Framsida
Uskedalen Utvikling
Dette er Uskedalen
Porten til Hardanger
Gamleskulen
Aktivitetshuset
Det skjer i Uskedalen
Turstiar
Overnatting
Bilete
Historisk stoff
e-post til oss
Lag og organisasjonar
Annonsering
Tradisjonsstoff
Nyhende
Søk
 
Kontakt oss
Kontakt oss:
Ola Matti Mathisen
Tlf nr:99 37 13 25
Kontonr: 3460 07 52350
Redaksjonelt samarbeid
Husnesnett.no

Så kom kakelinna, eller?

Klikk på bilete for full storleik
 
Så kom endeleg kakelinna, med kram snø, sildrande vatn frå tak og dammar i vegane.

 

Eller er det kanskje ikkje kakelinna likevel?
 
Det står å lesa i leksikale verk at kakelinna kjem noko tidlegare på vinteren.
 
Det som nokre stader også blir kalt lefsetøvær eller lefsetøyra blir brukt om ein mildversperiode som gjerne kjem i desember, like før jul. Og kvifor det? Jo, fordi kakelinna gjennom folketradisjonen er tett knytta opp mot Tomasmesse, som er 21. desember.
 
Og kvifor heiter det kakelinna? Jo, fordi det i tidlegare tider vart hevda at kakelinna kom av all bakinga. Det var alle omnane som utløyste mildveret! Men dette er folketru som er forlatt, står det å lesa.Vi kan i alle fall vera einige om at det er eit mildver no, med opptil 5 pluss i Uskedalen.
 
Men kanskje har du andre opplysningar om kakelinna?
 
Av Ola Matti Mathisen
 
 
 
  Tilbake

 
Siste Nyhende
Ny rekord mogeleg for skulemusikk-basaren
Les meir[04.02.2012]

Matgleder på Feet
Les meir[04.02.2012]

Sundagsskule på laurdag framleis sant
Les meir[04.02.2012]

- Ikkje lovleg vilkår av Vegvesenet
Les meir[03.02.2012]


Teljar
Lenkjer
Utvikla av iDrift AS