 |

Ta godt imot hjarteloddd-seljarane! | | | | | Det er lang tradisjon for eit tett samarbeid mellom skulen og helselaget om loddsal i Uskedalen og no er det klart for ein ny runde: Salet av hjartelodd. Alle elevane skal ut og selgja slike lodd no i helga og i starten av neste veke og dei har fått utdelt 500 lodd,. Det er er det same talet som skulen fekk i fjor, og då vart alle lodda selde. | | | - Elevane gjorde ein storinnsats slik dei plar gjera, seier leiar Selma Eik i helselaget til uskedalen.no. Ho går ut ifrå at dei blir blir like positivt mottekne denne gongen.
| | | Ettersom prisen pr. lodd er 30 kroner vil summen bli 15.000 om alle blir selde og elevrådet i skulen, som organiserar salet, får behalda 35 prosent. | | | | Men i år vil ikkje pengane gå til eitt eller anna godt føremål ved skulen - men til jordskjelvofra i Haiti gjennom Redd Barna. Dette var ei samrøystes avgjerd i rådet!. | | | | På biletet er elevrådet samla og klart til innsats. Tredjeklassen er ikkje representert på biletet, for dei hadde gym! | | | | (Foto: Ola Matti Mathisen) | | | | | | | |
| |
 |