Framsida
Uskedalen Utvikling
Dette er Uskedalen
Porten til Hardanger
Gamleskulen
Aktivitetshuset
Det skjer i Uskedalen
Turstiar
Overnatting
Bilete
Historisk stoff
e-post til oss
Lag og organisasjonar
Annonsering
Tradisjonsstoff
Nyhende
Søk
 
Kontakt oss
Kontakt oss:
Ola Matti Mathisen
Tlf nr:99 37 13 25
Kontonr: 3460 07 52350
Redaksjonelt samarbeid
Husnesnett.no

1513 hjortar kan fellast dette året

Klikk på bilete for full storleik
Svein Ottar Rørheim felte 3 hjortar ved jaktstarten i fjor. (Foto: Ola Matti Mathisen)
 

Snart drar mange menn og nokre kvinner i heile Kvinnherad til skogs på jakt etter dei 1513 hjortane som politikarane har gitt fellingsløyve for dette året.
Jakta startar frå 10. september - eller  ved midnatt neste fredag.
 

Kommunen sin viltforvaltar, Leif Trygve Varanes, ventar at jegrane skal setja ny rekord i år òg, slik dei gjorde både i  2008 og i fjor.

 

– Eg ventar at jegrane i Kvinnherad greier å setja ny fellingsrekord i år óg, seier Varanes til HusnesNett, ettersom det for 2010-sesongen er ein betydeleg auke i løyvetalet.

I fjor vart det gitt løyve til felling av totalt 1350 dyr i  dei ulike jaktvalda (områda) i kommunen, medan talet i år er auka til 1513. I tillegg kjem nokre løyve knytt til bestandsplanar for ulike planområde, noko som gjev rom for felling av totalt 1620 dyr.

 

2008 vart eit rekordår for felling av hjort i Kvinnherad. Då vart det innrapportert 1076 dyr til viltnemnda. Men rekorden blei ikkje gammal, for alt i fjor melde jegrane om 1183 skotne dyr.

 

Det er aukande interesse for å vera med på jakta i Kvinnherad, kommunen med den største hjortestamma i landet. Og deter ikkje berre fastbuande som viser interesse, også folk frå andre stader kjem hit.

 

Viltforvaltaren har inntrykk av at omsetjing av jaktløyve blir meir og meir vanleg her òg.

Varanes minner om at det er grunneigarane si plikt å kontrollera at dei som går på jakt har papira i orden og at dei har avlagt den obligatoriske skyteprøven.

 

Det finst elles ein del rådyr i Kvinnherad, utan at Varanes kan talfesta det. Men han seier at Viltnemnda vil vurdera jakt på desse dyra til neste år.

 
Viltforvaltaren har ikkje eksakt oversikt over kor mange som deltek i hjortejakta, men han tippar at mellom 300 og 400, dei fleste menn, stikk til skogs.
 
Av Kristian Hus
 
Klikk på bilete for full storleik
 
 
  Tilbake

 
Siste Nyhende
Ny rekord mogeleg for skulemusikk-basaren
Les meir[04.02.2012]

Matgleder på Feet
Les meir[04.02.2012]

Sundagsskule på laurdag framleis sant
Les meir[04.02.2012]

- Ikkje lovleg vilkår av Vegvesenet
Les meir[03.02.2012]


Teljar
Lenkjer
Utvikla av iDrift AS