 |

Internasjonalt på Sandakaien | | | | | Det er ikkje kvardagskost at to flotte seglbåtar - den eine frå Nederland og den andre frå Frankrike - ligg saman ved Sandakaien. Men det gjer dei no og dermed er dei med og skapar eit høgst internasjonalt miljø. | | | | Franskmannen er på rundtur rundt Nordsjøen medan hollendaren skal halda seg i Noreg dei vekene han har til disposisjon for turen. | | | | Toine Leuverink frå Enschede driv med marknadsføring til dagleg og sit med PC-en sin i båten når uskedalen.no forstyrrar han. Han er svært fornøgd med at det berre er 3 meter til stasjonen som koplar han ut på nettet. | | | | Han er også generelt svært fornøgd med Uskedalen som feriestad. Toine var her både for 4 og 2 år sidan og meiner at alt er perfekt. | | | | Han blir her eitpar dager men det avheng av veret korleis han skal nytta dei. Sist leigde han bil og tok ein rundtur. Det kan bli aktuelt no også. Men han har også sykkelen med på båten og fjelltur er eit tredje alternativ. | | | | På biletet er han igang med morgonjobben. | | | | (Foto: Ola Matti Mathisen) | | | | | | | | | | | | | |
| |
 |