 |

Grønt lys for Halsabråtet-planen | | | | | I sitt møte i føremiddag gjekk forvaltningskomiteen samrøystes inn for at kommunestyret skal godkjenna forslaget til reguleringsplan for Nedre Halsabråtet slik han no ligg føre. Grunnlaget for kommunal eigengodkjenning er til stades, slår rådmannen fast. | | | | Komiteen har tidlegare vedteke at mønehøgda for frittliggjande og konsentrert småhusbebyggelse i området skal reuderast til maksimum 6 meter og at 2-mannsbustader skal vera i ei høgd, | | | | Det heitte i saksførebuinga at dersom det vert gjort vesentlege endringar til planforslaget, fører dette til at planen må sendast ut på ny høyring. Mindre vesentlege endringar kan gjerast utan at ny høyring er nødvendig. Forvaltningskomiteen gjorde ingen endringar i planen, men Gunn Mari Moberg (H) peika på det skrånande terrenget og spurde om ei mønehøgd på 7 meter nederst i området ville ville vera ei mindre vesentleg endring. | | | | Fleire av representantane vegra seg mot å sende saka ut på ein ny rundgang. | | | | Verksemdsleiar Tormod Fossheim: - Ved større endringar må vi leggja ut saka ein gong til. Men hvis alle naboane seier ja til 7 meter, kan vi godkjenna ho. | | | | Morten Vetvatne (V) var for at ein skulle halda seg på 6 meter. | | | | Øyvind Hardeland (Ap): - Vi har vore altfor restriktive, men gjort er gjort. | | | | Vevatne: Eg kan vera med på å sende saka ut på nytt hvis vi har vore for strenge. | | | | Hardeland: - Nei, eg vil ikkje stoppe saka. Vi kan ikkje venta lenger, no må tiltakshavaren få koma igang. | | | | Av Ola Matti Mathisen | | | | | | | |
| |
 |