 |

Vågen på slipp i Vågen | | | | | Svoldalskøyta Vågen frå Stavanger ligg no på slipp hos Ole Kristoffer Vågen i Vågen. Skuta skal gjerast rein, botnsmørjast og gjennom vanleg årleg vedlikehald.Ho er bygd i Svoldal i Kvinnherad og er 42 fot lang.
| | | | | Eigar er skipper Audun Apelseth på jekta 'Mathilde'. | På leirskuleturane sine har 'Mathilde' fast fortøyningsplass på Skorpo, i periodar fast ein gong i veka. Det er stor aktivitet i Vågen på Skorpo. | | | 'Pedro' frå Varaldsøy har nett vore oppe på slippen. Ein eldre trebåt frå Bergen ligg under presenning og skal restaurerast. | | | Det er ein stor ressurs i eit lite lokalsamfunn å ha slipp stor nok for ulike typar farty.
Tekst og foto: Kristian Olav Bringedal | | | | | | | | | | | | | | |
| |
 |