 |

Allidretten startar opp i veke 38 | Onsdag 22.september startar allidretten opp att. Treningstida blir som før frå kl. 19-20 i aktivitetshuset.Allidretten er for alle som går i 5.-10.klasse. | | | Programmet blir som i fjor,ganske variert. | | | Første gongen startar vi opp med terrengsykling (ikkje så avansert, då den vil føregå i området rundt skulen) og gongen etter blir det orientering. | | | Deretter blir det nok ein del ballspel i alle variantar. Klatring, turn, friidrett, dans, diverse leikar, ski, aking, styrke – og kondisjon var óg aktivitetar som stod på programmet i fjor. Her er det viktigaste å få brukt kroppen sin, sveitta og ha det kjekt i lag med andre ! | | | Vi minner óg om at fram til allidretten startar opp, er det framleis friidrettstrening på Heio kvar onsdag kl. 18 – 19. | | | | Cathrine og Steinar Haugland | | | | | | | |
| |
 |