 |

Kommunal hjelp til plenklypping? |  | | Kan kommunen hjelpe med å halda Heio så fin som dette? |
| | | | Leiar i idrettslaget Bjarte K. Døssland har no anmoda kommunen om hjelp til plenklypping på Heio. Kommunen har investert i tungt plenklypparutstyr som blant anna vert nytta i Rosendal og Husnes,på dei kommunale banane. Idrettslaget i Uskedalen spør om det kunne la seg gjere å finne ei ordning slik at kommunen tar turen oppom Uskedalen, for å slå banen her. | | | | Idrettslaget har slite kraftig i år med å halde banen klypt og tilgjengeleg for dagleg bruk. Det skuldast langeperiodar med regn, tett grasvokster og for svak plenklyppar. Arbeidet har vore utført på dugnad ibanenemnda, men det let seg ikkje gjere å halde banen godt nok nede. | | | | Idrettslaget står difor no i ein vanskeleg situasjon. Innkjøp av klyppar som er sterk nok er eit så stort økonomisk løft at det er tvilsamt om laget kan ta det på seg. | | | | Hvis kommunen seier ja til å hjelpa slik som skissert, er idrettslaget innstilt på å betala eit rimeleg vederlag. Døssland minnar om at UIL er eit lite idrettslag med tilsvarande avgrensa økonomi, men med stor aktivitet. | | | | Heio Cup går av stabelen første helga i september og slik vermeldingane er, kan det vera god bruk for krisehjelp for å få banene presentable til cupen. Difor er det behov for kjøp av klypping før cupen og laget spør kommunen om dette er mogeleg. | | | | Av Ola Matti Mathisen | | | | | | | |
| |
 |