Framsida
Uskedalen Utvikling
Dette er Uskedalen
Porten til Hardanger
Gamleskulen
Aktivitetshuset
Det skjer i Uskedalen
Turstiar
Overnatting
Bilete
Historisk stoff
e-post til oss
Lag og organisasjonar
Annonsering
Nyhende
Søk
 
Kontakt oss
Kontakt oss:
Ola Matti Mathisen
Tlf nr:99 37 13 25
Kontonr: 3460 07 52350

90-åring i Odalen les Uskedalsposten

Klikk på bilete for full storleik
Tormod Myklebust les Uskedalsposten.
 
På tur inn frå Sverige over Kongsvinger gjer vi eit kort stopp på Skarnes  i Odalen og møter Tormod Myklebust frå Uskedalen. 
Han er 90 år og onkel til den Tormod Olav Myklebust vi kjenner i bygda vår. 
 
Tormod på Skarnes er nr 4 i ein syskeflokk på 6, fødd i 1920 og kjem frå bruk 14 på Myklebust.
Foreldra hans er Anna og Amund T. Myklebust. 

Tormod Mykelbust fortel levande frå heimbygda, minnest godt barndomen sin, hendingar før og er godt orientert om korleis bygda har vakse fram.
Han kjenner mange på namn og kan lett sei kva tun og slekt dei kjem frå.

Tormod Olav i heimbygda sender han Uskedalsposten og på Skarnes finn vi dei i samla utgåve.

 
Det vert tid til kaffi, is og kake. Ein kjapp telefon og så er barn og barnebarn samla i stova. 

Trass si høge alder bur Tormod åleine utan heimehjelp i huset dei bygde på 1970-talet. 

 

Sjølv har han laga trappene i huset. Tormod har nemleg hatt sitt arbeid i trevareindustrien på Skarnes.

 
Det blir førebudd ein utfyllande artikkel om Tormod Myklebust på Skarnes i julenummeret til Uskedalsposten.
 
 
Av Kristian Olav Bringedal
 




 
Klikk på bilete for full storleik
Kristian Olav Bringedal møter Tormod Myklebust på Skarnes.
 
 
  Tilbake

 
Siste Nyhende
Stort sal av bygdebøker til 100 kroner
Les meir[08.09.2010]

Par frå Iowa var med og fanga 100 fiskar
Les meir[08.09.2010]

Auke i bruken av Fjelly!
Les meir[08.09.2010]

17 konfirmantar vert presenterte
Les meir[08.09.2010]


Teljar
Lenkjer
Utvikla av iDrift AS