midlar og telt og i tillegg er SPAR behjelpeleg med all mat og drikke. Cupleiinga er svært fornøgd med det praktiske opplegget i samband med dette. |
| - Avtalen med SPAR betyr alt for oss i fotballgruppa og også for idrettslaget generelt, særleg etter atstøtta frå kommunen har skrumpa inn, seier leiar for fotballgruppa Jostein Hauso til uskedalen.no |
| |
| - Men kommmunen stiller vel opp med grasklyppar? |
| |
| - Jau, dei har lova å hjelpa til med klyppinga no framfor cupen, men vi har ikkje førebels fått noko svar på førespurnaden om generell hjelp til dette. |
| |
| SPAR Heio Cup omfattar aldersklassane frå 2000 til 2004 og her er det viktigaste ikkje å vinna, men å delta. Men alle deltakarane får eit bokstaveleg tala tungt minitrofe - av ein fotball. |
| |
| Cupleiinga oppmodar foreldre, besteforeldre og andre om å ta turen til Heio sundag. Oppmodinga gjeld at dei køyrer opp Døsslandsido opp og Kjerlandsido ned slik at trafikken kan bli så smidig som mogeleg. På arenaen vil dei - i tilfelle regn - kunne kosa seg under eit nytt telt som idrettslaget har kjøpt saman med Damevennene. Der og frå kiosken vil det bli seld brus, kaker, is, pølser og vaflar. |
| |
| Tilsaman omfattar arrangørstaben 40 personar - det er med andre ord eit stort apparat som skal til for avviklinga. Dette er eit høgdepunkt i året både for fotballgruppa og idrettslaget i det heile. |
| |
| Tekst og foto: Ola Matti Mathisen |
| |
. |
| |
 | | Det blir også rikeleg servering - ved foreldre og besteforeldre |
|
| |
|
|
|