Framsida
Uskedalen Utvikling
Dette er Uskedalen
Porten til Hardanger
Gamleskulen
Aktivitetshuset
Det skjer i Uskedalen
Turstiar
Overnatting
Bilete
Historisk stoff
Spørjeundersøking
e-post til oss
Lag og organisasjonar
Annonsering
Nyhende
Søk
 
Kontakt oss
Kontakt oss:
Ola Matti Mathisen
Tlf nr:99 37 13 25
Kontonr: 3460 07 52350

Brassfestivalen – eit musikalsk og sosialt blinkskot!

Klikk på bilete for full storleik
Frida Nybakk og Martin Y. Røssland var på sin første korpstur og gjorde ein flott innsats. (Foto: Thor Inge Døssland)
 
Sist helg var om lag 330 korpsungdommar frå 18 korps samla på Karmøy Brassfestival.  30 av desse kom frå Uskedalen, Husnes og Rosendal. Det er 4. gang Uskedal er med på festivalen, og dei fleste hadde vore med på den fleire ganger. 
 
Klikk på bilete for full storleik
Deler av storkorpset under avslutningsnummeret, dirigert avPål Magne Austnes. (Foto: Thor Inge Døssland)

Frida Nybakk og Martin Y. Røssland var festivalen for første gang, og dei gjennomførte festivalen på ein flott måte.  Det musikalske fiksa dei godt, og dessutan klarte dei seg fint i det sosiale fellesskapet saman med dei meir erfarne.

 Mykje øving  under leiing dugande dirigentar som Yngve Nikolaisen, Pål Magne Austnes, Øyvind Husebø og Jan Magne Olsen var berre noko av det uskedelingane  fekk ta del i.  Brassfestivalen på Karmøy har eit godt og variert program spekka med sosiale aktivitetar og musikalske godbitar.

 

Svært viktig er det at korpsungdommane at dei kjem ut og treffer musikkvener frå Rogaland og Sunnhordland.  Dei får spela i gode korps samansett etter alder. Dei blir kjende med dei same jamaldringane gjennom ulike  sosiale  aktivitetar.  Mange treffer og  att ”gamle kjente” frå sommarkurs, tidlegare festivalar og frå andre korpstreff.  Det er mange gode grunnar til at korpsungdommane kjem att år etter år.

Slagverkseminar og tilbod om ”Sitt inn”-øving med Stangaland Brass var elles tilbod musikarar var med på.

 

Gode musikkoplevingar vart og presentert for publikum.  I år fekk dei unge deltakarane  oppleva eit forrykande ABBA-show fredagskvelden.  Det vart presentert av Stangaland Brass med dei to sangsolistane Helene Bonander og Hanne Sandal. Då var dei liv og røre, dansing og klapping frå dei unge framfor scenen.  Det var skikkeleg høg temperatur!  Vi er imponert over kor dyktige Stangaland Brass er til å treffa sitt unge publikum med festkonsertprogrammet dei presenterer kvart år!!

 

Mykje flott musikk vart og presentert på avslutningskonserten søndag ettermiddag.  Då presenterte dei ulike  festivalkorpsa noko av det dei hadde øvd  inn i løpet av helga.  Dei yngste imponerte skikkeleg og gav konserten ein flott start.  Å vera med på dette var nok ei stor oppleving for Martin, Frida og dei 71 andre musikarane i gruppa. Etter dette presenterte dei ulike alderssamansette korpsa den eine perla etter den andre. 

 

 Eit nummer som festa seg ekstra godt var den nydelege ephonium-soloen ”My Fanwy”  framført av Marius L. Torjusen.  Utruleg vakkert, og svært godt framført!  Det var det einaste solostykket under konserten, men Vegard Døssland var tildelt solistinnslag i den svingande ”The old Gumbie Cat” i eit arrangement av Pål Magne Austnes.  Også han kom godt frå oppgåva.  Konserten vart avslutta med at 250 musikarar framførte Maynard Ferguson-slagaren ”Chameleon”, - eit rockenummer med skikkeleg trøkk.

 

Innimellom det oppsette programmet kunne ein del av oss oppleva meir spontane øvingar og framføringar.  Det svinga skikkeleg lørdagskvelden då brørne Sebastian og Marius L. Torjusen og Vegard Døssland slo seg saman Elisabeth N. Fylkesnes(Langeland sk.korps) og 4 Stavangerjenter.  Ikkje rart at både Ulf Rosenberg, president i Europeiske Brass Band organisasjonen, og andre leiarar og musikarar tok seg god tid for å kosa seg med det som vart framført i øvingsrommet!

 

Bading i Karmøyhallen, bingo, diskotek er utfyllande  element i festivalprogrammet.  Mange set pris på desse aktivitetane, men vel så viktige er dei meir uformelle aktivitetane som alle dei positive  ungdommane skaper i fellesskap. Liten og stor, 10-åringen og 19-åringen, er  med i same båt. 

Det er flott å vera vitne til dette utviklande felleskapet på tvers av aldersgrenser.

 

 Av Thor Inge Døssland

 
Klikk på bilete for full storleik
Spontanøving med interesserte tilhøyrarar. (Foto: Thor Inge Døssland)
 
 
  Tilbake

 
Siste Nyhende
Uskedeling med storverk om fjordabåtane
Les meir[31.07.2010]

Internasjonalt på Sandakaien
Les meir[31.07.2010]

Tagging på Skorpetrollet
Les meir[31.07.2010]

Kantslått også om natta
Les meir[30.07.2010]


Teljar
Lenkjer
Utvikla av iDrift AS