Håvard Pedersen på veg mot mål (Foto: Kvinnheringen)
Rundt rekna ein tredjedel av dei 60 som stilte opp i barneskirennet i Fjellhaugen i føremiddag var frå Uskedalen. 20 av dei kom frå vår bygd, det var ein svært imponerande andel.
Også i karusellrenn nummer to denne sesongen, som vart avvikla etterpå med knapt 70 deltakarar, var Uskedalen godt representert.
Uskedelingar klare til start i Fjellhaugen i dag (Foto: Tor Edward Taranger)
Tilsaman stilte det altså 130 til start og det må innregistrerast som eit nytt prov på at dei gode snøtilhøva i kommunen denne vinteren har hatt ein svært gunstig innverknad på skisporten.
Kåri Bråtun er ei lovande langrennsjente. (Foto: Tor Edward Taranger)
Det var Matre IL som hadde ansvaret for dette rennet og som kom bra frå oppgåva. Det var godt med snø og fine tilhøve, men litt laust i sporet.
Oddmund Soldal vann klassa si. (Foto: Tor Edward Taranger)
Den raskaste på 10-kilometeren denne gongen var Ternens Håvard Pedersen, som gjekk på 28,51 og var klart betre enn klubbkameraten Iver A. Blokkum.
Av uskedelingane var Veslemøy Haugland med i klassa 10 år og yngre.
Solveig Haugland vart nummer 2 i klasse 11 år medan Kari Bråtun var den einaste i klasse 14 år.
I trim for herrar over 50 vart Kurt Haugland nummer 4.
Oddmund Soldal vann klassa 41-46 og gjekk 10 kilometer på 34,10..
Tormod Myklebust vann klasse 56-60 foran Bjarne Lilleaas. Dei hadde tidene 35.49 og 38.39.
Pål Haugland var den einaste i klasse 61-65 og gjekk på 38.15.
Denne teljaren viser maskiner som er innom pr dag ( og kvar maskin vert berre teld ein gong same kor mange gonger den besøkjer sida), og ikkje kor mange gonger sidene vert vist.