Framsida
Uskedalen Utvikling
Dette er Uskedalen
Porten til Hardanger
Gamleskulen
Aktivitetshuset
Det skjer i Uskedalen
Turstiar
Overnatting
Bilete
Historisk stoff
e-post til oss
Lag og organisasjonar
Annonsering
Tradisjonsstoff
Nyhende
Søk
 
Kontakt oss
Kontakt oss:
Ola Matti Mathisen
Tlf nr:99 37 13 25
Kontonr: 3460 07 52350
Redaksjonelt samarbeid
Husnesnett.no

Vårteljing av hjort i Uskedalen

Klikk på bilete for full storleik
Ein 4 år gamal bukk bukka under ved Musland. Viltforvaltninga ber om rapport om daude dyr.
 
Kvinnherad er oppfordra frå Merke- og utviklingsprosjektet Hordahjort om å delta i ei innmarksteljing av hjort og vilforvaltar Leiv Trygve Varanes ber valda i Uskedalen om å få til eit samarbeid om ei felles teljerute og organisert teljing på seks datoar utover våren.

 

 
Ei slik teljing er noko som er gjort i andre kommunar i mange år, men i Kvinnherad er det berre enkelte avdei store planområda som har prøvt etter eigne opplegg. Det er lagt opp til teljing fyrste gong tysdag 16. mars med start klokka 23. Det blir satsa på å få til teljingar etter ei rekke faste ruter omkring i kommunen og då særleg organisert gjennom større vald med eigne bestandsplanar.
 
Varanes skriv også at det også kan vera ekstra interessant i år - etter ein lang, kald og snørik vinter - å prøva å registrera om det er stort fråfall i enkelte aldersgrupper. Han ber om rapport til viltforvaltninga dersom det blir funne daude hjortedyr.Vårteljing vil også vera ein enkel måte å registrera omfanget av innmarksbeiting og ikkje minst samansetjinga av hjortestamma og endring av presset framover våren, understrekar viltforvaltaren.
 
Av Olaa Matti Mathisen
 
 
 
  Tilbake

 
Siste Nyhende
Ny rekord mogeleg for skulemusikk-basaren
Les meir[04.02.2012]

Matgleder på Feet
Les meir[04.02.2012]

Sundagsskule på laurdag framleis sant
Les meir[04.02.2012]

- Ikkje lovleg vilkår av Vegvesenet
Les meir[03.02.2012]


Teljar
Lenkjer
Utvikla av iDrift AS