Framsida
Uskedalen Utvikling
Dette er Uskedalen
Porten til Hardanger
Gamleskulen
Aktivitetshuset
Det skjer
Turstiar
Overnatting
Bilete
Historisk stoff
e-post til oss
Lag og organisasjonar
Annonsering
Nyhende
Søk
 
Kontakt oss
Kontakt oss:
Ola Matti Mathisen
Tlf nr:99 37 13 25
Kontonr: 3460 07 52350

Hjorten bukka under

Klikk på bilete for full storleik
Bukken på Musland vart eit offer for den harde vinteren.
 
Ein fire år gamal bukk som har vore observert i Musland-området dei siste dagane er no funnen død i vegkanten.Hjorten var kraftig avmagra og i svært dårleg form og er truleg eit offer for den uvanleg harde vinteren.
 
- Det er no grunneigaren si oppgåve å fjerna hjorten, seier viltforvaltar Leiv Tryge Varanes til uskedalen.no.
 
 
 Han har fått meldingar om denne hjorten fleire gonger i helga. 
 
Sjølv om vinteren er hard har Varanes så langt ikkje fått melding om fleire hjortar som har bukka under.
 
- Men det vil slett ikkje vera uventa at det etter kvart kjem meldingar om fleire døde dyr denne vinteren. Eg finn heller ingen spesiell grunn til å beklaga at dei svakaste bukkar under, seier viltforvaltaren.
 
Av Ola Matti Mathisen
 
 
 
  Tilbake

 
Siste Nyhende
Vegard med eigen konsert
Les meir[12.03.2010]

Basar-rekord i år?
Les meir[12.03.2010]

Ta godt imot hjarteloddd-seljarane!
Les meir[12.03.2010]

Usikker situasjon for Festidalen, ikkje festival i år
Les meir[12.03.2010]


Teljar
Lenkjer
Utvikla av iDrift AS