 |

Årsrekord i båtlag-hamna | | | | | Trafikken av gjestebåtar i hamnane våre har teke seg kraftig opp no i feriemånaden juli og natt til i dag vart det årsrekord med 43 båtar i båtlag-hamna. | | | | Leiar Rolf Myklebust opplyser at det var berre nokre få ledige plassar og han er naturleg nok særs nøgd. | | | | Innsiget av gjestebåtar har vore svært godt heile den siste veka og toppen blir tydelegvis nådd no i helga. | | | | Nokon samla oversikt over kor mange båtar som har vore innom til no i år har han førebels ikkje. | | | | Biletet: Så tett var det mellom båtane utanfor Vertshuset i føremiddag. | | | | (Foto: Ola Matti Mathisen) | | | | | | | |
| |
 |