Framsida
Uskedalen Utvikling
Dette er Uskedalen
Porten til Hardanger
Gamleskulen
Aktivitetshuset
Det skjer i Uskedalen
Turstiar
Overnatting
Bilete
Historisk stoff
e-post til oss
Lag og organisasjonar
Annonsering
Tradisjonsstoff
Nyhende
Søk
 
Kontakt oss
Kontakt oss:
Ola Matti Mathisen
Tlf nr:99 37 13 25
Kontonr: 3460 07 52350
Redaksjonelt samarbeid
Husnesnett.no

Ventar på lovlegvedtak

Klikk på bilete for full storleik
Kva vil skje med skulen i Herøysund?
 
Formannskapet gjorde i dag samrøystes det same vedtaket som komiteen for oppvekst, kultur og idrett - dei utsette saka om skulestrukturen til fylkesmannen har gjort lovlegkontrollen.Det var varaordførar Synnøve Handeland (V) som fremja utsettingsforslaget. 
 
- Det er viktig at det formelle er på plass i ei så omfattande sak, sa ho.
 
Elisabeth Eide Taraldsen (Frp) var samd i dette, men OIto Benjaminson (Krf) var redd for at mykje tid ville
gå tapt på denne måten og spurte om det ville vanskeleggjera planleggjinga. Kommunalsjef Kjell Nygård svara at administrasjon berre måtte tilpassa seg eit slikt vedtak.
 
Bjarne Berge (TS)  var også for å venta på lovlegkontrollen, men han trudde den var like rundt hjørnet. Ellers var han svært betenkt over dei tala som no føreligg og spesielt ein kvadratmeterpris for ombyggjing på 23.000 kroner som er nesten dobbelt så mykje som prisen dei fekk presentert for berre stutt tid sidan - 13.047 kroner. Han stilte difor spørsmålet: Har vi hatt kompetente foilk på dette?
 
Berge minte også om at det blir arbeidd for ein privat skule i Bringedalsbygda og han rekna med at politikarane ville sjå positivt på eit slikt prosjekt. Han viste til utviklingen innan private prosjekt, særleg på barnehagesektoren og var for sterkare privatsatsing på enda fleire sektorar, til dømes innan omsorg.- Det er sunt at vi satsar både på offentlege og private institusjonar, heldt han fram.
 
Kommunalsjef Nygård sa om prisauken at den var basert på offisielle tal - sist på statistikken frå 4. kvartal. Han var som Berge betenkt og sa at 'vi er nesten plaga med Bergensprisar'.
 
Av Ola Matti Mathisen
 
 
 
  Tilbake

 
Siste Nyhende
Ny rekord mogeleg for skulemusikk-basaren
Les meir[04.02.2012]

Matgleder på Feet
Les meir[04.02.2012]

Sundagsskule på laurdag framleis sant
Les meir[04.02.2012]

- Ikkje lovleg vilkår av Vegvesenet
Les meir[03.02.2012]


Teljar
Lenkjer
Utvikla av iDrift AS